Anders Fransson Selvik (1678)

Anders Fransson Selvik (c1678-1760) var gift med Lisbet Jonsdotter (c1698-1783) og budde i Selvik i Austefjorden. Frans-namnet er ikkje så veldig vanleg i traktene, men likevel er det ikkje så lett å vite heilt kor han kom frå. Anders og Lisbet budde ei tid på Torneset på Nøre Bjørkedal før dei kom til Selvika, men det er ikkje noko anna som tilseier slektskap i Bjørkedalen. Selvik er nok ikkje ein gammal gard, sjølv om jorda her nok har vore dyrka ei stund under Ullaland. Anders og Lisbet budde her i ei tid når garden vart sett på som tungvunne å drive, men det var ein god korngard. I 1723, nokre år før dei tok over garden, var der 1 hest, 11 kyr og ungfe, 8 sauer og 8 geiter. Dei fekk minst seks born saman; Kari (c1724), Frans (c1726), Jon, Anne (c1735), Ragnhild (c1741) og Ole (c1742), som alle levde opp og vart gifte. Anders døydde i 1760, omlag 82 år gammal.

TESTA RESULTAT

NamnGardFøddOmrådeSplitKit noHaplogruppeSiste SNPMarkørar
Anders FranssonSelvik1678Volda-BP55959R1aR-YP35537

Testen er heilt eller delvis finansiert av

Kartet under viser kvar denne personen budde eller vart fødd. Grøn markør grøn markør viser at linja til personen ikkje er testa enno, men kan testast. Blå markør blå markør viser at den er testa. Ved å zoome ut kartet ser du om der er andre linjer i nærleiken.

RELATERTE ARTIKLAR

  • Mitt Afrikanske DNA Volda 23-24

    Mitt Afrikanske DNA Volda 23-24 Stor spreiing i resultat – og nokre overraskingar! Med rekordhøge 26 testarar vart det mange spennande resultat å presentere i årets tverrfaglege prosjekt ved Volda VGS – Mitt afrikanske DNA 2023-24. Og det vart jammen nokre overraskingar også! Mitt Afrikanske DNA er eit unikt prosjekt for VG3 eg driv saman…

    Les meir