Johannes Olsson Berkvik (1590)

Johannes Olsson Berkvik (c1590-?) budde i Berkvika på anten Ellinggarden eller Styrkagarden (her er Voldasoga og Busetnadssoga ueinige). Berkvika er truleg ein gammal gard, og her er gjort mange funn i jorda frå steinalder, jernalder og vikingtid. Garden ligg i ei lun vik, og her kan ha vore ein handelsplass, meiner Voldasoga. Han var son av Magdalena, som var enkje på garden, men vi veit ikkje anna om faren enn at han heitte Ole. Johannes skatta i 1645 for kona, ein son og ei tenestejente. Denne sonen heitte David (c1626-?) og overtok garden etter Johannes. (Voldasoga 1: 77-82) (Busetnadssoga 5: 288)

TESTA RESULTAT

NamnGardFøddOmrådeSplitKit noHaplogruppeSiste SNPMarkørar
Johannes OlssonBerkvik1590VoldaJørgen Olsson Berkvik (1775)572072R1bR-A584637
Johannes OlssonBerkvik1590VoldaAnanias Olsson Berkvik (1790)BP75746Til testing--

Testen er heilt eller delvis finansiert av

Kartet under viser kvar denne personen budde eller vart fødd. Grøn markør grøn markør viser at linja til personen ikkje er testa enno, men kan testast. Blå markør blå markør viser at den er testa. Ved å zoome ut kartet ser du om der er andre linjer i nærleiken.

RELATERTE ARTIKLAR

Ingen artiklar tilgjengeleg om personen