Arkiv Glossary

Y-DNA

Y-DNA er noko ein son arvar nesten uforandra frå sin far, som igjen har arva det frå sin far. Det er dei små endringane (mutasjonr) som gjer at vi kan bygge genetiske tre. Det er berre personar som er fødd…

Systersplitt

Ein systersplitt i DNA-genealogi refererar til det punktet i slektstreet der to systre har kvar sine kognatiske linjer (rein mor/dotter-linje) som fører til etterkommarar i dag.

STR

STR-testing måler lengda på repeterte DNA-sekvensar for å identifisere individ og slektskap mellom to eller fleire testarar. Her testar ein eit visst tal på markørar, alt frå 12 til 700 – dess fleire dess meir finmaska og betre resultat.

Split

Ein brødre- og systersplitt oppstår der i treet to ulike testarar med samme stamfar/stammor skil seg frå kvarandre. Om ein får treff med ein annan med samme stamfar/stammor kan ein bevise at linja stemmer genealogisk til dette punktet.

SNP (snipp)

Ein SNP, populært kalla snipp, er eit unikt punkt på y-kromosomet som har mutert. Om ein gut vert fødd med ein ny mutasjon/snipp, vil alle mannlege etterkommarar av denne guten arve denne.

Norgesprosjektet DNA

Eit frivillig samlingsorgan som har som mål å systematisere og samle resultat for å forstå betre genealogiske samanhengar. Norgesprosjektet DNA ligg som prosjekt i Family Tree DNA, der databasen og oversiktene ligg.

Mutasjon

I genetisk genealogi er ein mutasjon ei endring i Y- eller det mitokondrielle DNA-et som alle agnatiske og/eller kognatiske etterkommarar arvar. Utan mutasjonar hadde ikkje genetiske genealogi funnest.

Mitokondriell DNA

I genetisk genealogi blir mitokondrielt DNA (mtDNA) brukt til å spore slektskap langs den matrilineære/kognatiske linja, frå mor til barn, sidan det berre blir overført frå mor til avkom utan å blande seg med fars genetiske materiale. Berre døtrene fører…