Knut Knutsson Ullaland (1585)

Knut Knutsson Ullaland var kanskje fødd kring 1585. Det er ingenting i namnelistene som peikar mot at han vokste opp på Ullaland sjølv, og Voldasoga 2 (s. 379) meinar han kom frå Aurstad. Dette nemnast ikkje Busetnadssoga. Ullaland er ein særs gammal gard, og kom kanskje til allereie kring 5-800 e.kr. Rygh meiner namnet kom av jakt- og skiguden Ull, og det er gjort funn frå riktig gamle tider. I tillegg er det like ved garden i området rikt med sandstein i fjellet, særs godt materiale til bryner og slipesteinar. Vi veit ikkje kven Knut var gift med, men vi veit om nokre av borna hans, sjølv om Voldasoga og Busetnadssoga er litt ueinige her også. Dei er einige om sonen Jakob (c1616) som tok over bruket etter faren sin. Elles nemner Voldasoga to jenter (Ragnhild og Brit), og Busetnadssoga nemner sonen Ole (c1629) som også var på garden nokre år. Kven mora til borna er veit vi ikkje.

TESTA RESULTAT

NamnGardFøddOmrådeSplitKit noHaplogruppeSiste SNPMarkørar
Knut KnutssonUllaland1585Volda-BP55967R1aR-Z28737

Testen er heilt eller delvis finansiert av

Kartet under viser kvar denne personen budde eller vart fødd. Grøn markør grøn markør viser at linja til personen ikkje er testa enno, men kan testast. Blå markør blå markør viser at den er testa. Ved å zoome ut kartet ser du om der er andre linjer i nærleiken.

RELATERTE ARTIKLAR

Ingen artiklar tilgjengeleg om personen