Jetmund Olsson Løset (15-1600)

Jetmund Olsson Løset (c1555-?) var brukar på Hansgarden på garden Løset i Bjørkedalen. Løset er ein gard som var nemnd som eigedom for Bjørkedalsætta allereie tilbake på 1400-talet, men garden kom truleg i bruk etter svartedauen. (Voldasoga 3: 272) Difor kan det vere spennande å sjå om der er DNA-linkar til andre Bjørkedalslinjer. Jetmund var den tidlegaste brukaren av Hansgarden me kjenner til, og han hadde sagbruk. Han skal også hatt broren Nils på Straume. Jetmund hadde minst to born; Knut (som var leigesoldat 1615) og Hans, som tok over bruket etter faren sin. (Busetnadssoga for Volda 2: 425) Voldasoga 3 (s. 277) nemner to born til; Johannes, som skulle vere gift med Anne Olsdotter Velle, og Gjertrud som gifte seg 1619 med Ole Bjørneset.

IKKJE TESTA

NamnGardFøddOmrådeSplitKit noHaplogruppeSiste SNPMarkørar
Jetmund OlssonLøsetc1555Volda-----

Kartet under viser kvar denne personen budde eller vart fødd. Grøn markør grøn markør viser at linja til personen ikkje er testa enno, men kan testast. Blå markør blå markør viser at den er testa. Ved å zoome ut kartet ser du om der er andre linjer i nærleiken.

RELATERTE ARTIKLAR

Ingen artiklar tilgjengeleg om personen