Mitt Afrikanske DNA Volda VGS 25-26
Kortversjon
Bak alle DNA-resultata i denne artikkelen skjuler det seg ei historie som er langt større enn dei siste hundreåra med slektsgransking. Nokre av linjene vi følgjer kan sporast tilbake til kvinner og menn som levde på Sunnmøre eller i Nordfjord i mellomalderen. Andre tek oss til Irland, Baltikum, Brasil, Colombia eller Middelhavet. Følgjer vi sporane heilt tilbake, endar vi hos dei første moderne menneska i Afrika for over 200 000 år sidan. Årets DNA-prosjekt ved Volda VGS handlar difor ikkje berre om slekt – det handlar om den lange reisa frå Afrika til Volda vidaregåande skule.
Ny rekord!
I april avslutta vi årets store DNA-prosjekt på Volda vidaregåande skule for VG3-kullet 25/26. Heile 39 elevar tok DNA-test i år og det var omlag 80 elevar som meldte seg interesserte til testing – eg skulle sjølvsagt ynskt å teste dei alle!
Mitt Afrikanske DNA er eit unikt prosjekt for VG3 vi gjort på Volda VGS sidan 2016-17, og i 2023 vann vi den gjeve prisen “Årets Historieundervisningspris” gjeve av HIFO (Den Norske Historiske Forening). Forhåpentlegvis er dette også eit prosjekt som dukkar opp på andre vidaregåande skular enn Volda. Om du ynskjer å få dette i gong hos din vidaregåande skule – ta kontakt.

Testarane sine namn er sjølvsagt anonymiserte, så det er deira eldste ane i rein fars- eller morslinje som representerar dei. Gutane har testa 37 markørar, med nokre unntak som har vore så heldige å få sponsa ein Big Y-700, medan jentene har tatt mtFull. Skulane står for testar til fem gutar og fem jenter, der gutane testar Y-DNA og jentene mtDNA (vel vitande om at også gutar kan teste mtDNA, men vi vil at det ikkje skal vere eit fortrinn). Resten er testar som bedrifter eller privatpersonar har sponsa – tusen takk til desse, og sponsorbedriftene vert nemnde undervegs. Vi byrjar med kvinnene:
Morslinjer (mtDNA)
Dette er dei eldste anene til dei 26 jentene som er testa:
Ellen Iversdotter Barstad (c1660) Ørsta, Møre og Romsdal
Anne Sjursdotter Fyldal (c1670) Ørsta, Møre og Romsdal
Hilde Ellingsdotter Åm (c1660) Ørsta, Møre og Romsdal
Brite Arnesdotter Leira (c1670) Hjørundfjorden, Møre og Romsdal
Brite Johannesdotter Brandal (c1762) Hareid, Møre og Romsdal
Inger Rasmusdotter Myklebust (c1756) Herøy, Møre og Romsdal
Brite Halsteinsdotter Opsal (c1704) Vanylven, Møre og Romsdal
Brite Knutsdotter Sandnes (c1719), Vanylven, Møre og Romsdal
Lisbet Andersdotter Tronstad (c1690) Sunnylven, Møre og Romsdal
Gjøri Torsdotter Møll (c1650) Geiranger, Møre og Romsdal
Brite Iversdotter Årset (c1640) Geiranger, Møre og Romsdal
Guri Pedersdotter Engeset (c1659) Stranda, Møre og Romsdal
Eli Larsdotter Flatholmen (c1702) Sula, Møre og Romsdal
Marta Pedersdotter Helland (c1720) Haram, Møre og Romsdal
Inger Pedersdotter Gamlem (c1659) Haram, Møre og Romsdal
Berit Sørensdotter Unhjem (c1690) Rauma, Møre og Romsdal
Alet Olsdotter Stene (c1690) Averøy, Møre og Romsdal
Synneve Jonsdotter Tømmerstøl (c1734) Eid, Sogn og Fjordane
Kristi Kolbeinsdotter Hilde (c1677) Stryn, Sogn og Fjordane
Gjertrud Davidsdotter Nesdal (c1600) Stryn, Sogn og Fjordane
Marte Jonsdotter Borgund (c1680) Selje, Sogn og Fjordane
Rønnaug Engebretsdotter Myre (c1714) Lesja, Oppland
Margrete Henriksdatter Saling (c1600) Østre Toten, Oppland
Maria Andersdotter g. Edström (c1746) Mjölby, Östergötland, Sverige
Ukjend, Illapel, Chile
Ukjend, Natal, Rio Grande do Norte, Brasil
Vi delar dette opp i haplogrupper, men fyrst ei lita forklaring av det som kjem. Bak elevnummeret kjem elevens unike testnummer hos Family Tree DNA i parentes. Går ein inn på prosjektsidene til Mitt Afrikanske DNA kan ein sjå alle mtDNA-resultat frå elevar og lærarar som har meldt vore med på prosjektet til no. Vidare kjem kva haplogruppe eleven høyrer til, kven som er elevens eldste ane og ei kort forklaring av resultata.

Haplogruppe H – Europas store morslinje
11 av dei 26 jentene i årets prosjekt høyrer til haplogruppe H. Denne store europeiske morslinja oppstod for om lag 20 000 år sidan i Sørvest-Asia og spreidde seg til Europa i fleire bølgjer. I dag reknar ein med at rundt halvparten av alle europearar høyrer til ei av undergruppene av H, og er dermed etterkomarar etter den kvinna som først bar mutasjonen som danna haplogruppa. Du lese meir om haplogruppe H på Norgesprosjektet DNA sine heimesider.
ELEV 1 (BP80811) H2a2a2a5: Eldste ane er Ellen Iversdotter Barstad (c1660) frå Ørsta. Dei eldste røtene til denne morslina ligg truleg hos dei første jordbrukarane som kom til Europa. Den greina eleven tilhøyrer i dag kan sporast tilbake til vikingtida, kring år 800, og mykje tyder på at ho i fleire hundreår hadde tilhald på Irland før ho fann vegen til Noreg.
Trefflista er dominert av personar med røter i Volda og Ørsta, noko som tyder på at lina har vore etablert på Sunnmøre svært lenge – kanskje heilt sidan vikingtida. Mellom dei næraste slektsgreinene finn vi mellom anna etterkomarar etter Marte Sveinsdotter Åslid og Siri Gulliksdotter Ytre Hauge.
ELEV 2 og 3 (BP80813 og BP80819) H451+185: Eldste aner er hhv Synneve Jonsdotter Tømmerstøl (c1734) frå Eid og Marte Jonsdotter Borgund (c1680) frå Selje. Denne lina ser ut til å ha eit særleg tyngdepunkt i Nordfjord. Dei mange identiske DNA-treffa frå området tyder på at fleire slekter deler ei felles stammor som levde i mellomalderen eller seinare.
Sjølve undergruppa H451+185 oppstod truleg kring år 1100. Kvinna som grunnla lina levde i eit samfunn der kristendomen hadde fått fotfeste, og der kongemakta gradvis styrkte kontrollen over bygdene. Det er ikkje umogleg at den første kvinna med denne mutasjonen faktisk høyrde heime nettopp i Nordfjord, der lina framleis står sterkt i dag.
ELEV 4 (BP80818) H1bz2a^: Eldste ane er Gjøri Torsdotter Møll (c1650) frå Geiranger. Historia til denne morslina tek oss tilbake til vikingtida, kring år 840. Alt tyder på at greina har vore knytt til området kring Storfjorden gjennom store delar av historia si. Kvinna som først bar mutasjonen levde truleg i eit lite fjordsamfunn der kvardagen var prega av gard, familie og natur heller enn dei store hendingane vi vanlegvis forbind med vikingtida.
Mange av DNA-treffa kjem frå Geiranger og Sunnylven. Det tyder på ei påfallande stabil slektsline i området, og fleire av dei eldste anene som er registrerte her ser ut til å kunne førast tilbake til den same kvinna. Denne testen var vi så heldige å få sponsa av Møllstunet, der Gjøri vaks opp. Her kan du lese ein tidlegare artikkel om haplogruppa. Ekstra kjekt at dette resultatet er eit vaskeekte Geiranger-resultat!
ELEV 5 OG 6 (BP80784 og BP80797) H1sy+13206: Eldste aner er hhv Hilde Ellingsdotter Åm (c1660) frå Ørsta og Brite Iversdotter Årset (c1640) frå Geiranger. Denne undergruppa har gjennom åra hatt fleire namn, mellom anna H1jg1. Dei eldste spora av lina går tilbake til romartida, kring år 50. Ho ser ut til å ha oppstått på Vestlandet, truleg hos ei kvinne med røter vestfrå over Nordsjøen.
På denne tida var samfunnet bygd rundt slekt, gard og lokale maktstrukturar, og religionen var framleis knytt til naturkrefter og lokale guddomar. Treff frå både Ørsta og Geiranger viser at lina har vore på Sunnmøre gjennom svært lang tid. Identisk mtDNA hos fleire testar tyder på at dei deler ei felles stammor som levde ein gong mellom 600- og 1600-talet.
Blant treffa finn vi også to tidlegare elevar ved Volda vidaregåande skule med røter tilbake til Lisbet Rasmusdotter Vatne og Marte Samundsdotter Vatne.
ELEV 7 (BP80812) H1m1a1: Eldste ane er Brite Knutsdotter Sandnes (c1719) frå Vanylven. Dei djupaste røtene til denne lina ser ut til å liggje langs Nordsjøkysten, kanskje så langt tilbake som 500 f.Kr. Seinare ser ho ut til å ha hatt ei lang historie på Irland før ei ny grein voks fram kring år 1300.
Dette var ei tid då det norske samfunnet var blitt meir organisert gjennom lover, kyrkje og kongemakt. Kvinna som grunnla denne undergruppa levde truleg eit liv tett knytt til gard, fjord og familie, slik dei fleste gjorde i mellomalderen.
Samanlikningar med andre testar viser fleire nære slektsliner på Sunnmøre. Mellom desse finn vi etterkomarar etter Siri Olsdotter Arset, Marie Paulsdotter Krabbesti, Ingeborg Olsdotter Lynge og kona til Elling Olsson Årskog (som vi ikkje kjenner namnet til).
ELEV 8 (BP80851) H1m10a1b: Eldste ane er Gjertrud Davidsdotter Nesdal (c1600) frå Stryn. Denne morslina har eit særleg interessant geografisk mønster. Dei fleste treffa samlar seg i eit avgrensa område mellom Nordfjord og indre Sunnmøre, med røter i Stranda, Sunnylven og Eid.
Den genetiske signaturen som kjenneteiknar H1m10a1b dukka truleg opp kring år 925. Sidan den tid ser lina ut til å ha halde seg innanfor fjordbygdene kring Nordfjord og Storfjorden. Resultatet illustrerer kor tett kontakten mellom desse områda har vore gjennom fleire hundreår. Eit av treffa har sin eldste ane her på FjordDNA og kan sporast tilbake til Marit Øysteinsdotter Hole frå Sunnylven.

ELEV 9 (BP80814) H1q15a: Eldste ane er Anne Sjursdotter Fyldal, fødd kring 1670 i Ørsta. Denne greina kan førast tilbake til overgangen mellom bronsealder og jernalder, kring 750 f.Kr.. Kvinna som grunnla lina levde i ei tid då jordbruk, handel og kontakt mellom ulike område i Europa fekk stadig større betydning.
Seinare vart morslina ein del av den nord-europeiske historia. Trefflista viser i dag ei tydeleg forankring på Nordvestlandet. Fleire av dei næraste treffa kjem frå Nordfjord, mellom anna frå ein tidlegare elev ved Volda vidaregåande skule. Eit anna treff kan sporast tilbake til Guri Knutsdotter Mo frå Ørsta, fødd kring år 1600.
ELEV 10 OG 11 (BP80815 og BP80816) H1n: Eldste aner er høvesvis Eli Larsdotter Flatholmen, fødd kring 1702 frå Sula og Lisbet Andersdotter Tronstad, fødd kring 1690 frå Sunnylven. Sjølv om dei eldste kjende anene kjem frå ulike delar av Sunnmøre, viser dei nesten identiske mtDNA-resultata at elevane deler ei felles stammor som truleg levde ein gong i løpet av dei siste tusen åra.
Historia til denne morslina går langt lenger tilbake. Ho kan sporast til bronsealderen, kring 2200 f.Kr., og ser ut til å ha opphav i området som i dag er Nord-Tyskland. Kvinna som grunnla lina levde i eit samfunn der jordbruk og husdyrhald dominerte kvardagen. Folk budde i hus av tre, leire og strå, medan bronse framleis var eit kostbart materiale som berre få hadde tilgang til.
I motsetnad til fleire av dei andre linene i årets prosjekt finst det ikkje noko tydeleg lokalt tyngdepunkt på Nordvestlandet. DNA-treffa er spreidde over store delar av Europa, særleg i Tyskland, England og Sentral-Europa, men også i Noreg. Dette er eit godt døme på korleis enkelte morsliner har vore i rørsle gjennom store delar av kontinentet før dei til slutt dukkar opp i ulike bygder på Sunnmøre.
Haplogruppe J – med lang lokal historie
Mange forbind haplogruppe J med dei britiske øyane, men dei to elevane i årets prosjekt ser ut til å høyre til greiner som vart verande på det europeiske fastlandet medan fleire systerliner etter kvart spreidde seg vestover. Som mange andre europeiske haplogrupper har J sine djupaste røter i Midtausten. Herifrå kom ho inn i Europa via Balkan for om lag 15 000 år sidan og spreidde seg gradvis nordover gjennom kontinentet medan landskapet framleis var prega av dei siste fasane av istida. Her kan du lese om haplogruppe J på Norgesprosjektet DNA sine sider.
ELEV 12 OG 13 (BP80781 og BP80845) J2a2c2: Eldste aner er høvesvis Inger Rasmusdotter Myklebust, fødd kring 1756 i Herøy, og Kristi Kolbeinsdotter Hilde, fødd kring 1677 i Stryn. Dei to elevane har identisk mtDNA, noko som viser at dei deler ei felles stammor som truleg levde i Nordfjord ein gong mellom 1000- og 1500-talet.
Morslina høyrer til haplogruppe J, ei av greinene som kom til Europa saman med dei første jordbrukarane. Den nærare undergruppa J2a2 ser ut til å ha oppstått på Balkan, og DNA med same opphav er mellom anna funne hos fleire egyptiske mumiar. Den greina elevane tilhøyrer i dag, J2a2c2, ser derimot ut til å ha utvikla seg på Vestlandet kring 350 f.Kr. Dette var ei tid då jernalderen førte med seg nye teknologiar, aukande handel og tettare kontakt mellom bygdesamfunn langs kysten.
Trefflista samlar seg særleg i Gloppen og Stryn. Det tyder på at lina har hatt ei lang historie i Nordfjord, sjølv om spor etter henne også finst på Færøyane og i enkelte arkeologiske prøver. Resultatet viser korleis ei morsline med opphav i dei første jordbrukssamfunna i Europa kan følgjast heilt fram til dagens slekter på Nordvestlandet.
Haplogruppe T – jordbrukarane
Haplogruppene T1 og T2 har røter i Midtausten og høyrer til dei morslinene som kom til Europa saman med jordbruket for om lag 7–9000 år sidan. Særleg T2 er ofte påvist i DNA frå dei eldste bondesamfunna på kontinentet, og representerer dermed ein direkte genetisk arv frå menneska som innførte jordbruk, husdyrhald og nye vekstar i Europa. Her kan du lese meir om haplogruppe T.
ELEV 14 (BP80591) T1a1gt: Nesten alle kjende DNA-treff for denne lina finst framleis i Lesja og nordre Gudbrandsdalen. Det gjer henne til ei av dei mest geografisk stabile morslinene i årets materiale.
Eldste kjende ane er Rønnaug Engebretsdotter Myre, fødd kring 1714 i Lesja. Historia til denne unge greina tek til kring år 1500, då ei kvinne i Lesja-området fekk den mutasjonen som seinare skulle kjenneteikne T1a1gt. Ho levde i eit samfunn der livet var tett knytt til gard, familie og natur. Lange vintrar, store avstandar og krevjande levekår sette sitt preg på kvardagen, men samstundes var bygdesamfunna prega av sterke slektsband og stor kontinuitet gjennom generasjonane.
Eit einsleg svensk treff ser ut til å stamme frå norsk opphav. Elles held lina seg nesten utelukkande innanfor same dalføre. T1 kom noko seinare til Europa enn T2 og har djupare røter lenger aust, mellom anna i området kring dagens Tyrkia.
ELEV 15 (BP80794) T2f5a: Få morsliner i årets prosjekt har eit så tydeleg lokalt preg som denne.
Eldste kjende ane er Guri Pedersdotter Engeset, fødd kring 1659 i Stranda. Sjølv om T2 opphavleg høyrer til dei første jordbrukarlinene som kom til Europa frå Midtausten, ser denne spesifikke greina ut til å ha oppstått lokalt på Sunnmøre kring år 1050.
Kvinna som grunnla lina levde i overgangen mellom vikingtid og mellomalder. Kristendomen hadde fått fotfeste, kyrkjer vart bygde og samfunnet vart gradvis meir organisert, men kvardagen var framleis prega av gardsdrift, fiske og utnytting av ressursane i fjord- og fjellandskapet.
Alle dei kjende treffa kjem frå Sunnmøre. Særleg Ørskog er godt representert, men lina finst også i Stranda, Sunnylven, Vanylven og Volda. Mellom dei næraste treffa finn vi etterkomarar etter Siri Andersdotter Frøysa, Anne Olsdotter Eidså og Brite Mortensdotter Rønnestad. Alt tyder på at denne morslina har vore ein del av sunnmørshistoria dei siste 1000-1500 åra.
ELEV 16 (BP80793) T2b21e: Eldste kjende ane er Marta Pedersdotter Helland, fødd kring 1720 i Haram. Denne undergruppa ser ut til å ha utvikla seg lokalt på Nordvestlandet kring år 750, i slutten av merovingartida. Kvinna som grunnla lina levde i eit kystsamfunn der sjøvegen var den viktigaste ferdselsåra og der fiskeri, jordbruk og handel danna grunnlaget for livet.
Trefflista samlar seg kring Skodje, Haram, Vestnes og Sandøy – område som gjennom hundreåra har vore tett knytte saman gjennom fjordane.
Den geografiske fordelinga av DNA-treffa tyder på at lina har halde seg i regionen gjennom meir enn tusen år, og illustrerer kor sterke dei historiske sambanda mellom bygdene på Nordvestlandet har vore.
ELEV 17 (BP80843) T2b23b2a: Eldste kjende ane er Brit Arnesdotter Leira, fødd kring 1670 i Hjørundfjorden. Greina ser ut til å ha oppstått ein gong på 1400- eller 1500-talet, i overgangen mellom seinmellomalder og tidleg nytid. Etter Svartedauden hadde mange bygder fått betre tilgang på jord og ressursar, og folketalet byrja sakte å vekse att.
Treffa samlar seg i dag kring Volda og Hjørundfjorden, med eitt tilleggstreff frå Sande. Sjølv om haplogruppa er sjeldan nasjonalt, tyder resultata på at denne spesifikke greina har vore lokalt forankra på Søre Sunnmøre gjennom fleire hundre år, hatt ei ganske markant spreiing sidan 1400-talet her på våre trakter. Treff i databasen her på FjordDNA er Gjertrud Jonsdotter Åmelfot, Mette Steffensdotter Bjørkedal, Gjertrud Vatne/Bjørkedal, Synneve Nilsdotter Heltne, Synneve Pedersdotter Gjerde og Guri Larsdotter Ulvestadnakk.

Haplogruppe U – tidlege europearar
Seks av elevane høyrer til haplogruppe U, ei av dei eldste morslinene i Europa. Haplogruppa oppstod truleg i Kaukasus for kring 45 000 år sidan og vart seinare vanleg blant jegerar og sankarar som spreidde seg over kontinentet lenge før jordbruket kom. Fem av elevane høyrer til U5, medan ein høyrer til U8. Vi har ein artikkel om haplogruppe U5 på Norgesprosjektet DNA sine sider.
ELEV 18 (BP80850) U8a1a1b1: Eldste kjende ane er Maria Andersdotter Edström, fødd kring 1746 i Östergötland i Sverige.
Den større haplogruppa U8 oppstod truleg i Kaukasus for rundt 42 000 år sidan og spreidde seg vidare gjennom Aust-Europa. Den greina eleven tilhøyrer ser derimot ut til å ha oppstått kring 1350 f.Kr. hos ei jente i Baltikum, truleg i dagens Estland.
På denne tida voks kontakten over Austersjøen, og handelsnettverk knytte saman område som låg langt frå kvarandre. Trefflista i dag har sitt klare tyngdepunkt i Finland, medan nokre få spor finst i Sverige. Dette tyder på at lina har hatt den lengste historia si aust i Norden før enkelte greiner spreidde seg vidare vestover.
ELEV 19 (BP80790) U5b2a2a6: Eldste kjende ane er Berit Sørensdotter Unhjem, fødd kring 1690 i Rauma.
U5 er ei av dei eldste morslinene i Europa og er kjend frå mange DNA-funn etter jeger- og sankargrupper som levde på kontinentet etter istida. Den spesifikke greina U5b2a2a6 ser ut til å ha oppstått kring år 575 hos ei kvinne på Nordvestlandet.
Ho levde fleire hundre år før vikingtida, i ei tid då høvdingar og stormannsslekter fekk stadig større innverknad langs kysten. Sjøvegen batt bygdene saman, og mange av dei strukturane som seinare prega vikingtida var alt i ferd med å ta form.
Trefflista er særleg konsentrert kring Ørsta, Volda og Vatne. Det tyder på at lina har hatt ei lang historie på Sunnmøre før enkelte greiner seinare spreidde seg vidare til Romsdalen. Dei lokale eldste anene eleven har treff med er Brite Olsdotter Vadstein, Ragnhild Pedersdotter Øyra, Ågot Larsdotter Brautaset, Ingeborg Knutsdotter Mele og Brite Ivarsdotter Lillerovde.
ELEV 20 (BP80782) U5a1a1+16192: Eldste kjende ane er Margrete Henriksdatter Saling, fødd kring 1600 på Østre Toten.
Denne lina tek oss heilt tilbake til steinalderen. Dei eldste spora kan førast til ei jente som levde kring 4900 f.Kr., truleg i det som i dag er Sverige eller Danmark. Ho levde i ei tid då jordbruket gradvis byrja å endre livet i Skandinavia, samstundes som eldre jeger- og sankartradisjonar framleis stod sterkt.
I motsetnad til fleire av dei andre linene i prosjektet er ikkje denne knytt til eitt bestemt område. DNA-treff finst spreidde over store delar av Europa, noko som fortel historia om ei svært gammal og vidt utbreidd morsline. Kanskje vil fleire framtidige testarar gjere det mogleg å plassere den seinare historia hennar meir presist.
ELEV 21 (BP80796) U5a1a1g5a1: Eldste kjende ane er Inger Pedersdotter Gamlem, fødd kring 1659 i Haram.
Denne eleven deler dei eldste røtene sine med elev 20, men høyrer til ei yngre og meir spesifikk grein av same morsline. Den siste kjende mutasjonen som skil denne undergruppa frå andre greiner oppstod truleg kring år 1085 på Nordvestlandet.
Trefflista peikar tydeleg mot Nordfjord. Det næraste treffet har røter i Stryn, og eleven fekk også treff med to tidlegare deltakarar i Mitt Afrikanske DNA frå skuleåra 2021/22 og 2024/25. Begge desse har ulike morsliner frå Nordfjord. Dette styrkar teorien om at greina kan ha hatt sitt viktigaste utviklingsområde her før etterkomarar spreidde seg vidare til mellom anna Sunnmøre.

ELEV 22 OG 23 (BP80817 og BP80585) U5a1b1e: Eldste kjende aner er Alet Olsdotter Stene fødd kring 1690 frå Averøy og Brite Halsteinsdotter Opsal fødd kring 1704 frå Vanylven.
Dei to elevane har identisk mtDNA og deler ei felles stammor langt tilbake i tid. Historia til denne greina tek til kring 3275 f.Kr., i ei tid då jordbruket hadde fått fotfeste i Skandinavia, samstundes som eldre tradisjonar frå jeger- og sankarsamfunna levde vidare.
Treffmønsteret er særleg interessant. Lina har både eit skandinavisk og eit irsk tyngdepunkt, noko som kan tyde på at nært beslekta systergreiner på eit tidleg tidspunkt utvikla seg i ulike retningar. Likevel tyder dei næraste treffa på at akkurat denne greina har utvikla seg i Noreg eller Danmark.
Fleire av DNA-treffa har røter i Volda, Ørsta og på Averøy. Alt tyder på at morslina har vore etablert på Vestlandet i minst to tusen år. Mellom dei næraste treffa på FjordDNA finn vi etterkomarar etter Marit Olsdotter Sandvik Ryste, Anne Rasmusdotter Saunes og Synneve Bodvardsdotter Vassbotn.
Andre haplogrupper
ELEV 24 (BP80783) D1g1b2a: Eldste kjende ane kjem frå Illapel i Chile.
Denne eleven tilhøyrer haplogruppe D1g1b2a, ei grein av D1 – ei av dei klassiske uramerikanske morslinene. Historia hennar strekkjer seg tilbake til dei første menneska som vandra frå Asia til Amerika for om lag 15 000 år sidan. Gjennom generasjonar spreidde etterkomarane seg sørover gjennom Nord- og Sør-Amerika og la grunnlaget for dei mange urfolka som seinare voks fram.
Den greina eleven høyrer til i dag ser ut til å ha teke form ein gong på 1400- eller 1500-talet, truleg i den sørlege delen av Sør-Amerika. Kvinna som grunnla lina levde i eit samfunn der jordbruk, jakt og innsamling framleis var viktige delar av kvardagen, og der familie, lokalsamfunn og naturen stod sentralt. Eit mogleg opphav er blant Mapuche-folket, som i fleire hundreår spela ei viktig rolle i områda som i dag ligg i Chile og Argentina.
Dette var samstundes ei dramatisk brytingstid. Kort tid etter at denne kvinna levde, byrja den europeiske ekspansjonen å endre Sør-Amerika. Spanjolane kom til kontinentet på 1500-talet, og dei neste generasjonane opplevde store kulturelle, politiske og demografiske omveltingar. Likevel har morslina overlevd heilt fram til vår tid og gir eit direkte genetisk band tilbake til dei første folkeslaga i Amerika.
ELEV 25 (BP80852) A2fx1: Eldste kjende ane kjem frå Natal i delstaten Rio Grande do Norte i Brasil.
Sjølv om denne morslina spring ut frå den same store migrasjonen frå Asia til Amerika som elev 24 si linje, representerer ho ei heilt anna grein av det uramerikanske slektstreet. Haplogruppe A2 er, saman med D1, blant dei viktigaste morslinene hos urfolk i Amerika.
Historia til denne undergruppa tek til for om lag 4300 år sidan hos ei jente i det som i dag er Brasil. Ho levde i eit samfunn der kunnskap om naturen var avgjerande for å overleve. Jakt, fiske, sanking og samarbeid var sentrale delar av kvardagen, og erfaringar og ferdigheiter vart overførte frå generasjon til generasjon.
Trefflista er særleg interessant. Så langt finst det berre brasilianske DNA-treff, og fleire av dei har tilknyting til område som grensar mot Amazonas-regionen. Dette tyder på at lina har hatt ei lang historie i det nordlege og sentrale Sør-Amerika før enkelte greiner seinare spreidde seg til andre delar av Brasil.

ELEV 26 (BP80780) W3a1q1: Eldste kjende ane er Brite Johannesdotter Brandal, fødd kring 1762 på Hareid.
Denne morslina høyrer til haplogruppe W, ei gammal europeisk grein med røter tilbake til folkegrupper som kom til Europa etter siste istid. Den spesifikke undergruppa W3a1q1 ser ut til å ha oppstått kring år 650 hos ei kvinne som truleg levde i dalføra på Austlandet.
Ho levde i overgangen mellom folkevandringstid og merovingartid, fleire generasjonar før vikingtida. Kvardagen var prega av jordbruk, husdyrhald og tett samarbeid innan familien. Sjølv om livet var hardt og moglegheitene færre enn i dag, hadde kvinner ei sentral rolle i både hushald og gardsdrift.
Dei fleste DNA-treffa finst i dag i Noreg, med eit tydeleg tyngdepunkt i Valdres og Hallingdal. Nokre få spor finst også på Vestlandet. Dette mønsteret tyder på at lina opphavleg høyrde heime i dei indre dalføra på Austlandet før enkelte greiner etter kvart fann vegen vestover.
Farslinjer (Y-DNA)
Så er det gutane sin tur. Dei har testa Y37, altså 37 markørar på Y-kromosomet. Testen gir eit godt bilete av kva hovudhaplogruppe dei høyrer til, medan meir detaljerte undergrupper i stor grad må tolkast ut frå trefflister og samanlikningar med andre testar. Ei oppgradering til Big Y-700 ville gitt langt meir presise svar, men kostnaden er også vesentleg høgare. Om nokon ønskjer å bidra til ei slik oppgradering for ein eller fleire av elevane, er det berre å ta kontakt.
Simon på Eidseflot (c1550), Volda, Møre og Romsdal
Tor Olsson Bjørkedal (c1550), Volda, Møre og Romsdal
Ole Samundsson Saltre (c1585), Hjørundfjorden, Møre og Romsdal
Amund Arnesson Kvalsvik (c1718), Herøy, Møre og Romsdal
Kristen Eriksson Fivelstadhaugen (c1678), Sunnylven, Møre og Romsdal
Matias Gabrielsson Hatlelid (c1596), Hornindal, Sogn og Fjordane
Erik Olsson Nesbø (c1580), Lindås, Hordaland
Matias Brattland (c1560), Fana, Hordaland
Ole Monsson Blom (c1675), Øygarden, Hordaland
Peder Larsen Mørch (c1751), Oslo
Anders Torleifsen Spildra (c1685), Balsfjord, Troms
Uviss, dansk spermdonor
Uviss, frå Neiva Huila, Colombia
På samme måte som jentene delar eg dette opp i haplogrupper. Bak elevnummeret kjem elevens unike testnummer hos Family Tree DNA i parentes. Går ein inn på prosjektsidene til Mitt Afrikanske DNA her kan ein sjå alle Y-DNA-resultat frå elevar og lærarar som har meldt vore med på prosjektet til no. Vidare kjem kva haplogruppe eleven høyrer til, kven som er elevens eldste ane og ei kort forklaring av resultata.

Haplogruppe E
Haplogruppe E er relativt sjeldan i Noreg. Truleg høyrer mindre enn éin prosent av menn med norske røter til denne farslina. Av dei 13 gutane i årets prosjekt hamna to i haplogruppe E – ein med røter i Nordhordland og ein frå Colombia. Begge representerer farsliner med ei historie som skil seg tydeleg frå dei meir vanlege nordiske greinene. Meir om haplogruppe E på Norgesprosjektet DNA.
ELEV 27 (BP80771) E-S3003: Eldste kjende ane er Erik Olsson Nesbø, fødd kring 1580 i Lindås.
Medan mange vestnorske farsliner høyrer til dei store skandinaviske greinene av R1a, R1b og I1, peikar denne lina mot Sentral-Europa. Resultatet tyder på at eleven høyrer til haplogruppe E-S3003, ei relativt sjeldan grein i Noreg.
Historia til denne undergruppa kan førast tilbake til området kring Alpane kring 1650 f.Kr. Seinare ser lina ut til å ha utvikla seg vidare i Sentral-Europa, og dei næraste DNA-spora i dag finst særleg i område kring Ungarn. Rundt år 0 levde forfedrane hans i eit landskap prega av keltiske kulturar, samstundes som Romarriket gradvis utvida innverknaden sin nordover langs Donau. Handel, migrasjon og kulturell utveksling knytte saman folk frå store delar av Europa.
Korleis lina kom til Noreg veit vi ikkje sikkert. Ho kan ha følgt handelsruter langs Nordsjøen og Austersjøen, vore knytt til krigsteneste eller ha flytta nordover gjennom mange generasjonar. Det som er sikkert, er at ho på eit tidspunkt vart ein del av den vestnorske befolkninga. Då Erik Olsson Nesbø levde på 1500-talet, var slekta godt etablert i Nordhordland, eit område med lange tradisjonar for sjøfart og kontakt med omverda. Dette resultatet er eit godt døme på korleis DNA kan avdekkje historiske samband som det ikkje finst skriftlege kjelder for.

ELEV 28 (BP80789) E-V22: Eldste kjende ane kjem frå Neiva i Huila-regionen i Colombia.
Denne farslina skil seg frå dei klassiske uramerikanske linene. I staden har ho røter kring det austlege Middelhavet og Nord-Afrika. Resultata peikar mot eit opphav nær Egypt, før lina gjennom fleire tusen år spreidde seg vidare gjennom Midtausten og inn i Europa.
Dei eldste spora av E-V22 går tilbake til kring 6700 f.Kr. Då levde ein gut med denne mutasjonen i ei tid då dei første jordbrukssamfunna voks fram langs Nilen og i delar av Midtausten. Dette var ei epoke prega av store omveltingar, då menneske gradvis gjekk frå jakt og sanking til jordbruk, faste busetnader og meir komplekse samfunn.
Gjennom dei neste årtusena vart etterkomarane hans del av handelsnettverk og folkevandringar som knytte saman områda rundt Middelhavet. Lina ser ut til å ha vore etablert på den iberiske halvøya i minst to tusen år. Ho vart ein del av den spanske befolkninga gjennom romersk tid, mellomalder og tidleg nytid – i eit område der europeiske, nordafrikanske og mellomaustlege impulsar møttest.
Då Spania byrja koloniseringa av Amerika på 1500-talet, kryssa ein av elevens forfedrar Atlanterhavet. Slik vart denne farslina ein del av historia til Colombia, der etterkomarar framleis finst i dag. Resultatet illustrerer korleis ei linje med opphav ved Middelhavet gjennom fleire tusen år kunne finne vegen heilt til Sør-Amerika, og koble seg på historiske hendingar vi veit skjedde, men som eleven ikkje visste han var ein del av.
Haplogruppe I1
Haplogruppe I1 er ei av dei mest karakteristiske nordiske farslinene. Ho oppstod truleg i området mellom dagens Danmark og Nederland for om lag 4000–4500 år sidan, før ho spreidde seg vidare til Sverige og Noreg gjennom bronsealderen, jernalderen og vikingtida. Før dette var det også mange av forfedrene som høyrde til i dei områda som i dag er under havoverflata, som Doggerland (sjå bilete under). Mange av etterkomarane vart ein del av dei folkegruppene som seinare forma dei nordiske samfunna, og haplogruppa er derfor tett knytt til skandinavisk historie og busetnad.
I dag er I1 den vanlegaste Y-DNA-haplogruppa i store delar av Sverige og Sverige, og også svært utbreidd i Danmark. Truleg høyrer minst ein tredel av alle norske menn til denne farslina. Her kan du lese meir om haplogruppe I1.

ELEV 29 (BP80788) I-Y33118: Eldste kjende ane er Peder Larsen Mørch, fødd kring 1751. Han budde i Oslo, men opphavet hans er ikkje sikkert kjent.
Resultatet tyder på at eleven høyrer til haplogruppe I-Y33118, ei grein med tydelege røter i Aust-Sverige. Dei næraste DNA-treffa og den geografiske fordelinga peikar særleg mot Mälardalen, eit av dei viktigaste maktsentra i Skandinavia gjennom jernalderen og vikingtida.
Historia til denne undergruppa tek til kring år 715. På denne tida voks handelsplassar, stormannsgardar og høvdingmiljø fram rundt Mälaren, og området fekk etter kvart ei sentral rolle i utviklinga av dei svenske kongedøma. Herifrå spreidde menneske og slekter seg både austover og vestover.
Trefflista støttar dette biletet. Fleire av dei næraste treffa finst i Finland, noko som samsvarar godt med den omfattande svenske busetjinga aust for Austersjøen gjennom mellomalderen. Andre greiner ser ut til å ha flytta vestover. Ein gong mellom vikingtid og tidleg nytid fann denne farslina vegen til Noreg, der ho etter kvart vart ein del av den norske befolkninga.
ELEV 30 (BP80770) I-Y22014: Eldste kjende ane er Simon Eidseflot, fødd kring 1550 i Volda.
Dette er ei farsline med særleg sterk tilknyting til Nordvestlandet. Dei eldste spora av greina kan førast tilbake til ein gut som levde kring 110 f.Kr., truleg i Setesdalen eller nærliggande område. Dette var i eldre jernalder, då jordbrukssamfunn voks fram og kontakten mellom ulike delar av Skandinavia vart stadig tettare.
I løpet av dei første hundreåra etter Kristus ser lina ut til å ha flytta vestover. Ho fekk tidleg fotfeste i Sogn og Fjordane før etterkomarar spreidde seg vidare nordover mot Sunnmøre. Særleg i Volda- og Ørsta-området ser denne farslina ut til å ha fått stor utbreiing, og fleire kjende slekter kan sporast tilbake til same opphav. Nokre av desse har hatt sentrale roller i bygdesamfunna gjennom fleire hundre år.
I vår database har eleven treff med etterkomarar etter Ole Jonsson Skylstad og Ole Eriksson Myklebust, i tillegg til ei rekkje treff frå Nordfjord. Resultatet illustrerer korleis ei svært gammal farsline har utvikla fleire lokale greiner på Nordvestlandet gjennom lang tid.
ELEV 31 (BP80787) I-FTB95587: Eldste kjende ane er Matias Brattland, fødd kring 1560 i Fana utanfor Bergen.
Dette er ei av dei mest spennande linene i årets materiale. Sjølv om den eldste kjende anen kjem frå Hordaland, passar DNA-resultata overraskande dårleg inn i det lokale mønsteret der.
Historia til denne greina ser ut til å ta til på Nordvestlandet ein gong på 1400- eller tidleg 1500-tal. Ein gut fekk då mutasjonen som i dag kjenneteiknar alle som høyrer til I-FTB95587. Trefflista viser eit svært tydeleg tyngdepunkt i Nordfjord og på Sunnmøre, særleg kring Volda og Ørsta, der fleire av dei næraste slektslinene finst.
Resultatet reiser fleire spørsmål enn det gir sikre svar. Ei mogleg forklaring er at ein mann frå Nordfjord eller Sunnmøre flytta sørover til Bergensområdet og vart stamfar til Matias Brattland. Ei anna forklaring er at det på eit tidspunkt har skjedd ei ikkje-dokumentert hending i farslinja. Med dagens kunnskap er det ikkje mogleg å avgjere kva som er rett, men genetisk høyrer denne lina langt meir heime på Nordvestlandet enn i Hordaland.
Dei djupaste røtene går tilbake til bronsealderen. Forfedrane til denne greina ser ut til å ha hatt opphav i Sverige kring 1300 f.Kr., før etterkomarar over tid spreidde seg vestover til Noreg.
I FjordDNA-databasen finn vi treff med røter tilbake til Ole Eriksson Langvatn, Ole Torsson Skjåstad, Ole Jakobsson Nes, Knut Jonsson Leite, Mons Nilsson Skylstad, Jetmund Jonsson Mo, Knut Larsson Myklebust, Antonius Raudemel/Osdal og Tore Knutsson Liaskar. Fire av desse treffa kjem frå tidlegare elevar ved Volda vidaregåande skule, noko som understrekar kor tydeleg lokal denne slektsgruppa er.
ELEV 32 (BP80764) I-FTE11442: Eldste kjende ane er Matias Gabrielsson Hatlelid, fødd kring 1596 i Hornindal.
Denne farslina er i dag tett knytt til Nordfjord og Sunnmøre. Fleire slekter i regionen ser ut til å dele ein felles stamfar frå seinmellomalderen, og DNA-resultata peikar mot ei lokal utvikling på Nordvestlandet.
Den genetiske signaturen som skil I-FTE11442 frå andre greiner oppstod truleg kring år 1443. Stamfaren levde i ei tid då bygdesamfunna framleis var prega av følgjene etter Svartedauden. Mange gardar hadde skifta eigarar, og nye slekter fekk høve til å etablere seg og vekse fram.
Sjølv om den yngre greina ser ut til å ha oppstått på Nordvestlandet, går historia mykje lenger tilbake. Lina har truleg vore i Noreg sidan dei første hundreåra etter Kristus, medan dei eldste spora før dette peikar mot Sverige. Dette passar godt med dei omfattande kontaktnetta som fanst mellom ulike delar av Skandinavia i jernalderen.
Treffmønsteret tyder på at lina først fekk fotfeste i Nordfjord før ho spreidde seg vidare mot Sunnmøre. Særleg ser Volda ut til å ha spela ei viktig rolle i denne utviklinga, før greiner seinare fann vegen vidare til Sunnylven og Geiranger. I FjordDNA finn vi mellom anna treff med røter tilbake til Paul Olsson Ørjasæter, Paul Jonsson Vassbakke, Lars Paulsson Høydal og Jon Rasmusson Frøysa.
ELEV 33 (BP80772) I-FTC42270: Eldste kjende ane er Kristen Eriksson Fivelstadhaugen, fødd kring 1678 i Sunnylven.
Denne farslina er godt kjend frå fleire DNA-prosjekt på Nordvestlandet. Testen stadfestar at eleven deler ein relativt nær felles stamfar med fleire andre menn frå same område.
Greina ser ut til å ha teke form kring år 1550, truleg i Sunnylvsområdet. Mannen som først bar denne mutasjonen vart stamfar til fleire slekter som framleis kan sporast både gjennom DNA og tradisjonell slektsgransking. Eit særleg nært treff finst mot ei anna FjordDNA-linje med røter tilbake til Rasmus Knutsson Ringdal, fødd kring 1630. Rasmus og Kristen visste mest truleg om at dei var i slekt, for å seie det slik.
Ser vi lenger bakover, peikar DNA-resultata mot Midt-Sverige som opphavsområde. Linja kom truleg til Noreg ein gong mellom 600- og 800-talet, i ei tid prega av aukande handel, maktkonsentrasjon og framveksten av dei samfunna som seinare utvikla seg til vikingtidas høvdingdøme. Mykje tyder på at lina først fekk fotfeste i Trøndelag før ho seinare spreidde seg vestover til Sunnmøre i mellomalderen.
Haplogruppe R1a – frå Aust-Europa
Om lag ein firedel av norske menn høyrer til haplogruppe R1a. Dei djupaste røtene går tilbake til dei pontiske steppene nord for Svartehavet, der dei første greinene av R1a voks fram blant folkegrupper som levde av husdyrhald og tidleg hestehald fleire tusen år før vår tidsrekning. Gjennom bronsealderen spreidde etterkomarane seg over store delar av Europa og Asia, og i dag er R1a særleg vanleg i Aust-Europa og delar av Skandinavia. Her er meir om haplogruppe R1a.
To av elevane i årets prosjekt høyrer til denne haplogruppa, men resultata fortel to ganske ulike historier.
ELEV 34 (BP80785) R1a-Z281: Eldste kjende ane er Ole Samundsson Saltre, fødd kring 1585 frå Hjørundfjorden.
Dette er eit av dei meir gåtefulle resultata i årets prosjekt. Sjølv om den eldste kjende anen kjem frå Sunnmøre, peikar DNA-spora overraskande nok ikkje mot Vestlandet eller Noreg.
Dei næraste genetiske slektningane finst i dag i område som Tyskland, Polen og Russland. Førebels finst det heller ingen norske treff som kan knytast sikkert til den same greina. Det skil denne farslina frå mange av dei andre resultata i prosjektet, der slektslinene ofte har eit tydeleg lokalt tyngdepunkt.
Haplogruppa R-Z281 voks fram i Aust-Europa i bronsealderen og vart seinare spreidd gjennom handel, migrasjon og folkevandringar. I dag er ho særleg vanleg blant slaviske folkegrupper. Korleis akkurat denne lina fann vegen til Noreg veit vi ikkje. Ho kan ha kome vestover gjennom handelskontakt over Austersjøen, gjennom krigsteneste eller ved gradvise flyttingar over mange generasjonar.
Samtidig er dette eit resultat som bør tolkast med varsemd. Ei framtidig oppgradering av testen kan avdekkje nye mutasjonar og gi ei langt meir presis plassering. Då kan vi kanskje finne ut om dette verkeleg er ei aust-europeisk grein som har funne vegen til Sunnmøre, eller om det skjuler seg ei meir lokal historie bak dei få opplysningane vi har i dag.
ELEV 35 (BP80786) R1a-Z287: Eldste kjende ane er Amund Arnesson Kvalsvik, fødd kring 1718 i Herøy.
Medan elev 34 sitt resultat peikar utover Europa, trekkjer denne lina oss i motsett retning – inn mot eit svært avgrensa område på Sunnmøre.
Så langt finst det berre to kjende DNA-treff, og begge har røter i Volda og Ørsta. Det eine kjem frå ein tidlegare deltakar i Mitt Afrikanske DNA ved Volda vidaregåande skule, med eldste kjende ane Svein Olsson Dalslisjebø frå Volda. Det andre kan sporast tilbake til Elling Knutsson Mo frå Ørsta.
Når alle dei kjende treffa samlar seg innanfor eit så lite geografisk område, tyder det på at farslina har vore lokalt forankra gjennom svært lang tid. Trass i at dei djupaste røtene til R1a ligg lenger aust i Europa, ser denne greina ut til å ha utvikla si eiga historie på Nordvestlandet.
Ei mogleg forklaring er at ein forfar kom frå Danmark til Noreg før vikingtida, i ei tid då kontakten over Skagerrak var omfattande. Seinare kan etterkomarane ha følgt kystleia nordover og slått seg ned på Sunnmøre. Dersom denne tolkinga er rett, kan lina ha vore etablert i regionen sidan vikingtida – kanskje endå lenger.
Sjølv om trefflista er kort, gjer nettopp dette resultatet henne ekstra interessant. Nokre gonger er det dei små og sjeldne greinene som fortel dei mest spennande lokalhistoriske historiene.

Guten med R1a og R1b levde eit liv på steppene basert på jakt og enkelt jordbruk i eit seminomadisk samfunn på dei store slettene aust for Ukraina.
(KI-generert bilete)
R1b – den kystdominerte
Fire av deltakarane i årets prosjekt høyrer til haplogruppe R1b. Om lag ein firedel av norske menn tilhøyrer denne farslina, og ho er generelt meir utbreidd langs kysten enn i innlandsområda. Dei djupaste røtene går tilbake til steppene nord for Svartehavet, der dei første greinene av R1b voks fram for om lag 6500 år sidan. Gjennom bronsealderen spreidde etterkomarane seg vestover inn i Europa og vart ein del av dei kulturane som førte med seg husdyrhald, jordbruk og nye teknologiar. Du kan lese meir om haplogruppe R1b her.
Dei fire elevane i denne gruppa har røter frå svært ulike delar av landet, men alle har det til felles at slektshistoria deira på eit eller anna tidspunkt har vore knytt til kysten.
ELEV 36 (BP80768) R1b-ZP161: Eldste kjende ane er Anders Torleifsen Spildra, fødd kring 1685 i Balsfjord i Troms.
Denne farslina skil seg ut ved at dei næraste DNA-treffa ikkje peikar mot Noreg, men mot Nordvest-Europa. Særleg Nederland, Nord-Tyskland og dei britiske øyane dominerer trefflista. Mykje tyder på at lina gjennom lang tid har hatt sitt tyngdepunkt i dei store handels- og sjøfartsområda kring Nordsjøen.
Historia til greina kan førast tilbake til kring år 37 f.Kr. Då levde ein gut med denne mutasjonen i eit område der germanske folkegrupper hadde tett kontakt med Romarriket gjennom handel, migrasjon og militær teneste. Gjennom dei neste hundreåra spreidde ulike greiner av lina seg over store delar av Nordvest-Europa.
For denne spesifikke slektsgreina peikar resultata sterkast mot Nederland. På eit seinare tidspunkt fann etterkomarar vegen nordover, truleg gjennom dei omfattande kontaktnetta som knytte saman kystområda rundt Nordsjøen. Korleis lina kom til Troms veit vi ikkje sikkert, men både hanseatane, fiskerihandelen og den internasjonale skipsfarten gjorde Nord-Noreg langt meir internasjonalt enn ein ofte førestiller seg.
Det finst ei anna norsk grein av ZP161 på Austlandet som det ville vore naturleg å samanlikne med, men desse dukkar ikkje opp på trefflista. Førebels ser det derfor ikkje ut til at Anders Torleifsen Spildra høyrer til denne greina. Resultatet står dermed att som historia om ei farsline som har reist langt gjennom Europa før ho til slutt dukkar opp i Troms.
ELEV 37 (BP80807) R1b-A1243: Denne eleven kjenner ikkje den biologiske farslina si, då opphavet går tilbake til ein spermdonor frå Danmark. Likevel har DNA-testinga gjort det mogleg å avdekkje viktige delar av historia på farssida.
Resultatet viser at han høyrer til haplogruppe R1b-A1243, ei grein som ser ut til å ha oppstått kring 850 f.Kr. i området mellom Nord-Tyskland og Sør-Skandinavia. Dette var høgdepunktet for den nordiske bronsealderen, ei tid då kontakten over Kattegat, Skagerrak og Austersjøen var omfattande og då sjøvegen batt saman store delar av Nord-Europa.
Etterkomarane vart truleg ein del av dei tidlege germanske folka som seinare sette sitt preg på regionen. DNA-resultata peikar framleis mot det dansk-tyske området som kjerneområde for lina, men mangelen på nære treff gjer det vanskeleg å plassere henne meir presist. Ei viktig forklaring er at relativt få personar frå desse områda har gjennomført detaljerte Y-DNA-testar.
I dette tilfellet gav kombinasjonen av Y-DNA og autosomalt DNA eit ekstra interessant resultat. Den autosomale testen peikar tydeleg mot dansk opphav på farssida, noko som passar godt med historia Y-DNA-et fortel. Sjølv om identiteten til den biologiske faren er ukjend, har DNA-analysen dermed gjort det mogleg å avdekkje både den geografiske bakgrunnen og delar av den lange historia til farslina.
ELEV 38 (BP80766) R1b-BY178313: Eldste kjende ane er Tor Olsson Bjørkedal, fødd kring 1550 i Volda.
Denne farslina tek oss vestover over Nordsjøen. Dei djupare greinene av slektstreet peikar mot Irland, der ein forfar levde i romartida. Mutasjonen FT183058 oppstod truleg kring år 61 e.Kr. hos ein gut i eit keltisk samfunn på øya.
Sjølv om Romarriket aldri erobra Irland, var øya del av eit omfattande nettverk av handel, kontakt og kulturutveksling mellom dei keltiske områda i Vest-Europa. På eit seinare tidspunkt fann ei grein av lina vegen til Noreg, noko som passar godt med det vi veit om kontakten mellom dei gæliske områda og Vestlandet i vikingtida.
På Sunnmøre ser farslina ut til å ha vore etablert sidan minst 1200-talet, og truleg endå lenger. Kanskje kom ho hit med ein mann frå Irland eller Skottland, eller kanskje gjennom ei slekt som alt hadde vore på Vestlandet i fleire generasjonar. Uansett viser resultata kor tett kontakten over Nordsjøen kunne vere.
Trefflista knyter saman fleire gamle slekter på Søre Sunnmøre, mellom anna etterkomarar etter Amund Sjursson Eide, Knut Arnesson Lyngnes, Sjur Olsson Åkre, Frans Jonsson Hjorthaugreite, Mons Olsson Steinsvik og Knut Jetmundsson Øy. I tillegg finst det treff frå Haram og Sykkylven. Dette peikar mot ei farsline som har utvikla ei rekkje lokale greiner og fått stor utbreiing i regionen.
Samtidig er dette eit resultat som viser kor viktig vidare testing er. Mange av treffa er framleis berre testa på 37 markørar, og meir detaljerte testar kan i framtida gi eit langt klarare bilete av korleis greinene heng saman og når dei skilde lag.
ELEV 39 (BP80767) R1b-BY19596: Eldste kjende ane er Ole Monsson Blom, fødd kring 1674 i Øygarden i Hordaland.
Denne farslina ser ut til å ha teke form kring år 700 e.Kr., i overgangen mellom merovingartid og vikingtid. På denne tida var områda kring Kattegat eit av dei viktigaste sentra for handel, sjøfart og politisk makt i Norden.
Den første mannen med mutasjonen levde truleg ein stad mellom Danmark, Sør-Sverige og det sørlege Noreg – kanskje i området kring Oslofjorden. Herifrå spreidde menneske, varer og idear seg langs kysten, og mange slekter etablerte nye greiner i andre delar av Norden.
I løpet av dei neste hundreåra fann denne lina vegen vestover til Vestlandet. Korleis det skjedde veit vi ikkje sikkert, men sjøvegen mellom Austlandet, Danmark og Vestlandet var gjennom både vikingtid og mellomalder ei av dei viktigaste ferdselsårene i Norden. Resultatet passar derfor godt inn i det historiske biletet av eit samfunn der havet ofte var den raskaste vegen mellom landsdelane.

Avslutning
Årets prosjekt har gitt eit uvanleg breitt bilete av kor ulike slektshistorier som kan skjule seg bak eit DNA-resultat. Nokre av linjene har vore på Sunnmøre så lenge vi kan følgje dei, medan andre har reist gjennom store delar av Europa – og i enkelte tilfelle heilt frå Sør-Amerika – før dei dukkar opp i slektstreet til ein elev ved Volda vidaregåande skule.
Vi har møtt kvinner frå Nordfjord, Sunnmøre og Gudbrandsdalen som framleis har etterkomarar i dei same områda meir enn tusen år seinare. Vi har også følgt spor etter menneske som levde ved Middelhavet, i Baltikum, på Irland, i Sentral-Europa, i Brasil, Chile og Colombia. Nokre av historiene kan knytast til kjende hendingar som vikingtid, kolonisering og handel. Andre inneheld framleis mysterium som ventar på nye testar og nye oppdagingar.
Det er nettopp dette som gjer DNA til ei så spennande historisk kjelde. Bak kvar test ligg ei historie som ingen skriftlege kjelder kunne ha fortalt åleine. Når genetikk, slektsgransking og lokalhistorie blir kombinerte, får vi glimt av korleis menneske gjennom tusenvis av år har flytta, møtt kvarandre og skapt dei slektene som til slutt enda opp i Festsalen på Volda vidaregåande skule.
Frå dei første moderne menneska i Afrika for over 200 000 år sidan til elevane i Festsalen på Volda vidaregåande skule – dette er den historia DNA-et deira fortel. Neste år vert det nye historier.
