Reis tilbake til din slektsgard – Oppdag dine røter på nært hald

Bli med på ei spennande reise til ein av dine slektsgardar og lær meir om korleis dine forfedre levde her. Vi tilbyr ei unik oppleving som let deg utforske dine røter og gjenoppdage historia til di slekt på nært hald.

Vårt tilbod

Per i dag er tilbodet avgrensa til Sunnmøre og Nordfjord, men ta kontakt ved tvilstilfelle. Vår pakke inkluderar reise til og frå garden, enkel servering, guiding og historie på vegen. I tillegg kan du tilpasse opplevinga med ekstraelement etter ønske. Du kan t.d. velje mellom å nyte eit deilig jacuzzibad innerst i ein fjordarm og/eller oppleve ein gourmetmiddag med lokale råvarer på den lokale restauranten Brør.

Praktisk informasjon

Reise til og frå startpunkt samt overnatting er ikkje inkludert i pakken, men vi er gjerne behjelpelige med tips og råd for å gjere turen din så enkel og hyggeleg som mogleg. Vi kan kommunisere på både norsk og engelsk. Ta gjerne kontakt for å skreddersy eit opplegg som passar for deg, og for å få informasjon om prisar og tilgjengelege datoar.

Opplev historia og kulturen til dine forfedre på ein unik måte, og ta del i ei minneverdig reise tilbake i tid.

Ta kontakt!

990 17 158

fjorddna@gmail.com

Elvavegen 6, 6104 Volda

Følg oss på sosiale medium

Du godtek at vi kommuniserer med deg på e-post når du sender inn dette skjemaet.