Om FjordDNA

Formålet med denne sida er å skape eit lokalhistorisk oppslagsverk med fokus på DNA-testing av farslinjer og morslinjer (Y-DNA og mitokontriell DNA), for å sjå dei lange historiske linjene der dei skriftlege kjeldene endar. Kven er sunnmøringane, kvar kom dei frå og kor tid kom dei hit?

Dette er spørsmål som tek tid å få eit nyansert og godt svar på, men vi er på god veg. Sunnmøre vart tidleg eit mykje testa område, grunna fleire ivrige granskarar, som dermed har gitt oss innblikk til menn og kvinner i historia som aldri vart nedskrivne. Små lykter i ei mørk tid reint kjeldemessig. Og dess fleire lykter, dess meir vil vi sjå.

Sida og tolkingane er basert på resultat frå testarar som enten er med i Norgesprosjektet DNA eller som FjordDNA har rekruttert via sponsorar. Utan desse ville vi ikkje kunne fortelje vår felles historie. Tusen takk til alle.

FjordDNA består av Gunnar Sigve Aurdal (DNA-tolking) og Anders Børtnes Kalvatn (utforming av nettside). 

Gunnar Sigve Aurdal (f. 1979 i Volda) er lektor og har drive med slektsgransking sidan ungdomstida. I 2013 vart han med som administrator i Norgesprosjektet DNA der han framleis er. 

Anders Børtnes Kalvatn (f. 1981 i Volda) er lektor, men har sidan 2005 i all hovudsak jobba med netthandel. Kalvatn var frå 2005 til 2017 tilsett i VB Bok (tidlegare Haugen Bok) og har sidan 2017 vore tilsett som salsansvarleg i Nynorsk kultursentrum.