Ole Ellingsson Haram Kvammen (1753)

Tidlegare visste ein ikkje meir om Ole Ellingsson enn at har var fødd kring 1751, truleg kom frå Haram og slo seg ned på Kvammen i Snipsøyrdalen på Hareid. Han var gift med Ane Ivarsdotter Store Alme (c1752), og dei fekk borna Eline (1787), Elling (1797) og Hans (1800). Vi veit ikkje kva som gjorde dette, men Ole stelte ikkje garden og husa så godt og gav frå seg bruket godvillig til neste brukar i 1804. Gjennom DNA-testing har det blitt funne ut at Ole Ellingsson kom frå garden Haram i Haram, f. 1753 (trykk på Geni-linken lenger nede på sida for å sjå linja vidare) og kan no spore linja hans heilt tilbake til Peder Rognaldsson Haram (1565-1628). Dette er utanfor området vi har fokusert på per i dag, men sidan mange vil sjå etter Ole Ellingsson som eldste ane, beheld vi han på sida her som eit godt døme på at DNA-testing kan hjelpe oss lenger bak i slektsgranskinga.

TESTA RESULTAT

NamnGardFøddOmrådeSplitKit noHaplogruppeSiste SNPMarkørar
Ole Ellingsson HaramKvammen1753HareidPeder K. Fredriksson Myklebust (1866)IN14649R1bR-BY73202700
Ole Ellingsson HaramKvammen1753HareidPeder K. Fredriksson Myklebust (1866)567053R1bR-BY73202111
Ole Ellingsson HaramKvammen1753HareidHans I. Fredriksson Myklebust (1868)IN77527R1bR-BY73202111
Denne profilen er testa med Big Y. Trykk på Family Tree DNA-logoen for Family Tree DNA sitt interaktive Time Tree for akkurat denne linja.

Kartet under viser kvar denne personen budde eller vart fødd. Grøn markør grøn markør viser at linja til personen ikkje er testa enno, men kan testast. Blå markør blå markør viser at den er testa. Ved å zoome ut kartet ser du om der er andre linjer i nærleiken.

RELATERTE ARTIKLAR

Ingen artiklar tilgjengeleg om personen