Ole Larsson Hagen (c1627)

Ole Larsson Hagen (c1627-?) var brukar i Nedrehagen i Ørsta. Vi veit lite om han, men det vi veit er at han truleg hadde minst 5 born. Lars, Elling, Jakob, Ole og Berte. Ser vi på aldersspennet mellom borna hans, kan det sjå ut som at han var gift to gongar. På tinget i 1681 vart Ole og to andre bønder i Ørsta med i ei sak der Mag. Christoffer Pedersen Hjermand, som eigde delar av gardane, kom med krav fordi han meinte dei hadde forbrote festet sitt nokre av åra. Dei vart alle frikjende då retten fann at Christoffer ikkje hadde vist fram gode nok bevis for krava sine. Ole levde framleis under manntalet i 1701, og var då omlag 75 år.

TESTA RESULTAT

NamnGardFøddOmrådeSplitKit noHaplogruppeSiste SNPMarkørar
Ole LarssonHagenc1627Ørsta-IN121457I1I-FTD30313700
Denne profilen er testa med Big Y. Trykk på Family Tree DNA-logoen for Family Tree DNA sitt interaktive Time Tree for akkurat denne linja.

Kartet under viser kvar denne personen budde eller vart fødd. Grøn markør grøn markør viser at linja til personen ikkje er testa enno, men kan testast. Blå markør blå markør viser at den er testa. Ved å zoome ut kartet ser du om der er andre linjer i nærleiken.

RELATERTE ARTIKLAR

Ingen artiklar tilgjengeleg om personen