Oppdag nye lokalhistoriske hendingar

Her kjem eit døme på korleis DNA kan hjelpe oss med å oppdage lokalhistoriske hendingar som ikkje har vore dokumenterte tidlegare.

Annonse

Nedst på biletet står nokre nummer som er nolevande personar som har testa seg. Desse har ikkje testa seg på høg oppløysing, så resultata er dermed noko avgrensa. Men likevel kan ein lese mykje. Med normal slektsgransking har dei funne sin eldste ane i rein farslinje (farfars farfars farfar, t.d.), og den ser vi om vi følgjer den stipla linja opp frå denne personen. Som t.d. Langvatn, Driveklepp, Leite, osv. Kva som ligg bak desse veit ein jo ikkje før ein DNA-testar seg. No har desse personane vore såpass heldige at dei har fått mange lokale treff som kan peike oss tilbake til 1100-talet, og kanskje lenger bak. Og sidan alle desse har eldste ane frå området, har nok også denne mannen som levde på 1100-talet vore herfrå.

Med endå djupare testing, som enkelte av desse no har bestilt, kan ein få endå meir detaljert bilete av korleis dette heng saman. I tillegg kan vi sjå korleis dette treet er kobla mot andre og fjernare slektningar – kanskje ser vi etterkommarar som har sett spor etter seg andre stader i vikingtida? Kanskje finnast der arkeologisk DNA som kan koplast opp mot dette? Det er mange spørsmål som kan besvarast med hjelp frå DNA-testing.