Knut Rasmusson Løset (1614)

Knut Rasmusson Løset (c1614-1692) var brukar på Olagarden på garden Løset i Bjørkedalen. Løset er ein gard som var nemnd som eigedom for Bjørkedalsætta allereie tilbake på 1400-talet, men garden kom truleg i bruk etter svartedauen. (Voldasoga 3: 272) Difor kan det vere spennande å sjå om der er DNA-linkar til andre Bjørkedalslinjer. Vi veit ikkje kvar Knut kom frå, men sidan førre brukar heitte Endre, kan det vere han kom frå ein annan gard. Vi veit lite om han anna enn at han hadde minst 4 born; Birgitte (c1645), Rasmus (c1648), Ragnhild og (truleg) Margrete. (Busetnadssoga for Volda 2: 429) Voldasoga 3 (s. 275) meiner at han også hadde dottera Synneve, som vart gift med Peder Kristensson Bjørkedal.

IKKJE TESTA

NamnGardFøddOmrådeSplitKit noHaplogruppeSiste SNPMarkørar
Knut RasmussonLøset1614Volda-----

Kartet under viser kvar denne personen budde eller vart fødd. Grøn markør grøn markør viser at linja til personen ikkje er testa enno, men kan testast. Blå markør blå markør viser at den er testa. Ved å zoome ut kartet ser du om der er andre linjer i nærleiken.

RELATERTE ARTIKLAR

Ingen artiklar tilgjengeleg om personen