Jon Larsson Tue i Vanylven og hans samband til Volda

Som slektsgranskar kjem ein ofte over personar som er vanskelege å plassere heilt nøyaktig. Du kjenner i magen at det du trur må vere korrekt, at alt peikar mot det, men du manglar det siste provet. For fleire år sidan vart eg kontakta av ein dyktig slektsgranskar som hadde ei slik sak, og som hadde gjort eit solid arbeid som vert presentert i artikkelen. Denne handlar om Jon Larsson Tue (1713-1771) i Vanylven og dei tvetydige kjeldene som leia han til Volda – og korleis Y-DNA saman med tradisjonell slektsgransking vart løysinga for å finne svaret om Jons opphav. Eller korleis ein liten Tue kan velte eit stort lass med feilkjelder.

Kortversjon

Artikkelen handlar om slektsgransking ved hjelp av DNA og tradisjonelle kjelder for å finne ut av Jon Larsson Tue si slektshistorie. Ved å bruke Y-DNA testar kunne vi stadfeste slektskapet mellom to personar som begge hadde forfedrar frå Vanylven og Volda på 1700-talet. Gjennom DNA-resultat og skiftedokument kunne dei vise at Jon Larsson Tue og Nils Larsson Dravlaushol var brødre, og deira eldste kjente ane var Ole Olsson Feta frå slutten av 1500-talet. DNA-testing er eit verdifullt verktøy for å løyse slektsgåter.

Dravlausholen sett frå hovudvegen og innover Dalsfjorden (henta frå Street View på Google Maps).

Byrjinga

Det byrja vel eigentleg med to personar som på kvar sin kant tok ein Y37-test, altså testa dei 37 markørar på y-kromosoma sine. Den eine testaren hadde skrive inn sin eldste ane etter det Busetnadssoga hadde gjeve han; Lars Jonsson Dravlaushol i Dalsfjorden i Volda som vart fødd mot slutten av 1600-talet. Den andre testaren hadde Jon Larsson Tue (c1711-1777) i Vanylven som sin eldste ane. Men desse to testarane fekk altså eit treff med 34 av 37 like markørar, og det kan gje grunnlag for å spekulere litt, sjølv om det også kan vere eit treff som ikkje kan provast med vanleg slektsgransking. Eller kan det gjerast?

Både rett og feil i bøkene

Om vi ser i bygdebøkene, som er ein super ressurs for å leite etter svar, fortel dei oss mykje ulikt i denne saka. Eg skal prøve å vere enkel nok i forklaringa.

Problem 1) I følge Busetnadssoga for Volda (band 1, s.300) er der to Lars Jonsson på Dravlausholen. Kan det vere samme mann? Den fyrste Lars Jonsson er frå Feta og vart gift med enka etter den førre brukaren Hans Hansson. Her blir det nemnd to born: Jon (i Håvik i 1738) og Jon (på Ulvestad i 1738). Dette skal i følge Busetnadssoga vere informasjon frå eit skifte datert 10.11.1738 etter hans død. Den andre Lars Jonsson har ikkje oppført noko kone, men fire born: Jon (1713), Halvor (1715), Knut (c1717) til Sundal i Vanylven og Nils (c1726) til Sætre i Dalsfjorden. Lars skal i følge Busetnadssoga vere død før 30.5.1740, ettersom det då skal vere eit skifte etter han.

Her ser vi to Lars Jonsson etter kvarandre i bøkene (Busetnadssoga band 1: s. 300)

Problem 2) Voldasoga (Aarviknes b. 3: s.264) meinar Jon Larsson Tue (1711-1777) skal vere son av Lars Olsson Helset (c1680-1743) i hans første ekteskap. Jon sat på eigedom i Håvika i Volda som han solgte ut rett før han døydde i 1777. Kan dette vere den samme Jon Larsson som vert nemnd i Håvik 1738 av Busetnadssoga? Kven er då rett far – Lars Jonsson Dravlaushol eller Lars Olsson Helset?

Voldasoga (band 3 s. 264) hevda at Jon Larsson Tue kom frå Helset i Bjørkedalen.

Annonse

Løysing av problema

I det fyrste problemet skal det i følge Busetnadssoga for Volda vere to ulike Lars Jonsson på Dravlaushol etter kvarandre. Den fyrste skulle vere far til to søner som begge heitte Jon, og dette skulle vere informasjon frå skiftet etter han 10.11.1738. Dette stemmer ikkje på mange plan. Først; det finnast ikkje eit skifte datert 10.11.1738 med desse i. Kvifor det har blitt presentert som det veit eg ikkje, men der finnast eit skjøte datert denne datoen der Lars Jonsson Drabløs(hol) sel sin del av Håvika til sin “kiære elskede Søn Joen Larsen”. Altså var ikkje Lars Jonsson død i 1738. Dernest sel Jon Jonsson Ulvestad sin del av Håvika til “min kiære Broder Søn fornæfnte Joen Larsen”. At Jon Larsson er brorson av Jon Jonsson Ulvestad tyder på at Lars Jonsson og Jon Jonsson var brødre. Og på Feta var der to brødre som heitte Jon og Lars, og dei flytte høvesvis til Ulvestad og Dravlausholen. Sidan dette var eit skjøte og ikkje eit skifte var altså ikkje Lars Jonsson død i 1738. Kva med “skiftet” 30.5.1740? Dette finn eg heller ikkje – så kvar denne informasjonen er henta er uvisst, og eg finn heller ikkje tilsvarande dokument frå denne datoen. Kanskje nokon andre klarer å finne noko?

Ulike problemstillingar under slektsgranskinga vert løyst. Raudt stemmer ikkje, gult stemmer delvis og grønt stemmer.

Det andre problemet vert løyst via det første – dette skjøtet frå Håvika er sentralt. I 1777 sel Jon Larsson Tue eigedommen han kjøpte i 1738. Dermed kan vi koble han som sonen til Lars Jonsson Dravlaushol. Det interessante er at det vert døypt ein gut 1. oktober 1713 i Holen (Dravlaushol) som heitte Jon Larsson, og ein av fadderane var tidlegare nemnde Jon Ulvestad. Dermed kan me langt på veg smelte saman dei to Lars Jonsson Dravlaushol til ein. 

Oppgradering til Big-Y vart løysinga

Siste året oppgraderte begge testarane frå Y37 til den mest finmaska testen Big Y-700. Om Jon Larsson Tue var son til Lars Jonsson Dravlaushol må Big-Y-resultata vise at dei har sopass mange felles unike mutasjonar at det kan tidfestast eit skilje på byrjinga av 1700-talet. Og det gjorde det! Som vi ser av biletet under (modell 1) har desse to testarane særs mange felles mutasjonar. Slike mutasjonar skjer i snitt mellom to og tre generasjonar, men kan nokre gongar kome oftare eller sjeldnare. I denne samanhengen har dei ingen andre Big-Y-treff innan dei siste 1500 åra (ein felles mutasjon med fleire andre greiner tidfest til 456 e.kr.) , og dermed vert talet mutasjonar sidan den tid definerande for kva årstal vi set på siste felles mutasjon mellom dei to testarane vi snakkar om i denne artikkelen. Matematisk er det sett opp at denne mutasjonen har skjedd kring 1771, men i røynda må det vere tidlegare – og det stemmer godt overeins med det vi har funne i kjeldene.

Modell 1: Våre to testarar heilt til høgre. I rubrikken der det står I-FTE94337 øvst ser de alle mutasjonane dei har arva frå felles forfedre i rein farslinje tilbake til ca. år 456 f.kr.
Modell 2: Her er tidslinja som viser kor lang linja er tilbake til år 456 e.kr., og forhåpentlegvis vil fleire testarar i framtida skape nye greiner mellom I-Y53241 (ca. 456 e.kr) og Lars Jonsson Feta (c1664).

Dermed kan vi fastslå at Jon Larsson Tue og Nils Larsson Dravlaushol var brødre, og at vi kan oppgradere deira eldste ane til oldefaren deira, Ole Olsson Feta (c1572).

DNA ein fantastisk reiskap i slektsgranksing. Utan Y-DNA hadde vi ikkje vore sikre, og i denne samanhengen hadde vi ikkje tenkt på å sjå etter desse linkane mellom Tue og Dravlausholen utan at dei to testarane tok ein DNA-test. Kven veit kva du finn i ditt DNA?

Denne modellen viser korleis den agnatiske linja heng saman tilbake Ole Olsson Feta (c1572), og korleis samanfallande Y-DNA-resultat mellom testar 1 og 2 har prova dette saman med tradisjonell slektsgransking. (Modell: FjordDNA v/Gunnar Sigve Aurdal)