Knut Pedersson Frøystad (c1700), Herøy

Denne greina er testa av ein frivillig testar og endar på papiret opp på garden Frøystad sør på Leinøya i Herøy. Linja er tidlegare testa, men berre på lavaste nivå av ein amerikanar som eg ikkje får kontakt med. Og den såg sopass interessant ut at eg ville få testa denne djupare. Akkurat på denne har eg vore så heldig å få sponsormidlar frå eit prosjekt i USA til den beste og djupaste testen, Big Y-700. Y-DNA arvar gutar frå faren sin som igjen har arva det frå sin far, og slik sporar vi linja bakover i reins mannslinje via ørsmå mutasjonar som lagar nye slektstre bakover i historia som me ikkje visste om før.

Ein gut vart fødd ein gong på 500-talet kanskje i ein dal i sør i Noreg med mutasjonen I-Y10668, som Knut Pedersson Frøystad og hans agnatiske etterkommarar også har.

Testarens eldste ane med vanleg slektsgransking var Knut Pedersson Frøystad, fødd kring 1700. Han dreiv garden Frøystad, var gift og fekk 5 born vi veit om. Om han var oppvaksen på garden er litt usikkert – eg veit nokre spekulerar på dette grunna at førre brukaren heitte Knut som hadde sonen Peder, som igjen kan vere far til vår Knut. Men historia til vår Knuts linje er like gyldig likevel.

Blant dei første europearane

Fig. 1: Den omtrentlege reiseruta til Knut Pedersson Frøystad si farslinje.

Knut høyrer til ei haplogruppe som ikkje er veldig vanleg i Noreg; I2. Som dei fleste andre linjer eg har snakka om her starta også denne i midtausten, men flytte vestover via Tyrkia inn i Europa og var saman med haplogruppe I1 blant dei første europearane. I2 oppstod kring 15000 år f.kr. i nettopp Balkan-området. Her spesialiserte dei seg på livet syd for isen og flytte nordover etter kvart som den trakk seg tilbake. Men mange vart også verande, og den dag i dag er der mange frå Balkan og Aust-Europa som høyrer til denne gruppa.

Veldig mange I2-personar har mutasjonen L801 og deler ein felles forfar som levde for 6750 år sidan, sjølv om L801-greinane opplevde ei dramatisk utbreiing dei siste 2000 åra. L801 er hovudsakleg funnen i dei germanske landa, særleg i Danmark, Tyskland, Nederland, England og i nordvest-Sicilia (Normannisk busetnad). Den er òg funnen i lågare tal i resten av Europa, frå Portugal til Russland. I2-L801 er trudd å ha vorte spreidd rundt i Europa av dei danske vikingane (Storbritannia, Normandie, Sicilia), dei svenske vikingane (Baltikum, Russland, Ukraina), gotarane (Moldova, Balkan, Italia, sørvestre Frankrike, Spania), suebarane (Portugal og Galicia), langobardane (påvist av eit område i Campobasso, Molise) og frankarane (Rhinland, Belgia). Alle hovudgreinane er funne i Tyskland, noko som peiker mot at dette er opphavslandet.

Frå Sentral-Europa til nord

Fig. 1: tidslinje som viser reisa gjennom tid og plass. Merk at desse flagga indikerar det som i dag høyrer til desse landa, men ikkje nødvendigvis i det tidsromet.

Etterkvart som millennia gjekk og vi nærmar oss vår tid flytta Knut si grein seg stadig lenger nordvest – først inn i Sentral-Europa med skogane og elvene, men vart nok også ganske tidleg ein del av bøndene som kom frå aust i neolittisk tid. Vi har grunn til å tru at Knut si grein har kome til Noreg frå Tyskland eller Danmark ein gong mellom år 1000 f.kr. og år 500 e.kr. Det er faktisk eit stort genetisk tomrom akkurat desse 1500 åra på denne linja. Det kan vere at det berre er ei overlevande linje med desse mutasjonane, eller at det kjem fram meir når fleire folk testar seg for Y-DNA. Eg trur mest det siste.

Til Noreg

Mange er opptekne av folkevandringstida og vikingtida. Det er ei spennande tid for oss som driv med DNA-slektsgransking. Vi ser i genetikken at det var mykje forflytning inn og ut av Noreg i desse periodene, som dei skriftlege kjeldene også viser – sjølv om desse også viser dei krigerske sidene ved vikingane, og lite anna. Kring år 530, før vikingtida, oppstod det uansett ein mutasjon (Y10668 – sjå fig. 2 der det norske flagget kjem først) hjå ein gut som truleg var fødd i Noreg, som sønene hans og alle dei mannlege etterkommarane direkte mannslinje også arva. Også Knut Pedersson på Frøystad. Der er mange andre treff frå Skottland og Storbritannia, og nokre svenske, og det kan sjå ut som at desse har kome dit anten frå norske eller danske vikingar, bønder eller handelsfarande. Eg trudde først det kunne sjå ut som at linja kom frå Skottland til Noreg, men dei fleste treffa er norske og utgreiningane talar i favør av at den var i Noreg først. Og treffa er frå omlag heile landet; frå Nordland i nord til Agder i sør. Spesielt vil eg også nemne at der er nokre interessante funn i Nordfjord også, på ei linje også mange sunnmøringar har i treet sitt. Denne sentrerar seg kring Oluf Sjursson Hopland (c1470-<1540), som då også er etterkommar av denne guten frå 500-talet med mutasjonen Y10668.

Knuts linje har i tillegg ein mutasjon (FTA14414 – fig. 1 norsk flagg nede til venstre) som oppstod kring 1110 e.kr. hjå ein gut fødd langs kysten ein stad. Etterkommarane til den norske guten er mange, men konsentrasjonen ligg på Nordvestlandet (Herøy og Stordal i Møre og Romsdal) og Trøndelag (Børsa), som kan tyde på at den har vore lenge her – kanskje heilt frå vikingtida. Og det fekk me vite grunna ein sunnmørings DNA-test. Skal tru kva historie du går rundt med?

Fig. 3: Eupedia sitt oversyn over Knut sitt tre frå mutasjonen L801. Knut si grein er markert i oransje.

I artikkelen

Kjelder

Rabben 1979: Herøyboka b. 1