Gjertrud Jonsdotter Åmelfot (c1680) – om usikre kjelder og nye hypoteser

Dei fleste slektsgranskarar møter på eitt eller fleire tidspunkt på usikre kjelder. Du veit, dei gongane du trur du har funne vegen vidare, men får ikkje bevist dette med ordinære historiske kjelder. I denne artikkelen ser vi på eit slikt tilfelle, men her kan vi via mtDNA bevise at teorien var riktig. I tillegg til å finne nye hypoteser og ei noko uvanleg norsk haplogruppe! Dette er den mitokondrielle historia til Gjertrud Jonsdotter (c1680-1761) på garden Ytre Åmelfot i Dalsfjorden i Volda.

Formora til Gjertrud Jonsdotter Åmelfot (c1680) og Gjertrud på søre Bjørkedal (c1610) har truleg kome frå Tyskland/Polen ein gong mellom år 500 og 1300 e.kr. (AI-generert av Gunnar Sigve Aurdal)

Dei usikre kjeldene etter Gjertrud Jonsdotter på Ytre Åmelfot

I Busetnadssoga for Volda band 1 (s. 432) er Gjertrud nemnd som kona etter enkemann Jon Rasmusson Åmelfot (c1649-?), som kom frå garden Innselset i samme fjorden. Dei fekk fire born saman, derav to døtre; Mette (c1708?) og Eli (c1712). Alt vel så langt. Dei usikre kjeldene ligg lenger framme i tid. Det er fleire av dei, nemleg.

Kjelde 1) Vi forflyttar oss fram til 26. januar 1828 då Henna Pauline Olsdotter vert fødd på Indre Lid i Volda med foreldre Ole Olsson Lid og (Mette) Eli Larsdotter Havåg (fødd Rovde 1794). Ein del hobbygranskarar brukar berre bygdebøker til slektsgransking, og desse er uvurderlege for oss alle, men nokre gongar kan enkelte av desse bøkene mangle informasjon. Mette Eli vaks opp på garden Havågane i Eiksund, som er omtala i Herøyboka band 3. Men far hennar døydde i 1794, samme året ho vart fødd og mora fødde henne på Rovde som ikkje er i Herøybøkene. Dermed har ikkje bygdebokforfattaren fått med seg denne dottera. Dette er ikkje ei usikker kjelde, men ein typisk plass det stoppar opp for mange som berre baserar seg på bygdebøker.

Kjelde 2) Mette Eli vart fødd 1794, og var dotter av Lars Knutsson Eiksundøydegard (1735-1794) og Gjertrud Verniksdotter Dravlaus (1752-1840), i følge samme Herøyboka (band 3 side 310). Dette stadfestar også kyrkjebøkene då Lars og Gjertrud giftar seg i Volda hausten 1787. No har det seg slik at der ikkje er nokon høveleg Vernik/Verner på Dravlaus som kan vere far til Gjertrud, og heller ikkje på dei mange gardane rundt. Det tyder på at Gjertrud truleg var i teneste på Dravlaus på denne tida og kom utanbygds frå. Det var ganske vanleg at folk fekk gå i teneste hos slekt eller anna kjennskap. Men kvar kom Gjertrud Verniksdotter frå og kvifor kom ho til Dravlaus? Her har me kome til den usikre kjelda.

Kjelde 3) Etter litt leiting vil ein finne ei Gjertrud Verniksdotter fødd på Vedlogane i Syvde i 1755. Ho er dotter av Vernik Olsson og Eli Jonsdotter. Desse står også omtala i Bygdebok for Syvde (s. 116), men det står ikkje kvar dei kom frå. Det står heller ikkje kva som skjedde vidare med dottera Gjertrud Verniksdotter. Då må ein leite i bygdebøkene etter folk med desse namna som giftar seg i områda rundt. Ein finn at paret Verner Olsson Vassbakke og Eli Jonsdotter Åmelfot giftar seg i Volda i 1742. Dette er den samme Eli Jonsdotter Åmelfot som er dotter til vår hovudperson Gjertrud Jonsdotter Åmelfot. Er dette det samme paret som buset seg i Syvde? Eg vil tru dei fleste ville ha funne dette rimeleg, som også Busetnadssoga for Volda har gjort, men vi har ikkje direkte bevis.

Annonse

Mitokondrielt DNA-bevis

Gjertrud Jonsdotter fekk som kjent to døtre; Mette og Eli. Mette gifta seg på Olagarden på Ytre Dravlaus og hennar linje fram til i dag er lett å spore i kjeldene. Kanskje var det på denne garden på Dravlaus tidlegare nemnde Gjertrud Verniksdotter Vedlog hadde teneste hos tanta si, Mette, og dermed vart kalla Dravlaus i kyrkjebøkene og bygdeboka?

Vi har altså ei sikker genealogisk linje (via Mette) og ei usikker (via Eli). Med to testarar i rein morslinje etter Mette og Eli vil vi kunne bevise at linjene stemmer genealogisk om dei får treff. 

Og treff vart det – dermed kan vi stadfeste at alle dei usikre ledda over ikkje lenger er usikre.

Dannar nye hypoteser

Noko av det gøye med DNA-testing av nye linjer er at vi ikkje anar noko om resultatet som kjem. Gjertrud Jonsdotter si haplogruppe er T2b23, ei noko uvanleg norsk haplogruppe og berre nokre få treff. Men eitt av desse treffa var ekstra spennande, med eldste ane Gjertrud på søre Bjørkedal, fødd kring 1610. Dette er eit eksakt treff, og det gjev oss moglegheita til å spekulere i om dette kan ha vore mormor til Gjertrud Jonsdotter. Men akkurat det får me ikkje svar på via mtDNA, då dette er for usikkert i slike samanhengar. Det kan vere slekt på anna vis også – men det dannar uansett grunnlag for nye hypoteser ein kan jobbe vidare med.

T2b23 – reisa frå Afrika til Nord-Europa

Når ein har lest ein del artiklar og jobba med y- og mtDNA ser ein ganske fort at starten på reisa er ganske lik. Dei fleste vestlege mt-haplogrupper har teke turen ut av Afrika, til Indusdalen og vidare vest til Kaukasus og Midtausten, der den var i tusenvis av år før nokre reiste vidare inn i Europa for å oppdage nye område. Slik også for T2b23. T2b er kjend for å vere den største av T2-undergruppene og er i dag mest utbreidd på Balkan, Nederland og i Skandinavia. Akkurat T2b23, som er Gjertruds haplogruppe, er derimot ikkje så vanleg i Skandinavia. Den har nok oppstått i syd eller aust i Europa, og havna i området Tyskland/Polen før den har reist vidare til Noreg. Kor tid er veldig uvisst, då det er lite treff å samanlikne med, men denne reisa har ikkje skjedd før dei siste 1500 åra. Kanskje kom den til oss i folkevandringstida, kanskje seinare. Fleire treff i framtida vil kunne gje oss eit tydelegare svar.

Den omtrentlege reisa til Gjertruds formødre – her ser vi den typiske reisa ut av Afrika, til Indusdalen og vidare til Kaukasus. T2b tok turen vidare inn i Europa. Reiseruta er basert på eit geografisk snitt og kan dermed vere noko mindre nyansert på slutten då det er færre funn. (http://scaledinnovation.com/gg/snpTracker.html)
Eupedia sitt varmekart over utbreiinga av haplogruppe T2.

Takka vere skuleprosjektet Mitt Afrikanske DNA

Skuleprosjektet Mitt Afrikanske DNA på Volda Vidaregåande Skule har pågått sidan 2016, og alle dei tre testarane som er vist til i denne artikkelen er frå dette prosjektet. Det viser at vi alle kan gå rundt og bere på informasjon om historia vår som fortenar å kome fram og gje oss ny kunnskap om våre aner. Skal tru kva historier du har i ditt DNA?

Kjelder

https://www.eupedia.com/europe/Haplogroup_T_mtDNA.shtml

www.digitalarkivet.no

http://scaledinnovation.com/gg/snpTracker.html

Busetnadssoga for Volda band 1, 2 og 5

Herøyboka band 3

Bygdebok for Syvde