Elling Rasmusson Mårstøyl c1685

Elling Rasmusson Mårstøyl (c1685-1754) var brukar på Hansgarden på Mårstøylen inne i Dalsfjorden. Han har truleg hatt delar av sitt unge liv på garden, sjølv om me ikkje veit dette for visst. Far hans, som heitte Rasmus, må ha døydd tidleg sidan Elling si mor var oppattgift med ein Samson (c1646-?) og denne Samson har nok då fungert som stefar då dei kom til Mårstøyl kring 1691. Det kan me sjå på oppattkallinga av Ellings yngste son, Samson. Boka Dalsfjord (s. 118) meiner Elling var son til Samson, men det stemmer altså ikkje. Elling vart gift med Anne Eriksdotter d.y. Mårstøyl (?-1727) som også var frå Hansgarden(!), men var då truleg ikkje i nær slekt. Dei fekk 7 born me veit om; Jakob (c1728), Ole (c1729), Anna (c1729), Synneve (c1733), Eli (c1734), Sofie (c1739) og Samson (1741). (Busetnadssoga for Volda 1: 420)

IKKJE TESTA

NamnGardFøddOmrådeSplitKit noHaplogruppeSiste SNPMarkørar
Elling RasmussonMårstøylc1685Volda-----

Kartet under viser kvar denne personen budde eller vart fødd. Grøn markør grøn markør viser at linja til personen ikkje er testa enno, men kan testast. Blå markør blå markør viser at den er testa. Ved å zoome ut kartet ser du om der er andre linjer i nærleiken.

RELATERTE ARTIKLAR

Ingen artiklar tilgjengeleg om personen