Svein Olsson Dalslisjebø (1500-talet)

Svein Olsson Dalslisjebø må ha vore fødd ein gong i første halvdel av 1500-talet. Han bruka Abelgarden på Lisjebøen i Dalsbygda. Der er nokre dokument som omhandlar Svein frå denne tida. I boka Dalsfjord (s. 27) står det følgande: "I eit brev på Dale frå 1566 er det nemt at Svein Olsson bygde og tok opp att garden Lillebø. Svein var i slekt med Gudrid i Dale. Gudrid klaga Svein fordi han med vold og urett hindra bu-ræsene og fedrift, reiv ned gjerde, skadehogg skogen, reiv "never, bander, blotter og formaledider" og ikkje heldt den semja som var vedteken om korleis garden skulle brukast. Det var framme sak om dette på Bergenhus. Svein hadde då med eit brev med underskrifter frå godt folk som vitna at han hadde ført seg vel i bygda. Same saka hadde elles ofte vore for retten, og alltid hadde dei vorte samde. Men Svein vart no dømd til å flytte frå bruket den første fardagen, og Amund Bentsson fekk pålegg om enten å betale for den ryddinga Svein hadde gjort, eller gje han ein annan gard. Det ser likevel ut til at Svein ikkje flytte. Han må ha vore død før 1603 sidan enka er nemnd som brukar då.

TESTA RESULTAT

NamnGardFøddOmrådeSplitKit noHaplogruppeSiste SNPMarkørar
Svein OlssonDalslisjebø1500-taletVolda-771326R1aR-Z28737

Testen er heilt eller delvis finansiert av

Kartet under viser kvar denne personen budde eller vart fødd. Grøn markør grøn markør viser at linja til personen ikkje er testa enno, men kan testast. Blå markør blå markør viser at den er testa. Ved å zoome ut kartet ser du om der er andre linjer i nærleiken.

RELATERTE ARTIKLAR

Ingen artiklar tilgjengeleg om personen