Nye resultat 4: Marte Eriksdotter Ner-Saure (c1640)

Ein av dei frivillige testarane hadde Marte som eldste ane i rein morslinje bakover. Og som sagt tidlegare arvar vi mitokondrie-DNA (mtDNA) frå mor, og døtrene fører det vidare til sine barn. Difor kan både menn og kvinner teste dette.

Marte var i følge band 4 av “Hjørundfjord Gard og ætt” dotter til Erik Olsson Bjørke som slo seg til på Ner-Saure i Skjåstaddalen, men ein kjenner ikkje til mora sitt namn. Marte gifte seg til Finnes, og det er døtrene hennar som har ført Martes mitokondrie-DNA vidare til denne testaren.

Resultatet

Marte høyrde til haplogruppe W1, og den siste mutasjonen er G94A. Ho har mange treff, men alle dei tre næraste har eldste ane på nordvestlandet – nærare bestemt Sogn og Fjordane. Av treff som er eldre enn dette ser vi tydeleg at det er mykje irsk og britisk, og noko elles som er spreidd frå ulike delar av Europa. G94A-mutasjonen er berre funne blant norske linjer, som kan tyde på at den har oppstått her eller oppstått seint ein stad før den kom hit.

Annonse

Frå jordbruksrevolusjon til Irland

Ein reknar med at W og W1 oppstod i løpet av istida i Kaukasus-området – dette området som dei fleste haplogruppene eg nemner har kome frå. Det kom inn i Europa med jordbruksrevolusjonen i neolittisk tid. Der er også mange arkeologiske funn av levningar som høyrer til tidleg i Marte si linje, heilt frå Tyrkia til dei britiske øyene. Ein finn ulike greiner av W1 i heile Europa. Men Marte si grein har reist vidare over til dei britiske øyene, og det er nok mest sannsynleg at det er der den kom frå då den kom til Noreg. Basert på treffa er det heller ikkje vanskeleg å sjå føre seg at det har landa på nordvestlandet, kanskje til og med Sogn og Fjordane. Derfrå er ikkje kystvegen lang til Hjørundfjorden.

Meir om haplogruppe W1: https://www.eupedia.com/europe/Haplogroup_W_mtDNA.shtml


I artikkelen

Kjelder

Mats Carlin i W&N2-prosjektet på Family Tree DNA