Mitokondriell DNA og Vadstein-døtrene

Eg har snakka mykje om Y-DNA til no, så eg tenkte å byrje det nye året med mitokondriell DNA, forkorta til mtDNA. Kort sagt er dette DNA som alle borna arvar etter mor si, men som berre jentene kan vidareføre til sine born. Det vil seie at du fekk det frå mor di, som fekk det frå mormor, mormors mor, osv. Og på samme måte som Y-DNA endar det opp i såkalla haplogrupper, som er med på å definere kven som er felle stammødre tilbake i tid.

Men i dette dømet skal vi sjå at det også er nyttig i lokalhistorisk samanheng. Det kan faktisk nyansere dei skriftlege kjeldene og tilføre ny kunnskap. Vi skal til garden Vadstein som er ein del av Hjartåbygda i Volda. Dei skriftlege kjeldene fortel der om Ole Olsson Vadstein (c1666-1754), kona hans Elen Jetmundsdotter frå Mo i Ørsta (c1673-1742), og døtrene Brite (c1688), Kari (c1700) og Mette (c1705) (sjå fyrste biletet). Dei mest observante av dykk legg kanskje merke til at Elen må ha vore særs ung då ho fekk Brite – kring 15 år. Ikkje umogleg – men heller ikkje så veldig vanleg. Meir seier ikkje dei skriftlege kjeldene om dette.

Annonse

Så var det to damer som testa seg heilt uavhengig av kvarandre. Den eine var direkte etterkommar i morslinje tilbake til Brite, og den andre til Mette. Det burde jo bli ein match, men det vart det ikkje. Brite sin etterkommar høyrer til haplogruppe U5b2a2a medan Mette sin etterkommar er J1c3b1. På eitt eller anna tidspunkt må desse ha hatt ulike mødre. Så er det jo slik at eit svangerskap ikkje er så lett å skjule. Det har ikkje vore tale om foster- eller adoptivforeldre i nokon av ledda etter. Då er nok sannsynet høgt for at Brite og Mette hadde ulike mødre, og det er vel ikkje så usannsynleg når me ser på alderen til Elen. Ole Olsson Vadstein var altså truleg gift før han var gift med Elen, og fekk dottera Brite med den fyrste kona. Så har ho truleg døydd, og han vart gift på nytt og fekk fleire born med nyekona Elen (sjå det andre biletet).

Kva så med Kari, dottera midt i mellom? Det veit me ikkje heilt sikkert enno – men det er fullt mogleg å finne ut. Aldersmessig er det kanskje mest truleg dottera til Elen, men det vitast ikkje heilt sikkert utan ein mtDNA-test av levande etterkommarar i rein morslinje etter Kari. Og det finnast, og eg veit kven desse er. Om du ynskjer å donere for å finne ut meir om Kari eller teste di eiga linje, er det berre å ta kontakt med oss på Messenger for framgangsmåte, tips og hjelp. 😊