Nye resultat 3: Peder Jonsson Hatlebrekke (c1717), Vanylven

Dette nye resultatet kom via ein som bestilte seg test etter å ha lest om prosjektet. Veldig kjekt! Og ikkje nok med det – vedkommande testa seg for Big-Y, den høgaste oppløysinga på y-testing!

Resultatet

Testarens eldste ane i rein farslinje er Peder Jonsson Hatlebrekke, som var fødd kring 1717 og brukte Hatlebrekke som ligg inst i Syltefjorden. Peder skal i følge testen ha høyrt til haplogruppe R1b, som er ganske vanleg i Noreg og endå meir vanleg langs kysten. Under R1b er det mange undergrupper, og desse har som vanleg litt kryptiske namn. Denne har namnet R-FT242319 – og den er ikkje så gammal, og vi kan dermed seie litt om den næraste historia.

Annonse

Næraste treff

Det næraste treffet til Peder er rekna til kring år 1520 e.kr. Det som er litt snodig er at dette treffet har eldste ane tilbake på 1700-talet til Larvik. Altså har desse to testarane ein felles ane frå kring 1520. Så er spørsmålet – kom Peder sine forfedre frå Larvik, eller er det motsatt? Big-Y gjev ikkje svaret på dette denne gongen – her må me sjå kvar dei andre treffa kjem frå, dei som ikkje har testa fullt. Og Peders næraste treff utanom Big-Y er ein med eldste ane Hans Andersson Gjerde (1698) frå Sande kommune her på Sunnmøre. Dette verkar å vere eldre enn Larvik-treffet, så det er nok mest truleg Larvik-linja som originalt kjem frå Sunnmøre. Kor tid og korleis veit vi ikkje enno – men etter 1500. Framtidige testarar kan site med svaret her!

Frå Nord-Kaukasus til Europa

R1b er i europeisk samanheng gjerne nemnd i samband med steppefolket som domestiserte husdyr som storfe og hestar, og kom inn i Europa i neolittisk tid. Dette har nok skjedd i fleire bølgjer og etterkommarane er mange. Det gjev ganske detaljerte tre. Vedlagt ser de to tre som viser linja til Peder omlag dei siste 6-7000 åra (henta frå eupedia.com). Desse trea byrjar på M269 i Nord-Kaukasus, er blant ur-germanarane (U106) og endar på S3207 som er vanlegast i Norden og i Skottland (sjå vedlegg 2 og 3). Dei siste 3000 åra har nok truleg teke vegen via Sverige og inn i Noreg. Det ser vi på vedlegg 4. Det er for få treff til å fastslå enno kor tid linja kom til Sunnmøre – men det kan jo kome nye treff om fleire testar seg, slik denne testaren gjorde – og vart dermed med på å tilføre kunnskap til historia vår. Tusen takk for bidraget!

Peder Jonsson Hatlebrekke på Geni: https://www.geni.com/…/Peder-Hatlebrekke/6000000051015899834