Skuleprosjektet “Mitt afrikanske DNA” – Utforsk DNA og vår felles historie med elevane

Ønskjer du eit tverrfagleg og haldningsskapande skuleprosjekt for VG3 på vidaregåande skule? Ønskjer du å inspirere elevane til å utforske DNA og oppdage vår felles historie? Då kan prosjektet vårt «Mitt afrikanske DNA» vere perfekte for dokker.

Elevar som får forklart sine forfedres reise nordover etterkvart som isen trakk seg tilbake etter istida. Foto: Terje Engås, Sunnmørsposten, 2017.

Vår erfaring

Vi har drive dette spennande prosjektet ved Volda vidaregåande skule sidan 2016. Gjennom åra har vi skapt ein unik læringsoppleving som engasjerer elevane og gir dei innsikt i lokalhistorie og genetisk slektsgransking. Vår dedikasjon til dette prosjektet blei belønna med HIFOs Historieundervisningspris i 2023. Les pressemelding og juryens grunngjeving og ein artikkel om prosjektet frå NRK.

Kva prosjektet inkluderar

  • Engasjerande undervisning. Elevane får undervisning i genetikk, DNA-testing og korleis ein kan utforske sitt eige DNA for å avdekke spennande historie.
  • Bygging av lokalhistoriske databasar. DNA-resultata til elevane bidreg til å bygge databasar som dokumenterer genetiske røter og historie i sitt lokalsamfunn, elles i landet og internasjonalt.
  • Førebyggande prosjekt der det også vert undervist i rasismehistorie og korleis vi alle kjem frå samme opphav.
  • Presentasjon av resultata til dei utplukka og DNA-testa elevane, og korleis deira reise har vore saman steg for steg til dei enda opp på samme skule.
  • Vi vil legge til rette for samarbeid med lokalhistoriske lag.

Pris og meir informasjon

Kontakt oss for eit pristilbod tilpassa din skule. Vi står klare til å hjelpe deg med å inspirere og motivere elevane til å utforske DNA og vår felles historie på ein spennande måte.

Gi elevane ei unik og lærerik oppleving, og la «Mitt afrikanske DNA» vere starten på deira reise for å forstå sine eigne og våre felles genetiske røter og historie.

Ta kontakt!

990 17 158

fjorddna@gmail.com

Elvavegen 6, 6104 Volda

Følg oss på sosiale medium

Du godtek at vi kommuniserer med deg på e-post når du sender inn dette skjemaet.