Utforsk dei genetiske slektslinjene
Følg fars- og morslinjer frå dei eldste kjende anene våre, og oppdag korleis dei heng saman langt tilbake i tid.
Vel kva slektslinje du vil utforske
Du kan søkje etter namn og gardar i begge trea, klikke på ei genetisk grein og gå vidare til personprofilen på FjordDNA.
Farslinjer
Følg den ubrotne linja frå far til son. Y-DNA kan vise genetiske samband mellom ulike farslinjer, også før dei skriftlege kjeldene tek til.
Utforsk farslinjeneMorslinjer
Følg den ubrotne linja frå mor til mor. mtDNA kan vise genetiske samband mellom morslinjer gjennom mange tusen år.
Utforsk morslinjeneFrå DNA til menneske og gardar
Kvar grein i trea kan føre vidare til ei konkret eldste kjend ane. I personprofilane finn du opplysningar om slekt, gard og relevante kjelder.
Kva er forskjellen på Y-DNA og mtDNA?
Y-DNA følgjer ei farslinje og blir normalt overført frå far til son. mtDNA blir overført frå mor til barna hennar, men berre døtrene fører morslinja vidare. Begge testtypane følgjer éi bestemt linje blant dei mange forfedrane våre.
Genetiske aldersestimat er usikre statistiske anslag. Dei viser ikkje fødselsåret til ein kjend historisk person.
