Tor Olsson Bjørkedal, Nøre (1500-talet)
Tor Olsson Nøre Bjørkedal levde på 1500-talet og budde på Bjørnsgarden på Nøre Bjørkedal. Bjørnsgarden var eit av dei gamle bruka på Nøre Bjørkedal og garden er veldig gammal. Det er gjort funn frå jernalderen, og det er fleire rike vikingtidsgraver, som tyder på folk med posisjon og makt. Tor Olsson veit vi lite om, anna enn at han er den første brukaren vi kan koble til Bjørnsgarden. Vi veit han hadde minst ein son; Torbjørn (c1592) som overtok garden. Voldasoga 3 (s. 242) meiner han hadde to søner til; Byrge og Erik som hhv budde på nabogarden Helset og Mo i Ørsta. Vi veit at Tor var død før 1600 og at enkja overlevde han. Ho gifte seg oppatt med ein Anders Olsson og vart verande på garden. (Busetnadssoga 2: 465)
TESTA RESULTAT
| Namn | Gard | Fødd | Område | Split | Kit no | Haplogruppe | Siste SNP | Markørar |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Tor Olsson | Bjørkedal, Nøre | 1500-talet | Volda | - | BP80766 | R1b | R-Y81853 | 37 |
Kartet under viser kvar denne personen budde eller vart fødd. Grøn markør
viser at linja til personen ikkje er testa enno, men kan testast. Blå markør
viser at den er testa. Ved å zoome ut kartet ser du om der er andre linjer i nærleiken.

RELATERTE ARTIKLAR
-
Mitt Afrikanske DNA Volda VGS 2025-26
Ny rekord! I april avslutta vi årets store DNA-prosjekt på Volda vidaregåande skule for VG3-kullet 25/26. Heile 39 elevar tok DNA-test i år og det var omlag 80 elevar som meldte seg interesserte til testing – eg skulle sjølvsagt ynskt å teste dei alle! Mitt Afrikanske DNA er eit unikt prosjekt for VG3 vi gjort…
