Frå Irland til Sunnmøre – nok ein gong

Eg har tidlegare skrive eit stykke om nokre sunnmørske linjer som kom frå Irland ein gong etter vikingtida. Det er fleire slike linjer, og den eg skal skrive om i dag har kome hit ein gong mellom år 100 og 950.

Irland i romertida

Vi reiser tilbake til år 127. Romarane har overteke makta i Storbritannia og bygger Hadrians mur nord i England. På Irland er det også bygd forsvarsverk og den romerske geografen Ptolemy skriv seinare om den irske busetninga “Eblana civitas”, som vert rekna som dagens Dublin. Kanskje var det her guten med mutasjonen FT183058 (vi kallar han Sean) vart fødd, og han vart agnatisk forfader til alle dei vidare nemnde personane, samt dei på illustrasjonen. Han fekk søner som har gitt fleire separate linjer som kan sporast i direkte agnatisk linje (far/son) fram til i dag, der dei aller fleste går til Irland, ei til Skottland – og ei til Sunnmøre.

Til Sunnmøre

Denne sunnmørslinja har eit felles utgangspunkt i ein gut som vart fødd kring år 947, altså midt i vikingtida, med mutasjonen Y81853. Vi kallar han Ask. Sidan han er utgangspunktet for to sunnmørsgreiner, er det ikkje kontroversielt å spekulere i om han allereie var fødd her på Sunnmøre. Linja hans har i alle fall kome til Noreg ein gong mellom Sean (127 e.kr.) og Ask (947 e.kr.). Det er seks testarar med eldste anar som er utgangspunktet for denne utrekninga, og alle desse har teke Big-Y, den mest finmaska Y-DNA-testen. Det er nok fleire linjer som er testa i mindre omfang, men desse er ikkje med i dette stykket.

Annonse

Testarane sine eldste anar

Det er som nemnd seks testarar, men fem ulike eldste anar. Dette er:

Knut Arnesson Lyngnes (c1643), Volda

Amund Sjursson Eide (c1570), Volda

Arnfinn Knutsson Lauka (c1722), Haram

Knut Hole (c1590), Sykkylven

Knut Jetmundsson Øy (c1570), Ørsta

To greiner

Ser vi på illustrasjonen kan ein sjå at treet delar seg i to greiner etter Ask. Den eine greina består av Lyngnes og Eide, begge frå Volda. Desse har ein felles mutasjon frå ein gut frå området som var fødd kring 1298, og stammar begge frå denne personen. Den andre greina består av Lauka, Hole og to etterkommarar av Øy – altså Haram, Sykkylven og Ørsta. Desse tre linjene har eit felles opphav i ein gut fødd kring 1233. Kring 1392 vert det fødd ein gut til som er stamfar for Hole (Sykkylven) og Øy (Ørsta), som dermed har nærare slektskap enn dei har til Lauka.

Knut Jetumndsson Øy, Ørsta

Eg nemnde at der var to testarar av linja etter Knut Jetmundsson Øy. Desse har altså begge Knut som eldste ane på papiret i rein farslinje, men den næraste eldste anen dei har er Knut Nilsson Myklebust til Bjørdal (c1647), og er etterkommarar av sønene Anders og Jon. Det artige er at det her finnast ein ny felles mutasjon (Y103885) som er tidfest til kring 1660. Det er ikkje utenkjeleg at den oppstod hjå Knut Nilsson (c1647), og testing av endå tidlegare brødresplittar vil kunne gje oss betre svar på det.

Desse resultata var moglege å få til ved at folk testa seg. Kven veit kva historie som ligg og ventar gjennom ditt DNA – kanskje du også er etterkommar av Sean?