Haplogruppe l1 på Søre Sunnmøre

Endeleg ny post – anna jobb har gjort at eg har måtte setje denne sida litt på pause, men eg er tilbake!

I dag skal eg snakke både lokalt og litt meir generelt – om haplogruppe I1. Og for alle dykk som datt av på ordet “haplogruppe”: ei haplogruppe er ei nemning på ei gruppe menneske som alle er etterkomarar i direkte linje frå ein spesiell person tilbake i historia som tilfeldigvis var født med ein mutasjon på DNA-et. Namnet på haplogruppa har ein bokstav fyrst, deretter eit tal, bokstav, osv. Ein har slike haplogrupper for morslinjer også.

Haplogruppe I1 er den vanlegaste mannlege haplogruppa blant menn med norsk farslinje – omlag 35-40% høyrer til denne, meg inkludert. Dermed er også denne ikkje overraskande den største gruppa i området vårt. For meir interessant info om I1 kan du gå inn på Norgesprosjektet DNA sine nettsider: https://www.norwaydna.no/y-dna/y-haplogrupper/i1-ydna/

og endå meir her: https://www.eupedia.com/europe/Haplogroup_I1_Y-DNA.shtml

Annonse

Enkelt sagt kan me seie at alle desse I1-folka som er i oversikta under kjem frå samme stamfar ein stad kring Schleswig-Holstein for kanskje 4000 år sidan, men at det har utgreina seg til eit større tre – og at dei største greinene gjekk tidleg inn i Sverige og vidare inn i Noreg. Kven denne guten som var opphavet til ei stor og viktig haplogruppe var veit vi ikkje – men at han fanst er heilt sikkert.

For ei oversikt over kor mange eldste aner vi veit høyrer til I1, kan du sjå på bileta under. Der ser du den eldste anen i rein farslinje til ei rekke testarar, og mange av namna du ser er heilt sikkert forfedrene til dei aller fleste i området – kanskje deg også. Eg har tidlegare posta ein post om Kristoffer Ellingsson Øvsteberget, som også var I1 og store delar av illustrasjonen der ville vere like gyldig for alle desse i oversikta. Den aller første posten var også ei samling av I1-personar.

I oversikta ser du kanskje at nokre namn vert gjentekne, som t.d. Ole Eriksson Langvatn. Det er fordi fleire med samme ane har testa seg. Fordelen med dette er at ein får testa om slektsgranskinga stemmer – eller, som vi ved nokre få høve oppdagar, om presten eigentleg har fått vite om alt! Om det er treff mellom to testar med samme eldste ane, kan vi stadfeste at slektsgranskinga stemmer tilbake til første felles ane. Dette kallar vi brødresplittar – der to linjer skil seg frå farslinja. Dette kjem også fram i oversikta. Eg kjem til å snakke meir om nokre av testane seinare.

Framleis er det mange linjer som treng testast, så ikkje ver redde for å ta kontakt om du vil bestille ein test og vil vite korleis ein går fram – eller du vil vite kven som er din eldste ane. Hugs at din eldste ane er vår felles historie, og den går du og ber på! 🙂