Jakob Olsson Nes/Raustad (c1697)

Jakob Olsson Nes (c1697-1773) er ikkje nemnd på Nes i bygdebøkene, og det er også litt vanskeleg å finne ein passande far for han. Men namna Ole og Jakob er ikkje ukjende på Nes og Langvatn på denne tida. Det er Hjørundfjordboka 4 (s. 186) som hevdar han er frå Nes i Austefjorden. Han kom til Jakobgarden på Raustad i Skjåstaddalen og gifte seg der med odelstausa Ragnhild Jetmundsdotter (c1705-1744). Jakob-namnet har blitt verande i ætta seinare, og dermed er det Jakob som gav namnet til garden. Dei fekk minst fem born saman; Anne (c1730), Marta (1733), Jetmund (1737), Karen (1739) og Brite (1743). I naudsåra på 1740-talet fekk han noko av "Kongens korn" og var dermed i skuld i 1744. Då Ragnhild døydde kring 39 år gammal i 1744, vart han gift året etter med Inger Kolbeinsdotter Tryggeset (c1711-1765), og saman fekk dei dottera Ragnhild (1747), oppattkalla etter hans avdøde kone. I 1765 miste han den andre kona si, og sjølv døydde han i 1773. (Hjørundfjord 4: 152-186)

TESTA RESULTAT

NamnGardFøddOmrådeSplitKit noHaplogruppeSiste SNPMarkørar
Jakob Olsson NesNes/Raustadc1697Volda-IN83924I1I-FT413402700
Denne profilen er testa med Big Y. Trykk på Family Tree DNA-logoen for Family Tree DNA sitt interaktive Time Tree for akkurat denne linja.

Kartet under viser kvar denne personen budde eller vart fødd. Grøn markør grøn markør viser at linja til personen ikkje er testa enno, men kan testast. Blå markør blå markør viser at den er testa. Ved å zoome ut kartet ser du om der er andre linjer i nærleiken.

RELATERTE ARTIKLAR

Ingen artiklar tilgjengeleg om personen