Ole Eriksson Langvatn (15-1600)

Ole Eriksson må ha vore fødd ein gong i andre halvdel av 1500-talet, og er den fyrste brukar vi kjenner til frå Erkegarden på Langvatn i Austefjorden. Vi veit lite om han, anna enn at han hadde sonen Erik (c1611) som tok over garden etter han. Der kom også ein Ole Knutsson til garden etter Ole Eriksson som skal ha blitt gift med enka hans. Vi veit ikkje kvar Ole kom frå - og det kan vel hende han var frå garden. Langvatn er ein gammal gard, og Erkegarden er eitt av dei gamle hovudbruka herfrå. Fyrste gongen Langvatn er nemnd i ei kjelde er i 1518-22 då Morten "på Lagwold" får kvittering for 1 lodd sølv i skatt. Seinare er det berre skrive Langvatn, og garden ligg ved Langvatnet og har nok fått namnet sitt frå dette.

TESTA RESULTAT

NamnGardFøddOmrådeSplitKit noHaplogruppeSiste SNPMarkørar
Ole ErikssonLangvatn15-1600VoldaOttar Iversson Langvatn (1773)460909I1I-FTB98887700
Ole ErikssonLangvatn15-1600VoldaErik Iversson Langvatn (1767)345589I1I-FTB9888737
Denne profilen er testa med Big Y. Trykk på Family Tree DNA-logoen for Family Tree DNA sitt interaktive Time Tree for akkurat denne linja.

Kartet under viser kvar denne personen budde eller vart fødd. Grøn markør grøn markør viser at linja til personen ikkje er testa enno, men kan testast. Blå markør blå markør viser at den er testa. Ved å zoome ut kartet ser du om der er andre linjer i nærleiken.

RELATERTE ARTIKLAR

  • Eit lokalhistorisk cluster i Volda og Ørsta

    Når mange nok personar frå eit område DNA-testar seg vil det dukke opp eit såkalla cluster – ei samling av personar med samme opphav. Når ein finn slike cluster med eit opphav som ikkje ligg lenger bak enn 14-1500-talet byrjar sjansane for å kunne finne nye lokalhistoriske element store. Dette er historia om eit cluster…

    Les meir