Jon Gulliksson Høydal, Indre (1500-talet)

Jon Gulliksson (c1530-1610) var gardbrukar på Midgarden i indre Høydal. Det er funne gravrøyser på garden, så det er nok ein gammal gard. Der var ein Gullik nemnd på garden før han, så truleg var han oppvaksen her. I 1578 førte han sjølv ei sak for herredagen i Trondheim, då han hadde kome i konflikt med ein ny nabo, Oluf Olufsson Daae, som ville rydde eit stykke på den samme garden og bygge der. Dette ville stykke opp og skade garden, og han fekk støtte på dette frå andre. I saka la han fram korleis dei hadde strevd og jobba for å rydde gardane. Oluf møtte ikkje på herredagane og Jon fekk dermed dom for at han hadde rett til bruk av sætra og beitestykket. Han var nok dermed ein driftig kar som både rydda gard og kunne føre ei sak for herredagane heilt sjølv. Vi veit ikkje kven Jon var gift med, men han fekk minst tre gutar; Svein som tok over bruket, Rasmus og Gullik. (Busetnadssoga 3: 81) (Voldasoga 3: 139-142)

TESTA RESULTAT

NamnGardFøddOmrådeSplitKit noHaplogruppeSiste SNPMarkørar
Jon GullikssonHøydal, Indre1500-taletVolda-MI38401QQ-Y3866637

Kartet under viser kvar denne personen budde eller vart fødd. Grøn markør grøn markør viser at linja til personen ikkje er testa enno, men kan testast. Blå markør blå markør viser at den er testa. Ved å zoome ut kartet ser du om der er andre linjer i nærleiken.

RELATERTE ARTIKLAR

Ingen artiklar tilgjengeleg om personen