Mitt Afrikanske DNA Volda / Valdres 24-25
Kortversjon
Nokre av elevane ved Volda og Valdres vidaregåande skular har gjennom prosjektet Mitt Afrikanske DNA fått kartlagt sine eldste mors- og farsliner. Det var stor spreiing i DNA-resultata – med fleire overraskingar! Resultata viser både lokale røter og globale samband, med linjer frå både Kina, Midtausten, Brasil og Sibir – og ikkje minst kan vi trekke linje frå vikingtid, bronsealder og istid fram til i dag.
Stor spreiing i resultat – og nokre overraskingar!
Skuleåret er snart omme og i 2024-25 deltok elevar frå Volda vidaregåande skule og Valdres vidaregåande skule i det genetiske prosjektet Mitt Afrikanske DNA. Gjennom analysar av mitokondrie-DNA (mtDNA) og Y-DNA har elevane fått innsikt i sine djupaste røter, og vi har fått eit innblikk i korleis genetiske linjer har spreidd seg og etablert seg i Noreg gjennom dei siste tusenåra og fram til i dag.
Mitt Afrikanske DNA er eit unikt prosjekt for VG3 vi gjort på Volda VGS sidan 2016-17, og i 2023 vann vi den gjeve prisen “Årets Historieundervisningspris” gjeve av HIFO (Den Norske Historiske Forening). Eg er i dialog med nokre fleire skular her i landet, og forhåpentlegvis er dette også eit prosjekt som dukkar opp på andre vidaregåande skular enn Volda og Valdres. Om du ynskjer å få dette i gong hos din VGS – ta kontakt.
Det er sopass mange resultat at eg presenterer skulane kvar for seg, først Volda (31 testarar) og deretter Valdres (16 testarar). Testarane sine namn er sjølvsagt anonymiserte, så det er deira eldste ane i rein fars- eller morslinje som representerar dei. Gutane har testa 37 markørar, med nokre unntak som har vore så heldige å få sponsa ein Big Y-700, medan jentene har tatt mtFull. Skulane står for testar til fem gutar og fem jenter, der gutane testar Y-DNA og jentene mtDNA (vel vitande om at også gutar kan teste mtDNA, men vi vil at det ikkje skal vere eit fortrinn). Resten er testar som bedrifter eller privatpersonar har sponsa – tusen takk til desse, og sponsorbedriftene vert nemnde undervegs. Vi byrjar med kvinnene:
Volda vidaregåande skule
Morslinjer Volda VGS (mtDNA)
Dette er dei 19 morslinjene som vart testa:
Synneve Nilsdotter Heltne (c1675), Volda, Møre og Romsdal
Guri Larsdotter Ulvestadnakk (c1650), Volda, Møre og Romsdal
Mette Andersdotter Rjånes (c1660), Ørsta, Møre og Romsdal
Gjertrud Torsdotter Masdal (c1670), Vartdal, Møre og Romsdal
Randi Ellingsdotter Årskog (c1665), Vartdal, Møre og Romsdal
Randi Askjellsdotter Kvistad (c1660), Hjørundfjorden, Møre og Romsdal
Anne Pedersdotter Hjøringdal (c1680), Hareid, Møre og Romsdal
Ragnhild Larsdotter Frøysa (c1650), Sunnylven, Møre og Romsdal
Anne Olsdotter Eidså (c1570), Vanylven, Møre og Romsdal
Marie Olsdotter Rønneberg (c1650), Norddal, Møre og Romsdal
Berte Svendsdatter Gaas (1599), Norddal, Møre og Romsdal
Gjertrud Hansdotter Gribbestad (c1620), Veøy, Møre og Romsdal
Ingeborg Eriksdotter Erdal (c1725), Stryn, Sogn og Fjordane
Marte Hansdatter Mæhlum (c1710), Ringsaker, Hedmark
Sissel Thomasdatter Skjernøysund (c1625), Mandal, Agder
Torbor Jonsdatter Hogganvik (c1700), Mandal, Agder
Ane Pettersdatter Storsvea (c1723), Nærøy, Trøndelag
Marit Kristoffersdatter Sortland (c1719), Borge i Lofoten, Nordland
Ukjend frå Belém i Brasil
Vi delar dette opp i haplogrupper, men fyrst ei lita forklaring av det som kjem. Bak elevnummeret kjem elevens unike testnummer hos Family Tree DNA i parentes. Går ein inn på prosjektsidene til Mitt Afrikanske DNA her kan ein sjå alle resultat frå elevar og lærarar som har meldt vore med på prosjektet til no. Vidare kjem kva haplogruppe eleven høyrer til, kven som er elevens eldste ane og ei kort forklaring av resultata.

Haplogruppe H – Europas mest utbreidde linje
8 av dei 19 jentene frå Volda hadde mtDNA-haplogruppe H, som oppstod for om lag 20 000 år sidan i Sørvest-Asia og spreidde seg til Europa med dei første jordbrukarane. Meir om haplogruppe H på Norgesprosjektet DNA sine sider.
LÆRAR 1 (BP75782) H1a3b5: Eldste kjende ane er Mette Andersdotter Rjånes (ca. 1660) frå Ørsta. Denne linja oppstod hos ei jente fødd kring år 650 og har truleg vore på Sunnmøre minst sidan vikingtida. Denne jenta er og stammor til to andre sunnmørslinjer; Marte Sjursdotter Ekreim (ca. 1700) frå Vanylven og Ingeborg Olsdotter Volstad (1701) frå Ellingsøya.
ELEV 1 (BP80580) – H1a3c1b1: Eldste ane er Berte Svendsdotter gift Gaas (ca. 1599) frå Norddal. Denne greina oppstod i Danmark rundt år 1250 og må ha kome til Noreg etter dette. Truleg kome til Noreg frå ei «finare» slekt og Berte vart gift til prestefamilien Gaas. Denne vart sponsa av Norsk Slektshistorisk Forening.
ELEV 2 (BP80570) – H1b1: Eldste ane er Randi Askjellsdotter Kvistad (ca. 1660) frå Hjørundfjorden. Eit ganske generisk resultat som gjer det vanskeleg å sjå klart korleis det har vore siste 1000 åra. Denne linja oppstod kring 1600 f.Kr. i Danmark/Tyskland og har truleg vore på Nordvestlandet sidan vikingtida. Vi kan koble to andre Hjørundfjordsgreiner til Randi; Anne Knutsdotter Viddal (c1675) og Anne Olsdotter Viddal (c1640) – men kor nære desse er er vanskeleg å konkludere med. Ein liten fun fact: Ludwig van Beethoven var også H1b1!
ELEV 3 (BP75755) – H1c3s: Eldste ane er Gjertrud Torsdotter Masdal (ca. 1670) frå Vartdal. Denne greina oppstod hos ei jente fødd kring 1070 e.Kr. på Sunnmøre og har linja sterke lokale røter. Det er fleire andre lokale linjer som er etterkommar av denne jenta frå slutten av vikingtida; Lisbet Olsdotter Årskog (ca. 1650) frå Vartdal og Oline Nilsdotter Ytreflø (ca. 1765) frå Ulstein. Denne testen var sponsa av Vartdal Plast.
ELEV 4 (BP75754) – H1m1a1: Eldste ane er Randi Ellingsdotter Årskog (ca. 1665) frå Vartdal. Vi valgte ut denne for å sjå om Randi og systera Marte Ellingsdotter (ca. 1650) hadde samme mor. Det hadde dei! Denne linja oppstod kring 1200 e.Kr. i Nord-Europa og har truleg vore på Nordvestlandet sidan før år 1300. Der er fleire lokale sunnmørstreff som også stammar frå jenta på 1200-talet; Ingeborg Olsdotter Lynge (c1730) frå Vartdal, Siri Olsdotter Arset (c1692) frå Sande/Vanylven, og Marte Paulsdotter Krabbesti (1781) frå Vanylven. Denne testen var også sponsa av Vartdal Plast.

ELEV 5 (BP80574) – H1o1: Eldste ane er Gjertrud Hansdtr. Gribbestad (ca. 1620) frå Veøy, Romsdal. Denne greina oppstod kring 320 f.Kr. og er mest vanleg i Noreg, noko som tyder på ei gammal skandinavisk grein som har vore på austlandet og kome til Romsdal via dalane oppover. Der er ein del irske treff – men desse er nok gamle. Denne vart sponsa av ein Romsdalsinteressert medlem av Norgesprosjektet DNA.
ELEV 6 (BP80581) – H3g1g: Eldste ane er Sissel Thomasdtr. Skjernøysund (ca. 1625) frå Mandal, Agder. Denne linja oppstod kring 1100 f.Kr. i dagens Tyskland og har vore på reise via England før ho kom til Sørlandet. Dei norske treffa kan tyde på at den har vore i Noreg minst sidan 1300-talet. Denne vart sponsa av ein privatperson i Norgesprosjektet DNA.
ELEV 7 (BP75756) – H7l2a: Eldste ane er Marit Kristoffersdtr. Sortland (ca. 1719) frå Borge, Lofoten. Denne sjeldne greina oppstod kring 970 f.Kr. i Sør-Europa/Balkan og har få kjende etterkommarar på verdsbasis. Dette gjer det også vanskeleg å tolke kor tid denne linja vart norsk. Ingen andre norske treff. Denne vart sponsa av ein slektsinteressert privatperson.
Haplogruppe J1c – Med røter i Nederland
Fire elevar hadde denne gruppa, med ei felles formor fødd i Nederlandsområfet kring 7550 f.Kr. Her er meir om haplogruppe J på Norgesprosjektet DNA sine sider.
ELEV 8 (BP80571) – J1c2: Eldste ane er Torbor Jonsdtr. Hogganvik (ca. 1700) frå Mandal, Agder. Denne linja oppstod kring 2130 f.Kr. i Vest-Europa og har vore i Noreg i minst 7–800 år. Ein fun fact her er at den britiske kongen Richard III også var J1c2, som både Torbor og Ragnhild, som du kan lese om under.
ELEV 9 (BP80575) – J1c2e: Eldste ane er Ragnhild Larsdtr. Frøysa (ca. 1650) frå Sunnylven. Denne greina oppstod kring 1510 f.Kr. i området Tyskland/Danmark og har spreidd seg over heile Europa. I utgangspunktet kom eg meg berre tilbake frå eleven til ei Guro Larsdotter, fødd kring 1725 som skulle vere frå Frøysa. Men her fekk me eit treff med ein person som kunne spore linja si tilbake til Ragnhild Larsdotter Frøysa, fødd kring 1660. Etter god hjelp frå lokalhistorikar Tor Myklebust kan me no via DNA stadfeste at Ragnhild var mormora til Guro, og at Guros foreldre var Lars Halkjelsson Par/Frøysa og Anne Amundsdotter Frøysa. Denne vart sponsa av ein lokalinteressert person i Norgesprosjektet DNA.
ELEV 10 (BP80582) – J1c3ag1: Eldste ane er Marte Hansdatter Mæhlum (ca. 1710) frå Ringsaker, Hedmark. Denne greina oppstod kring år 600 på Austlandet og har spreidd seg over det meste av Austlandet. Mæhlum-slekta har også store forgreiningar på Sunnmøre ettersom Martes barnebarn, Berte Larsdotter Skappel, kom frå Ringsaker til Herøy og fekk stor etterslekt der, mellom anna vår elev.
LÆRAR 2 (BP75759) – J1c4aa: Eldste ane er Marit Olsdotter Rønneberg (ca. 1650) frå Norddal. Denne greina oppstod kring år 500 e.Kr. hos ei jente som truleg var norsk og høyrer til ei Sunnmørsgruppering med anar frå Norddal, Sykkylven og Ørsta. Ørsta-greina endar opp på Ingeborg Pedersdotter Brautaset (ca. 1695).
Haplogruppe T2 – Med opphav i Tyrkia
Tre elevar fall inn her – og to av dei i ei lokal gruppering. Du kan lese meir om haplogruppe T på Norgesprosjektet DNA sine sider.
ELEV 11 og 12 (BP80577 og BP80569) – T2b23b2a: Eldste aner er Guri Larsdotter Ulvestadnakk (ca. 1650) og Synneve Nilsdotter Heltne (ca. 1675) frå Volda. Sidan det er sopass mange testa morslinje i Volda, er det alltid spennande å sjå om nytesta eldste aner vil henge seg på ein eksisterande. Det gjorde desse to – til og med på kvarandre! Denne greina har utspring i Volda, særleg Dalsfjord/Folkestad-området, og har vore i området sidan 14–1500-talet. Før dette har den nok reist via Polen og vore der over lang tid. Dei eldste anene som høyrer til denne, i tillegg til Guri og Synneve er; Gjertrud Bjørkedal (ca. 1610), Gjertrud Jonsdotter Åmelfot (ca. 1680), Mette Steffensdotter Bjørkedal (ca. 1640) og Synneve Pedersdotter Gjerde (ca. 1675) frå Sande. Guri-testen vart sponsa av oss i FjordDNA.
ELEV 13 (BP80568) – T2f5a: Eldste ane er Anne Olsdtr. Eidså (ca. 1570) frå Vanylven. Dette var ei linje eg har ønska å teste lenge, så då den kom opp blant elevane våre var det ein no-brainer. Det er mange som ættar frå denne kvinna. Denne linja oppstod kring år 1190 på Sunnmøre og har røter i Storbritannia før ho kom til Sunnmøre. Treffa eleven får er to frå Ørskog – elles er det Brit Ivarsdotter Åsen (ca. 1682) frå Sunnylven og Brite Mortensdotter Rønnestad (ca. 1660) frå Volda.
Haplogruppe U5 – Jegerar og sankarar
U5 vert assosiert med nokre av dei fyrste nolevande linjer som busette seg i Europa. Her kan du lese meir om haplogruppe U5.
ELEV 14 (BP75787) – U5a1a1g5a1: Eldste ane er Ingeborg Eriksdtr. Erdal (ca. 1725) frå Stryn. Denne gamle skandinaviske gruppa kom inn i Europa tidleg og har vore i Skandinavia sidan istida. Kring vikingtida har den kome frå Sverige heilt til Vestlandet. Her er det ei stor gruppe etterkommarar av ei jente som truleg kom frå Nordfjord og var fødd kring år 1375. Med eit par unntak frå Nordmøre er dei kring 20 testa etterkommarane frå Nordfjord. Denne vart sponsa av privatperson i Norgesprosjektet DNA.

ELEV 15 (BP80755) – U5a1i1: Eldste ane er Ane Pettersdtr. Storsvea (1723) frå Nærøy, Trøndelag. Denne greina oppstod kring 1980 f.Kr. i Skandinavia og har vore i Sverige lenge før ho kom til Noreg. Resultata er litt generiske og er difor vanskeleg å tolke eintydig.
Andre spennande funn
ELEV 16 (BP80576) – K1a3i2’3: Eldste ane er Anne Pedersdotter Hjøringdal (ca. 1680) frå Hareid. Denne linja oppstod kring 650 f.Kr. ved Nederlandskysten og har etterkommarar i fleire europeiske land. Utgangspunktet for å plukke denne eleven var å kunne prove ei usikker kobling i Hareid mot slutten av 1700-talet. Ein annan testar hadde prova at Anne Gulliksdotter var dotter til Gullik Pedersson Bjåstad og Brit Knutsdotter Gjerde. Hos vår elev kunne eg spore linja bak til ei Eli Gulliksdotter som bygdeboka meinte var frå Skeide. Det fekk eg ikkje til å stemme, og eg mistenkte at Eli var frå Bjåstad – for der var ei Elen Gulliksdotter ugift i 1799. DNA-resultata kan stadfeste mistanken – Eli var heilsyster til Anne Gulliksdotter. Norgesprosjektet DNA har meir info om haplogruppe K. Denne vart sponsa av FjordDNA.
ELEV 17 (BP80572) – D1l’y: Eldste ane frå Belém i Brasil. Denne sjeldne linja har vore i Amerika sidan 20 000 f.Kr. og er av dei fyrste amerikanarane. Den siste mutasjonen per i dag er frå kring 12 000 f.Kr. og oppstod i Sør-Amerika. Dei næraste er brasilianske, men mange treff frå Peru også. Her kan du lese meir om haplogruppe D på Wikipedia.
Farslinjer Volda VGS (Y-DNA)
Dette er dei eldste anene til dei 12 elevane som testa seg:
Lars Knutsson Hjelle (c1680), Volda, Møre og Romsdal
Amund på Håvoll (c1540), Ørsta, Møre og Romsdal
Jon Knutsson Kvien (c1715), Vartdal, Møre og Romsdal
Knut Jonsson Eikrem (c1618), Vanylven, Møre og Romsdal
Håvard Sakariasson Ringdal (c1640), Sunnylven, Møre og Romsdal
Peder OIsson Navelsaker (c1662), Eid, Sogn og Fjordane
Simen Matiassen (c1697), Nordfjord/Selbu, SFJ/TRL
Olav Svenkesson Askland (c1658), Åmli, Agder
Lars Larsson Pohjanen (c1510), Torneå, Sverige/Finland
Ukjend frå Lipowiec Koscielny, Polen
Ukjend frå Sicilia, Italia
Ukjend frå Shenyang, Liaoning, Kina

Haplogruppe I1 – Den norske klassikaren
To elevar hadde I1, den vanlegaste i Noreg. Her er meir info om haplogruppa.
ELEV 18 (BP80565) – I1-M6155: Eldste ane er Simen Matiassen (ca. 1697) frå Selbu. Kjeldene seier at han kom frå Nordfjord, som er eit godt testa område. Håpet var å kunne finne DNA-spor som også knyt linja til Nordfjord. DNA-undergruppa M6155 oppstod sentralt i Sverige hos ein gut fødd kring år 150 og har truleg spreidd seg til Noreg ein gong etter år 1000. Undergruppa er ikkje uvanleg på Vestlandet, men er like vanleg i Trøndelag. Difor kan me ikkje seie meir om opphavet Simen utan å oppgradere til Big Y.
ELEV 19 (BP80579) – I1-F3312: Eldste ane er Olav Svenkesson Askland (1658) frå Åmli, Agder. Denne undergruppa oppstod i Sverige kring 750 f.Kr. og har vore i Sverige ei god stund før ho kom til Noreg. Det er fleire fun facts med denne undergruppa. For det fyrste er denne også knytt til Ivar Aasen og ei gruppe med etterkommarar på Sunnmøre. Det andre er at det også er samme undergruppe som den omtalte “Brønnmannen” på Sverresborg i Trondheim. Før antok ein at han var trønder og kanskje ein birkebeiner. Nye DNA-analysar har derimot vist at han sannsynlegvis kom frå Agder. Analysane viser at han hadde blå auge, lys hud og lyst hår. Mannen, som døydde i slutten av 30-åra, var robust og mellom 1,75 og 1,8 meter høg. Eleven og Sverresborgmannen høyrer til samme haplogruppe (I-F3312), og med tanke på at begge sine aner skal ha vore frå Agder er det jo nærliggande å tenke at dei kan ha vore etterkommarar av samme person mykje nærare enn haplogruppa tilseier. Denne hadde også vore spennande å oppgradert til Big Y! Denne vart sponsa av privatperson i Norgesprosjektet DNA med interesse for Agder.
Haplogruppe I2 – Nordfjordsarven
ELEV 20 (BP80563) – I-FTD40632: Eldste ane er Lars Knutsson Hjelle (ca. 1680) frå Austefjorden i Volda. Denne linja har vore i Nordfjord sidan minst år 500 og kom til Noreg via Sverige kring år 200. I Nordfjord er denne linja knytt til Hardbog-ætta og inneheld mykje spennande historie. Mykje peikar mot at denne har vore her på Vestlandet sidan før vikingtida. Les meir om haplogruppa på Norgesprosjektet DNA sine sider. Denne eleven fekk sponsa ein Big Y-test av I2-prosjektet på Family Tree DNA.

Haplogruppe N – Sibirsk til Sunnmøre
Tre elevar var etterkommarar av ein gut fødd nordaust for Moskva kring 2700 f.Kr. Her kan du lese meir om haplogruppe N.
ELEV 21 (BP80567) – N-VL62: Eldste ane er Lars Larsson Pohjanen (ca. 1510) frå Torneå, Sverige/Finland. Denne undergruppa oppstod kring år 150 i Finland og har reist nordover til Torneå. Det finnast mange undergrupper av VL62, og det vanskeleg å seie sikkert kva undergruppe eleven høyrer til utan oppgradering av testen.
ELEV 22 (BP80573) – N-BY195486: Eldste ane er Peder Olsson Navelsaker (ca. 1662) frå Eid. Denne lokale Nordfjord-greina kom dit kring vikingtida. Det er ei relativt stor gruppe med treff frå Nordfjord og sidan denne eleven også har fått sponsa ein Big Y-test frå ein privat sponsor vart det mogleg å plassere han som etterkommar av ein gut fødd i Nordfjord kring 1430.

ELEV 23 (BP80583) – N-Y6077: Eldste ane frå Lipowiec Koscielny i Polen. Denne undergruppa oppstod i Polen rundt år 300 og har til liks med dei over røter i Mongolia og Sibir. Av dei to N-resultata over er han nærast den med eldste ane frå Navelsaker. Deira vegar splittast med to brødre fødde kring 890 f.Kr. i Baltikum.
Haplogruppe J – Midtausten til Sicilia
ELEV 24 (BP75740) – J-YSC0000235: Eldste ane er ukjend men mest truleg frå Sicilia, Italia. Denne undergruppa oppstod i Saudi-Arabia kring 3700 f.Kr. og har vore i Italia i minst 1000 år. Denne har vandra litt omkring Midtausten, men mest nord i Arabia og langs Middelhavet, heilt til Alexandria i Egypt. Her er meir info om haplogruppe J. Denne vart sponsa av ein privatperson.
Haplogruppe O – Kinesisk urspor
ELEV 25 (BP80584) – O-M175: Eldste ane frå Shenyang, Liaoning i Kina. Sjølv om haplogruppe O er vanleg i Kina og Asia har eleven ingen treff på noko nivå, som peikar mot at linja anten er sjeldan og/eller at det er få etterkommarar av elevens anar som har testa seg. Begge deler er sannsynleg. Utan oppgradering til Big Y vert det vanskeleg å seie noko meir før det kjem ev. treff i framtida. Om du vil vite meir om haplogruppe O, kan du lese dette. Denne vart sponsa av privatperson i Norgesprosjektet DNA.
Haplogruppe R1b – Irsk til Sunnmøre
Fire elevar hadde ulike R1b-grener, med tydeleg tilknyting til og irske røter. Her er meir om denne ganske vanlege norske haplogruppa.
ELEV 26 og 27 (BP80578 og BP80564) – R1b-BY4683: Eldste aner er Håvard Sakariasson Ringdal (ca. 1640) frå Sunnylven og Knut Jonsson Eikrem (ca. 1618) frå Vanylven. Denne linja var i Alpane kring 2850 f.Kr. og reiste nordover mot Danmark og vidare til Noreg og Sverige kring år 1000 f.Kr. Mutasjonen BY4683 oppstod kring 200 f.Kr. og er mest utbreidd i Noreg og Sverige, med ei lita hovudvekt i Noreg, som kan tyde på at den har vore i grensetraktene over lang tid før og etter 200 f.kr. At dei to elevane med anar frå Vanylven og Sunnylven fekk samme resultat er heilt tilfeldig, og truleg går denne splitten mellom desse heilt tilbake til kring år 0 ein annan stad i landet enn her vest. Denne vart sponsa av FjordDNA og ein privatperson i Norgesprosjektet DNA.
ELEV 28 (BP75752) – R1b-Y81853: Eldste ane er Jon Knutsson Kvien (ca. 1715) frå Vartdal. I kjeldene står det at Jon Knutsson truleg skulle vere frå Myklebust i Ørsta. Der var det ingen høvelege kandidatar, men eg fann ein høveleg på Bjørdal med ein far frå Myklebust. Ein DNA-test kunne prove dette, og dermed vart denne eleven plukka ut. Testen viser at Jon Knutsson kom frå Bjørdal, og fører slekta tilbake til Knut Jetmundsson Øy, fødd kring 1570 i Follestaddalen. Vidare viser resultata ei særskild grein med mange etterkommarar i Volda og Ørsta, og at linja truleg kom frå Irland i vikingtida. Denne testen var sponsa av Vartdal Plast.
ELEV 29 (BP80566) – R1b-BY64491: Eldste ane er Amund Håvoll (ca. 1540) frå Ørsta. Denne greina har tydelige spor etter ei irsk linje som kan ha kome til Noreg kring år 800. Det er fleire lokale eldste aner som har denne mutasjonen, noko som tyder på ei vikingtidsrotfesta etablering her på Sunnmøre. Det hadde vore spennande å oppgradere denne testen til Big Y for å sjå akkurat kvar den havnar i den lokale klynga med resultat.

Valdres vidaregåande skule
Det er fyrste året Valdres VGS er med, og dei vart med etter god hjelp frå Valdresmusea som i aller høgste grad var med på spleiselaget. Både FjordDNA og skulen håpar på framhald neste år, om økonomien tillet det!
Morslinjer Valdres VGS (mtDNA)
Dei åtte jentene som testa seg hadde desse eldste anene:
Turid Eriksdotter Midtre Fødnes (c1627), Nord-Aurdal, Oppland
Ragne Knutsdotter Gøe (c1766), Nord-Aurdal, Oppland
Anne Andersdotter Tronhus (c1732), Sør-Aurdal, Oppland
Ragnhild Eriksdotter Velle (c1668), Vågå, Oppland
Ukjend ane med adoptert mormor frå Oslo
Karen Hansdatter (c1790), Kristiansand, Agder
Margrete Jakobsdotter Riis (c1630), Skee, Sverige
Ukjend ane frå Damaskus, Syria
Også blant jentene frå Valdres vidaregåande skule finn vi eit breitt spekter av genetiske røter – både lokale, kontinentale og meir eksotiske.

Haplogruppe H – Den gamle europeiske morlinja
Fire av dei åtte Valdres-jentene hadde variantar av Europas vanlegaste haplogruppe; H.
ELEV 1 (BP75774) – H1at1a1: Eldste ane er Turid Eriksdtr. Fødnes (ca. 1627) frå Nord-Aurdal. DNA viser at denne linja oppstod i Irland kring år 750, har kome til Noreg i løpet av vikingtida og vore i Valdres sidan høgmellomalderen, kanskje lenger.
ELEV 2 (BP75777) – H306: Eldste ane ukjend sidan mormor er adoptert. Denne særs sjeldne varianten av H (berre ti kjende tilfelle globalt!) har seks næraste treff frå Hordaland/Sogn og Fjordane, som kan indikere at formødrene til denne eleven har kome derfrå. Elles er det interessant å sjå at denne haplogruppa til no berre er utbreidd i Portugal og Noreg, så truleg har det vore ei tilknytning mellom desse langt tilbake i tid.

ELEV 3 (BP80792) – H2a2a1ad: Eldste ane er Ragnhild Eriksdtr. Velle (ca. 1668) frå Vågå. Denne linja oppstod kring 380 f.Kr. i Sør-Noreg og er særleg utbreidd i midtre og vestlege delar av landet. Elles er denne mest utbreidd på Island og Noreg, og deretter Sverige og Tyskland, som viser den nordiske bakgrunnen til denne linja og truleg også vegen den har teke. Denne vart sponsa av ein privatperson i Norgesprosjektet DNA.
ELEV 4 (BP75775) – H6a1a86: Eldste ane er Anne Andersdtr. Tronhus (ca. 1732) frå Sør-Aurdal. Linja har røter i søraustlege deler av Austlandet, og kjem frå Nord-Europa via bronsealderens store migrasjonar. Mest truleg har denne linja vore norsk sidan 500 f.kr, og kanskje lenger.
Andre haplogrupper blant Valdres-jentene
ELEV 5 (BP80791) – K1a4a1a+195: Eldste ane er Karen Hansdtr. (ca. 1790) frå Kristiansand. Dette er ei angelsaksisk linje frå kring 850 f.Kr., med opphav vest i Europa (Nederland/Belgia). Denne er utbreidd over heile Europa, men det er litt vanskeleg å seie kor tid den kom til Noreg. Testen vart sponsa av ein privatperson i Norgesprosjektet DNA med ekstra interesse for Agder.
ELEV 6 (BP75776) – U5a1a1d1j: Eldste ane er Margrete Jakobsdtr. Riis (ca. 1630) frå Skee, Sverige. Ho vart gift inn i presteætt i Valdres. Linja stammar frå Sverige, men næraste treff er britiske – mykje peikar mot at ho kom til Sverige frå dei britiske øyene i mellomalderen.
ELEV 7 (BP75778) – X2h’’af: Eldste ane er frå Damaskus, Syria. Ei urgamal linje frå Midtausten, med røter kring 6170 f.Kr., truleg frå Tyrkia/Balkan-området. Det artige her er at det er eit gammalt slektskap med sjølvaste Abraham Lincoln, som også høyrde til X2h! Denne er i dag utbreidd over heile Midtausten, og har også fleire europeiske undergrupper. Du kan lese meir om den her.
ELEV 8 (BP80810) – W3a1q1: Eldste ane er Ragne Knutsdtr. Gøe (ca. 1766) frå Nord-Aurdal. Denne linja kan ha oppstått i Noreg kring år 620 og har spreidd seg frå Hallingdal og Sogn/Fjordane. Den er aller mest utbreidd i Noreg, sjølv om der er nokre svenske greiner. Mange W-linjer i Noreg kjem frå Finaldn, men det kan sjå ut som at denne har kome til Noreg frå Storbritannia eller Nederlandsområdet rundt folkevandringstida – mellom år 100 og 500. Her kan du lese meir om haplogruppe W. Denne vart sponsa av ein privatperson.
Farslinjer Valdres VGS (Y-DNA)
Dei eldste anene til dei seks elevane og to lærarane som testa seg på Valdres VGS:
Oluf Olsson Egge/Stee (c1612), Vestre Slidre, Oppland
Tore på Bergsbakko (c1580), Etnedal, Oppland
Hans Pedersen Brennum (c1710), Gjøvik, Oppland
Eirik Torbjørnsson (c1688), Luster, Sogn og Fjordane
Ole Hollen (c1590), Jølster, Sogn og Fjordane
Kristian Olsen Furubråten (1825), Rælingen, Akershus
Erik Engebretsen (c1822), Oslo
Thonis Cornelisz Croon (c1605), Werkendam, Nederland

Haplogruppe R1a – Norrøn og austleg på same tid
To elevar hadde R1a, som har vore vanleg blant norrøne og slaviske folk. Her er meir om den ganske vanlege norske haplogruppa.
ELEV 9 (BP75770) – R1a-YP1706: Denne eleven har eldste ane Eirik Torbjørnsson (ca. 1688) frå Luster, Sogn og Fjordane. Han kom til Vang i Valdres som barn og var i teneste hos lensmannen, og fekk seinare etterslekt her. Genetisk er dette ei vestlandsgrein med mogleg kontakt med England og Nederland – tyder på tidlege handelsfolk eller andre reisande. Denne bør oppgraderast til Big Y for å vite meir om kvar i Luster han kom frå. Testen vart sponsa av nokre lokalhistorikarar frå Vestlandet.
LÆRAR 1 (BP80587) – R1a-YP704: Denne testaren har eldste ane Oluf Olsson Egge/Stee (ca. 1612) frå Vestre Slidre. Treffa hans er relativt lokale – det næraste viser slektskap truleg tilbake til 1400-talet med ein med eldste ane frå Beito, og endå lenger bak med ein frå Flesberg i Buskerud. Truleg ei ganske gammal linje frå dalane på Austlandet, med andre ord. Delar også ein felles stamfar kring 500 f.kr. med høvdingen Somerled frå Skottland, og viser utstrekt vikingaktivitet frå Russland til Hebridane.
Haplogruppe R1b – Nord-Europa til Skandinavia
ELEV 10 (BP75771) – R1b (DF13?): Eldste ane er Ole Hollen (ca. 1590) frå Jølster. berre treff på 12 markørar som gjer det vanskeleg å bestemme undergruppe. Det vil seie at dette enten er ei sjeldan norsk grein som det berre er få av i Noreg, eller at det har skjedd mange endringar på DNA-et på kortare tid enn vanleg som gjer at den ser sjeldnare ut enn den er. Mest truleg DF13, som oppstod hos ein gut i Storbritannia kring år 2500 fvt. Må oppgraderast til Big Y for å vite meir.
ELEV 11 (BP75772) – R1b-S5695 (truleg): Denne eleven har eldste ane Kristian Olsen Furubråten (ca. 1825) frå Rælingen, Akershus. Om nokon kjem lenger bak på denne håpar eg de seier frå – det burde vere mogleg, men det var ikkje tid til meir. Truleg undergruppe S5695 som ser ut til å ha vore i Sverige nær grensa til Noreg frå i alle fall år 1650 f.kr. Vi forbind ofte R1b med dei britiske øyene, då mange av desse befolka denne regionen i bronsealderen og tidlegare. Eleven si linje har derimot mest truleg kome frå Nord-Europa og kome inn i Skandinavia kring 2000 f.kr. eller tidlegare.
Haplogruppe I1 – Den norske høvdingslekta
Tre elevar høyrer til I1, med mutasjonar som har spreidd seg frå Gudbrandsdalen til Skottland.
LÆRAR 2 (BP80586) – I1-Y79817 (truleg): Eldste ane Hans Pedersen Brennum (ca. 1710) frå Gjøvik. Mest truleg høyrer denne under Y79817, som har mange undergreiner. Vanskeleg å seie kva slags utan å oppgradere til Big Y. Denne har nok vore i nordre del av Gudbrandsdalen og opp mot Lesja og har forgreiningar rundt om i landet, men særskild ei Sunnmørsgrein. Denne høyrer m.a. Ivar Aasen til! Der er også arkeologiske funn datert kring å 1100 av norske pionerar på Grønland som høyrer til denne greina. Det er altså samme grein som elev 19 i Volda, men linken mellom dei går langt tilbake i tid.
ELEV 12 og 13 (BP75769 og BP75773) – I1-FGC9486: Eldste ane Tore på Bergsbakko (ca. 1580) frå Etnedal og Erik Engebretsen (c. 1822) frå Oslo. Den siste mutasjonen som vi kan rekne med desse to elevane har, oppstod hos eit gutebarn kring år 0. Denne har breidd seg vide omkring og eg har lenge tenkt at dette har vore ei viktig høvdinggrein frå Noreg. Den har store greiner i Skottland og Irland og har kome dit av vikingleiarar som har slått seg ned. Mange treff med familienamn som McAulie, McNeill, som begge kan tolkast som «av huset til Ole/Nils». Dei delar også ein felles stamfar frå kring år 0 med ein viking gravlagt langs Volkhov-elva i Russland.

Haplogruppe E – Sjeldan Middelhavs-linje
ELEV 14 (BP80804) – E-L795: Denne eleven har eldste ane Thonis Cornelisz Croon (ca. 1605) frå Werkendam, Nederland. Eitt 12-treff, men lite anna å gå på. Det er veldig lite. Den høyrer ganske sikkert til L795 som er 7650 år gammalt, og var på det tidspunktet i Midtausten. Haplogruppe E er sjeldan, men finnast i Nederland. Likevel er akkurat denne gruppa av E særs sjeldan der også. Difor har nok denne kome dit i seinare tid frå Middelhavet eller frå søraust. Her er meir om haplogruppe E. Burde absolutt oppgradere til Big Y for å vite meir!
Neste år
Ein stor takk til både sponsorar og elevar som har gjort dette prosjektet mogleg! Vi gler oss allereie til neste år, og håpar at endå fleire skular vil bli med og starte eit liknande opplegg. Eg tek gjerne rolla som prosjektleiar – prisen er 40.000,- (geografi kan auke prisen litt om reisekostnadane vert høge) og inkluderer alt som trengst: ti DNA-testar, to foredrag, tolking, samt rettleiing og opplæring av lærarar.
Er du representant for ei bedrift som vil støtte ein vidaregåande skule, eller jobbar du på ein skule som vil investere i dette spennande prosjektet? Ta gjerne kontakt – vi høyrer gjerne frå deg!