Guri Helset (c1570) og røtene til Nord-Afrika

I utgangspunktet er alle nye resultat spennande og relevante – og det er alltid gøy å sjå dei fyrste resultata av ein linje som ikkje er testa tidlegare. Å få ny historisk informasjon som ikkje har vore oppe i dagen sidan det ein gong skjedde, og som forlengst var gløymt. Men så kjem ein sjeldan gong desse resultata som får deg til å sperre opp augene og tenkje deg om to gongar. Denne morslinja var ei slik linje.

Guri var fødd ein gong mot slutten av 1500-talet, kanskje kring 1570. Kvar ho var fødd veit vi ikkje, men ho vart gift på Helset i Bjørkedalen i Volda kommune. Ho har mange etterkommarar, men også etterkommarar i rein dotterlinje fram til i dag, og det er ein av desse som har testa mitokondrie-DNA (mtDNA), og som kontakta meg for tolking av resultat.

Guri tilhøyrde haplogruppe L3e5a, som er ei haplogruppe du ikkje ser elles i Noreg. Faktisk er den ekstremt sjeldan i heile Nord-Europa. L3e5 oppstod i området kring Tsjad-sjøen i Afrika for 11500 år sidan, og har reist til Nord-Afrika for kring 7100 år før vår tidsrekning, og blitt til L3e5a. Vi ser at det stort sett er nordafrikanarar som høyrer til linja, med nokre europeiske unntak kring middelhavet, som jo er naturleg når ein ser på geografien.

Annonse

Eg nemnde at denne linja er ekstremt sjeldan i Nord-Europa. Eit unntak er på Island, der det er ei stor grein med etterkommarar av denne linja. Forskningsteoriar tek utgangspunkt i at desse kan vere etterkommarar av kring 400 menneske frå Island som fyrst vart bortført av tyrkarar og solgt i Marokko og Algerie i 1627. 18 år seinare vart nokre av desse henta tilbake til Island. Ei av desse, ei dame kalla Barbara som var nord-afrikansk, hadde med seg tre born tilbake (truleg med islandsk far). Teorien og forskingsrapporten går ut på at den islandske greina av L3e5a truleg er etterkommarar av denne Barbara. Men etter denne forskningsrapporten kom denne Helset-linja inn i biletet, og truleg må dei skrinlegge den teorien, sidan Guri var fødd før dette i det heile tatt hadde skjedd.

Dermed har nok linja kome frå Nord-Afrika ein gong mellom vikingtida og 1500-talet. Kanskje er linja eit resultat av ein nordafrikansk trell som har fått barn i Noreg, og seinare spreidd seg vidare til Island – eller omvendt? Eller kanskje har det vore ein allianse mellom to viktige handelspartar, der ein nordisk høvdingson og ei dotter av ein viktig afrikansk handelsperson har inngått eit partnerskap for å skape ein trygg handelsallianse? Kan hende får vi svar på dette ein gong. Men det vi veit er at det ein gong har kome ei kvinne frå Nord-Afrika til Noreg som har fått barn og dermed er ein av våre forfedre. Det hadde me ikkje visst utan at denne eine personen hadde teke steget og bestilt seg ein mtDNA-test. Har du spørsmål om korleis ein går fram for å bestille, er det berre å ta kontakt. Der er så mange fleire historier som kan forteljast!

https://www.geni.com/people/Guri-Helset/6000000004648352572

I artikkelen