Nye resultat: Gullik på Skeide (c1610), Ulstein

Det har kome inn mange nye resultat siste tida, og desse skal eg presentere no framover. Mykje av det eg har vist av y-DNA-resultat har vore dei mest finmaska testane, BigY, som gjev absolutt mest informasjon. Likevel brukar vi å seie at det kan vere lurt å byrje med det som kallast ein 37-markørstest. Det gjev informasjon om kva haplogruppe ein høyrer til og ein god indikasjon på kvar i denne gruppa ein høyrer til. Nokre resultat seier meir enn andre, og på sikt har me sjølvsagt lyst å teste alle linjer på djupaste nivå. Det kostar berre litt tid og ein god del pengar. Difor vert ikkje desse analysene like detaljerte som mange av dei de har sett før.

Annonse

Vi byrjar i Ulstein med den einaste eldste anen eg fekk inn derfrå, Gullik på Skeide (fødd ca 1610). Denne testen havna i haplogruppe R1b, og mest truleg i undergruppa L238. Utan BigY-testen kan ein ikkje vite heilt nøyaktig, men utfrå dei treffa testaren har fått har greina hans vore i Skandinavia omtrentleg dei siste 3000 åra. Før dette har den kome frå sentral-Europa. Dei næraste treffa har ein såkalla genetisk distanse (GD) på 3 av 37 – altså at 34 av dei 37 markørane som er testa er like (3 ulike). Det vil seie at vi kanskje må 20-30 generasjonar bak for å finne kvar dei to greinene splitta seg. Dei norske treffa kjem frå både Nord-Noreg og Austlandet, men dei aller fleste er sentrert kring Rogaland og Hordaland. Det kan indikere at denne har kome derfrå. Elles er der mange treff frå dei britiske øyene, noko som er ganske vanleg for R1b. Ein BigY-test vil gje eit mykje meir detaljert bilete av Gullik si fedrelinje.

Om du ynskjer å gje eit bidrag til testing av denne linja (eller andre) kan du gjere det her.

I artikkelen