Kring 39% av alle testbare linjer i Volda og Ørsta er testa.

Denne oversikta er spennande! Kring 39% av alle testbare linjer (mannslinjer/Y-DNA-linjer) som har overlevd til i dag med eldste ane i Volda og Ørsta er testa. I nasjonal målestokk er dette særs høgt! Denne oversikta viser kva linjer som er testa i ein eller annan grad (nokre finmaska, andre grovmaska) i Volda/Ørsta, samt nokre andre linjer. Framleis er det over 60% som ikkje er testa. Slike oversikter gjer seg ikkje sjølv, og er heller ikkje vanlege å finne.

(fleire bilete i slutten av artikkelen)

Slik les du oversikta: Dei farga linjene er dei som er testa, og er farga etter haplogruppe (les om haplogrupper her: https://www.norwaydna.no/y-dna/y-haplogrupper/). Dei kvite linjene er ikkje testa, og på desse treng vi testarar. Om du er ein mannleg etterkommar i direkte linje (rein far/son-linje) tilbake til ein av desse, hadde det vore av stor interesse å få testa desse for å verte betre kjend med vår felles historie. Dei andre kommunene på Søre Sunnmøre er ikkje like mykje testa, så her er det også særs interessant å få dokumentert og testa manns- og kvinnelinjer.

Annonse

Det jobbast med å få denne oversikta meir fullstendig for fleire kommunar, og eg er også i gong med ei tilsvarande for reine kvinnelinjer.

Akkurat no er det salg på testar fram til nyttårsaftan, så om du har lyst å teste deg og spare nokre hundrelappar, kan du bestille ein test (Y-DNA eller mtDNA) før nyttår på www.familytreedna.com, og sende ei melding til oss om korleis du kan melde deg gratis inn i prosjektet. Om du har andre spørsmål, eller vurderar test og lurer på kven som er din eldste ane i rein fars- eller morslinje, er det også berre å sende melding. 🙂