Rasmus Pedersson Øvsteberget (1700?)

Rasmus Pedersson (c1700-1771) kom til Øvsteberget og gifte seg der med Siri Paulsdotter Høydal (c1686-1758), som var enke etter den førre brukaren på Øvsteberget, Elling Kristoffersson. Øvsteberget vert også kalla Øygarden og er altså ein gard som truleg har vore forlatt etter svartedauden og vart teke oppatt etter 1600. Voldasoga 3 (s. 158) meiner Rasmus heitte Rasmus Paulsson og var frå Driveklepp i Volda. Om det stemmer kan linja potensielt vere av ei gammal Godøy-ætt tilbake til 1300-talet. Per i dag har me ingen haldepunkt for det. Rasmus og Siri fekk minst ein son; Ole (c1727) som overtok garden.

IKKJE TESTA

NamnGardFøddOmrådeSplitKit noHaplogruppeSiste SNPMarkørar
Rasmus PederssonØvsteberget1700?Volda-----

Kartet under viser kvar denne personen budde eller vart fødd. Grøn markør grøn markør viser at linja til personen ikkje er testa enno, men kan testast. Blå markør blå markør viser at den er testa. Ved å zoome ut kartet ser du om der er andre linjer i nærleiken.

RELATERTE ARTIKLAR

Ingen artiklar tilgjengeleg om personen