Johannes Jonsson Nes (1634)

Johannes Jonsson (c1634-1713) kom til MassOlagarden på Nes i Austefjorden kring 1660. Her gifte han seg med Klara Monsdotter som var frå denne garden. Nes er nok ein gammal gard, og næraste nabo til Langvatn - truleg ein av dei eldste gardane i dalen. Kvar Johannes kom frå veit vi ikkje heilt sikkert, men Voldasoga 2 (s. 459) vil ha det til at han kom frå Sundalen, utan at Busetnadssoga har teke med denne informasjonen. Johannes og Klara fekk 2 born; Mons (1658) og Ole (1659). Klara må ha døydd på 1660-talet, og Johannes vart då gift med Anne Nilsdotter (som kan ha vore frå Fyrde). Saman fekk dei minst sju born; Klara (c1668), Ingeborg (c1670), Jon (c1672), Hans (c1673), Nils (c1689), Marte (c1690) og Mads (c1695). Det kan tenkast at det har vore ei anna kone anten før eller etter Anne Nilsdotter, sidan borna har så langt aldersskilnad. I 1701 er Johannes nemnd som "svak", som tyder på at han har vore sjuk på noko vis, og i 1713 er han altså død.

TESTA RESULTAT

NamnGardFøddOmrådeSplitKit noHaplogruppeSiste SNPMarkørar
Johannes JonssonNes1634VoldaHans Mortensson Høydalsdal (1804)N89439R1bR-FT190521700
Johannes JonssonNes1634VoldaLars Mortensson Høydalsdal (1809)IN117189R1bR-FT19052137
Denne profilen er testa med Big Y. Trykk på Family Tree DNA-logoen for Family Tree DNA sitt interaktive Time Tree for akkurat denne linja.

Kartet under viser kvar denne personen budde eller vart fødd. Grøn markør grøn markør viser at linja til personen ikkje er testa enno, men kan testast. Blå markør blå markør viser at den er testa. Ved å zoome ut kartet ser du om der er andre linjer i nærleiken.

RELATERTE ARTIKLAR

Ingen artiklar tilgjengeleg om personen