Prosjektmidlar frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre

Eg er utruleg takksam! Mange tusen takk til SpareBank 1 Søre Sunnmøre som har gitt prosjektet ein betydeleg sum pengar til testing av både nye linjer og oppgradering av allereie testa linjer! Og ikke nok med det – dei har så trua at dei vil gje støtte i vidare to år! Grunngjevinga for gåva er at dei ser at dette er eit prosjekt som er med på å fortelje historia vår i denne regionen fra ein ny synsvinkel, og at det er nyskapande arbeid i lokalhistorisk samanheng. Tusen takk for den gode støtta – både økonomisk og for at de har trua på eit slikt prosjekt! ❤️

Dette opnar opp for at eg kan plukke ut nye testarar der ute blant dykk! Eg kjem til å velge likt frå alle kommunene i Sjustjerna (Volda – med Hornindal, Ørsta, Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein og Hareid). Kven som blir plukka ut vert valgt utfrå den eldste anen til testaren, anten i rein farslinje (gjeld berre menn) eller rein morslinje (gjeld både menn og kvinner), og kvar den eldste anen kom frå – og det er på det siste punktet eg kjem til å velge likt mellom kommunene.

Annonse

Dermed kan dei av dykk som tykkjer dette høyrest spennande ut sende ei melding til prosjektet på Facebook-sida om at du ynskjer å vere frivillig testar. Om du allereie har gjort slektsgranskinga, kan du sende med den reine fars- eller morslinja di. Om ikkje du har eit slikt tre kan du sende namn, fødselsår og fødestad på din farfar (for menn) og/eller mormor (for menn og kvinner), så finn eg den eldste anen i tradisjonell slektsgransking. Så får me sjå om du vert den heldige utplukka testaren litt fram i tid! Om du ikkje vil vente på å kanskje bli plukka ut, kan du bestille deg test på familytreedna.com og melde deg inn i prosjektet derfrå. Det er berre å ta kontakt om du treng hjelp til å vite kva du bør bestille til deg, og korleis du melder deg inn i prosjektet.