Nye resultat 6: Lisbet Henriksdotter Overå (c1710), Hareid

Då er det Hareid sin tur. Ein av dei frivillige testarane har Lisbet Henriksdotter på Overå som eldste ane i rein morslinje bakover. Og som sagt tidlegare arvar vi mitokondrie-DNA (mtDNA) frå mor, og døtrene fører det vidare til sine barn. Difor kan både menn og kvinner teste dette.

Lisbet var dotter av Henrik Olsson Overå, og er dermed fødd og oppvaksen der. Vi veit ikkje akkurat kor tid ho vart fødd, men reknar med at det må ha vore kring 1710. Kven mora hennar var er heller ikkje namngitt. Ho gifta seg, flytta til Nedrelid og fekk fem born me kjenner til.

Frå Kaukasus til Europa

Annonse

Lisbet høyrer til ei haplogruppe som heiter J1c1a. Tidlegare har eg skrive om Ingeborg Pedersdotter Brautaset, som fekk resultatet J1c4. Det vert kanskje litt søkt å kalle dette slekt sidan to systre ein gong for kring 22.000 år sidan skapte to store nye greiner – den eine Lisbet si og den andre Ingeborg si. Men det var likevel ei felles reise fyrst.

Haplogruppe J oppstod kring 45.000 år sidan ein stad i Vest-Asia, omlag kring Kaukasus der mange andre linjer også hadde sitt utspring frå. Dei neste 30.000 åra kom der fleire nye greiner og J1c oppstod for omlag 16.500 år sidan. Der er ikkje så mange frå Midtausten med J1c, som kan tyde på at denne har reist mot Europa noko tidlegare enn mange andre J-linjer, og kan ha vore av dei som befolka Europa via Balkan etterkvart som isen trakk tilbake. Vi finn dei også blant jordbrukarane i neolittisk tid, så dei har blitt ein del av jordbrukssamfunnet. Haplogruppe J er spreidd over heile Europa, som gjer det litt vanskeleg å setje nåla geografisk reint opphavsmessig. J1c1a, som er Lisbet si haplogruppe, oppstod kring 3200 f.kr. og er utbreidd over heile Skandinavia og Storbritannia.

Skandinavisk

Det er litt vanskeleg å setje Lisbet si linje nøyaktig geografisk. Ho har mange treff, men dei fleste av desse er fleire tusen år gamle og dei sprer seg geografisk. Men dei aller fleste kjem frå Storbritannia/Irland og Finland. No må det takast med i berekninga at dette er område som er mykje testa, og dermed kjem dei i fleirtal, i tillegg til at dei er meir vanlege i desse områda enn elles. I og med at dei sopass likt representert har kanskje skiljet skjedd før migrasjonen til kvar si retning.

Nordfjordtreff

Der er tre nære treff til Lisbet, og alle tre er frå Innvik. Det er dermed lett å tenke at Lisbet sine formødre må ha kome herfrå, men det er ikkje sikkert. Likevel kan vi rekne med at linja har vore her på nordvestlandet minst sidan tidleg mellomalder, og mest truleg lenger bak. Her må vi få fleire nære treff for å konkludere. Kanskje er det du som går rundt med svaret?


I artikkelen

Kjelder

Bjåstad og Waage 1985: Bygdebok for Ulstein og Hareid, band 6