Ole Jakobsson Nes (1650)

Ole Jakobsson (c1650-c1717) kom til Jogarden på Nes i Austefjorden på 1680-talet, og gifte seg her med odelstausa Marte Davidsdotter. Jogarden har vore eitt av dei gamle hovudbruka på Nes. Nes er nok ein gammal gard, og næraste nabo til Langvatn - truleg ein av dei eldste gardane i dalen. Voldasoga og Busetnadssoga er litt ueinige om Oles liv. Voldasoga 2 (s. 464) meiner han fyrst var gift med Marte, og deretter med Anne Andersdotter Langvatn, og at han døydde i 1720, og at Anne vart gift med neste brukar. Busetnadssoga 3 (s. 331) meiner han må han døydd kring 1717 sidan Marte Davidsdotter, som då vart enke, gifte seg med Iver Jørgensson Øye i Ørsta(?). Uansett er det skifte etter han 3. august 1720. Ole og Marte fekk minst 7 born saman; Knut (c1690), Kari (c1692), Ole (c1693), Brite (c1696), Ingrid (c1700), Jakob (c1701) og Anne (c1705). Ei anna opplysning om Ole Jakobsson er at han er eldste ane i rein farslinje til Per Aarviknes, sjølvaste forfattaren av Voldasoga.

TESTA RESULTAT

NamnGardFøddOmrådeSplitKit noHaplogruppeSiste SNPMarkørar
Ole JakobssonNes1650Volda-BP58450I1I-FTB98887700
Denne profilen er testa med Big Y. Trykk på Family Tree DNA-logoen for Family Tree DNA sitt interaktive Time Tree for akkurat denne linja.

Testen er heilt eller delvis finansiert av

Kartet under viser kvar denne personen budde eller vart fødd. Grøn markør grøn markør viser at linja til personen ikkje er testa enno, men kan testast. Blå markør blå markør viser at den er testa. Ved å zoome ut kartet ser du om der er andre linjer i nærleiken.

RELATERTE ARTIKLAR

  • Eit lokalhistorisk cluster i Volda og Ørsta

    Når mange nok personar frå eit område DNA-testar seg vil det dukke opp eit såkalla cluster – ei samling av personar med samme opphav. Når ein finn slike cluster med eit opphav som ikkje ligg lenger bak enn 14-1500-talet byrjar sjansane for å kunne finne nye lokalhistoriske element store. Dette er historia om eit cluster…

    Les meir