Nye resultat 2: Ingeborg Pedersdotter Brautaset (c1695), Ørsta

Ein av dei frivillige testarane hadde Ingeborg som eldste ane i rein morslinje bakover. Som eg sikkert kjem til å seie fleire gongar arvar vi mitokondrie-DNA (mtDNA) frå mor, og døtrene fører det vidare til sine barn. Difor kan både menn og kvinner teste dette.

Ingeborg Pedersdotter Brautaset vart fødd kring 1695 og var dotter av Peder Olsson (c1641) frå Ytre Åm som busette seg på Histadgarden på Brautaset. Ho gifte seg til Velle og deretter som enke til Haugen, begge gardar i Ørsta, fekk born i begge ekteskapa og har ein god del etterkommarar. Kven mora til Ingeborg var veit vi ikkje. Men no veit vi ein del meir om formødrene hennar.

Annonse

Resultat

Resultatet som testaren fekk, og som ho har arva frå m.a. Ingeborg, var J1c4. Denne haplogruppa finn vi mange stader i Noreg, så det er litt vanskeleg å vite eksakt kva veg denne har gått dei siste 2000 åra, for der var ingen eksakte treff. Men treffa er både såpass vide og strekk seg så langt bak at det er gode grunnar for å tru at den har vore i Noreg i mange tusen år, og endå litt lenger i Skandinavia, sidan der er mange svenske treff lenger bak.

Frå Kaukasus til Europa

Haplogruppe J oppstod kring 45.000 år sidan ein stad i Vest-Asia, kanskje kring Kaukasus der mange andre linjer også hadde sitt utspring frå. Dei neste 30.000 åra kom der fleire nye greiner og J1c oppstod for omlag 16.500 år sidan. Der er ikkje så mange frå Midtausten med J1c, som kan tyde på at denne har reist mot Europa noko tidlegare enn mange andre J-linjer, og kan ha vore av dei som befolka Europa via Balkan etter istida. Vi finn dei også blant jordbrukarane i neolittisk tid, så dei har blitt ein del av jordbrukssamfunnet. J1c4 finn ein i heile Europa, men Ingeborg sine næraste treff er norske – frå Troms i nord til Hedmark i søraust – og også eit lokalt treff i Norddal. Elles er der ingen eksakte treff, og vi håpar på at det kjem etterkvart som fleire testar seg – så vi kan legge på meir informasjon til Ingeborg sine formødre og vår eiga historie. Kanskje er det du som sit på nøkkelen?