Mitt Afrikanske DNA Volda 23-24

Kortversjon

Artikkelen handlar om prosjektet «Mitt afrikanske DNA» ved Volda vidaregåande skule. Gjennom DNA-testing av elevar har dei fått spanande resultat som viser globalt opphav. Testane avdekte mt-haplogrupper som H, J, og L, som peiker på forfedrar frå både Europa og Afrika. Prosjektet gir elevane innsikt i sin genetiske arv og slektshistorie. Nokre overraskande funn inkluderer linjer frå Nord-Afrika og Ashkenazi-jøder frå Aust-Europa. Prosjektet er eit døme på korleis DNA-testing kan brukast i undervisning for å utforske historie og migrasjon.

Stor spreiing i resultat – og nokre overraskingar!

Med rekordhøge 26 testarar vart det mange spennande resultat å presentere i årets tverrfaglege prosjekt ved Volda VGS – Mitt afrikanske DNA 2023-24. Og det vart jammen nokre overraskingar også!

Mitt Afrikanske DNA er eit unikt prosjekt for VG3 eg driv saman med to andre lærarar på Volda VGS. Dette har vi gjort sidan 2016-17, og i fjor vann vi den gjeve prisen “Årets Historieundervisningspris” gjeve av HIFO (Den Norske Historiske Forening). Eg er i dialog med nokre fleire skular her i landet, og forhåpentlegvis er dette også eit prosjekt som dukkar opp på andre vidaregåande skular snarleg. Om du ynskjer å få dette i gong hos din VGS – ta kontakt.

Det var 12 gutar og 14 jenter som testa seg. Skulen står for testar til fem menn og fem kvinner, der mennene testar Y-DNA og kvinnene mtDNA (vel vitande om at også gutar kan teste mtDNA, men vi vil at det ikkje skal vere eit fortrinn). Resten er testar som bedrifter eller privatpersonar har sponsa – tusen takk til desse, og sponsorbedriftene vert nemnde undervegs. Vi byrjar med kvinnene:

mtDNA – 14 kvinnelege elevar

Dei fjorten linjene som er testa er desse (eldste ane og/eller geografi):

Anne Hjorthaugreite (c1685), Volda, Møre og Romsdal

Eli Rasmusdotter Sætre (c1685), Volda, Møre og Romsdal

Mette Steffensdotter Bjørkedal (c1640), Volda, Møre og Romsdal

Marte Samundsdotter Vatne (c1650), Ørsta, Møre og Romsdal

Synneve Rasmusdotter Ljøen (c1640), Sunnylven, Møre og Romsdal

Brite Ingebrigtsdotter Haram (c1760), Haram/Geiranger, Møre og Romsdal

Siri Pedersdotter Riksheim (c1680), Sykkylven, Møre og Romsdal

Gullaug Torsdotter Heggen (c1660), Norddal, Møre og Romsdal

Lisbet Knutsdotter Myrold (c1614), Eid, Sogn og Fjordane

Synneve Sætrebakke (c1630), Eid, Sogn og Fjordane

Ragnhild Halvorsdotter Hoddevik (c1680), Stad, Sogn og Fjordane

Ingeborg Jonsdotter Lykkjom (c1715), Lesja, Oppland

Clara Feldmann (1800-talet), Romania

Ingen kjend ane, Sudan

Vi delar dette opp i haplogrupper, men fyrst ei lita forklaring av det som kjem. Bak elevnummeret kjem elevens unike testnummer hos Family Tree DNA i parentes. Går ein inn på prosjektsidene til Mitt Afrikanske DNA her kan ein sjå alle resultat frå elevar og lærarar som har meldt vore med på prosjektet til no.

Her ser vi treet til mtDNA-resultata for elevane i årets prosjekt. Klikk for å forstørre.

Haplogruppe H (7 elevar)

At haplogruppe H skulle vere den haplogruppa som vi skulle få flest resultat frå var inga overrasking sidan kring 50% av alle europearar høyrer til denne. Meir om haplogruppe H på Norgesprosjektet DNA.

Elev 1 (BP70522)

Eldste ane: Lisbet Knutsdotter Myrold, ca 1614, Eid, Sogn og Fjordane

Blei plukka ut grunna at Nordfjord er eit spennande område som siste åra har blitt mykje testa – men denne er ikkje testa tidlegare (til liks med dei andre).

Resultat: H – Har inga spesiell undergruppe som dei andre resultata. Har mutasjonar som også fleire andre nordmenn og då særskild kystfolk har frå Hordaland til Nordland. Er dermed truleg ei gammal norsk grein. Har før dette kome frå Sentral-Europa og spreidd seg utover heile Europa.

Elev 2 (BP58448)

Eldste ane: Ingeborg Jonsdotter Lykkjom, ca 1715, Lesja, Oppland

Denne eleven vart sponsa av privatperson i Norgesprosjektet DNA som er interessert i området Lesja. Lykkjom ligg ved Bjorli, som er eit spennande område med både gamle lokale linjer og mykje gjennomgangstrafikk då det ligg ved eit knutepunktet mellom Romsdalen og Tafjord, men også vidare ned mot Dovre som fører vidare til Trøndelag og Gudbrandsdalen.

Haplogruppe: H3i – Dette var eit spennande resultat med eitt identisk treff, som var med ein tidlegare elev på Volda VGS med eldste ane frå Herøy på Sunnmøre; Marit Torbjørnsdotter Røyra (c1700). Ut frå øvrige treff kan det sjå ut som at denne morslinja har kome til Lesja frå kysten, kanskje Sunnmøre eller Romsdal ein gong etter 1400. Før dette har den kome frå Storbritannia og Irland tidlegast under vikingtida, sidan dei irske treffa er mange og ikkje langt unna genetisk. Der er også ei bra samling med H3i frå Sardinia og på den iberiske halvøy, men dette er kanskje fjern slekt.

Elev 3 (BP70523)

Eldste ane: Synneve Sætrebakke, fødd kring 1630, Eid

Dette er ei linje som dukkar opp med jamne mellomrom, men som me endeleg plukkar ut no. Det er mange etterkommarar av Synneve, og Nordfjord er som sagt eit spennande område.

Haplogruppe: H1-T152C! – Særskild mange lokale treff frå Eid og Hornindal så den har nok vore i det området lenge, kanskje dei siste 2000 åra. Den siste mutasjonen er over 6000 år gammal så det er linjer spreidd over heile Europa, men også vidare til Midt-Austen og Nord-Afrika. Det viste seg at nokre av treffa var testarar som også hadde Synneve som eldste ane, men som hadde testa seg omlag samstundes med eleven vår.

Elev 4 (BP63613)

Eldste ane: Marte Samundsdotter Vatne, fødd kring 1650, Ørsta

Denne vart sponsa av ein privatperson i Norgesprosjektet DNA som også har Marte i treet sitt. Det er ei gammal Ørsta-linje, og her har vi etterkvart byrja å få mange resultat og dermed eit håp om å få treff med andre lokale testarar.

Haplogruppe: H1-T152C! – Sjølv om haplogruppa er den samme som den førre (Synneve Sætrebakke) og dei har samme stammor langt tilbake i tid, er det eit langt strekk med historie før linjene treffast. Denne eleven fekk fleire lokale treff – faktisk ei med Lisbet Rasmusdotter(?) Vatne (c1605) som eldste ane i rein morslinje (også tidlegare Volda VGS-elev), så her er det nok slektskap dei siste 500-1000 åra og vi kan nok seie den har vore lokalt lenge. Den siste mutasjonen er over 6000 år gammal, så det er linjer spreidd over heile Europa, men også vidare til Midt-Austen og Nord-Afrika.

Goseck-sirkelen i eit område av Tyskland der det vart DNA-testa eit 7000 år gammalt skjelett med samme resultat som elev 3 og 4. Denne kultsirkelen vart laga på den tida, og det er ikkje usannsynleg at forfedrene deira var her då. Bilete: By Jwaller – Own work, CC BY-SA 3.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=33338797

Elev 5 (BP70524)

Eldste ane: Ragnhild Halvardsdotter Hoddevik, fødd kring 1680, Stad

Eit område av Nordfjord som er mindre testa. Dette er ikkje så langt frå Selje, og sjølv om det er ein “long shot” har me plukka denne med tanke på dei 4000 år gamle levningane som vart funne der og som no skal DNA-testast. Tenk om me skulle få treff!

Haplogruppe: H1n3 – Litt diffust kvar den næraste historia har vore, men den er i alle fall norsk, og truleg kysten – så det vesle håpet om treff med Selje-funna lever framleis. Nokre gongar treff ein på slike resultat. Håpet er at det kjem fleire treff seinare som kan hjelpe oss meir med dei siste 1000 åra.

Elev 6 (BP70531)

Eldste ane: Synneve Rasmusdotter Ljøen, fødd kring 1640, Sunnylven

Denne vart sponsa av ein privatperson i Norgesprosjektet DNA som har Synneve i treet sitt. Ljøen ligg med utsikt inn mot Geirangerfjorden, og er eit spennande område som er testa ein god del.

Haplogruppe: H1bz – For resultat – sjå under elev 7.

Eit utdrag frå presentasjonen elevane fekk då resultata skulle presenterast. Her ser vi kvar dei ulike mt-linjene var i verda kring år 7000 f.kr. (Gunnar Sigve Aurdal)

Elev 7 (BP70532)

Eldste ane: Brite Ingebrigtsdotter Haram, fødd kring 1760, Geiranger?

Denne eleven vart sponsa av Northern Islands Technology, som sponsa alle elevane med eldste ane frå Haram! Haram er eit spennande område som er lite testa. I kjeldene heiter det at Brite skulle vere frå Geiranger, men det var vanskeleg å finne høvelege foreldre til ho der. Kanskje DNA kan hjelpe?

Haplogruppe: H1bz – Ja, DNA kan hjelpe. Alle dei næraste treffa kjem frå Sunnylven og Geiranger, og ganske utruleg og heilt tilfeldig; Synneve Rasmusdotter Ljøen (over) dukkar opp som eksakt treff! Dei delar dermed ei stammor truleg mellom 1500 og 1700. Kanskje klarer vi å finne Brite i kjeldene no som vi har eit utgangspunkt å leite frå?

Haplogruppe J

Haplogruppe J dukkar ofte opp på Vestlandet, og er oftast ein del av sambandet mellom Vestlandet og dei britiske øyene dei siste 2000 åra, men med fleire unntak. Meir om haplogruppe J på Norgesprosjektet sine sider.

Elev 8 (BP70520)

Eldste ane: Anne Hjorthaugreite, fødd kring 1685, Volda

Denne var av dei få Volda-linjene i årets prosjekt, og vart plukka av den grunn. Austefjorden er eit mykje testa område av Volda, så spennande å sjå om ein kan få noko treff med eksisterande testarar.

Haplogruppe: J1c3b1 – Denne er mest vanleg i Storbritannia og Irland, og deretter på Vestlandet i Noreg. Har nok kome frå dei britiske øyene ein gong dei siste 1500 åra, og mange av dei næraste treffa er frå Volda (Ingeborg Olsdotter Rotevatn, c1695), Herøy (Dorte Ivarsdotter Kvalsvik, c1680) og Hornindal (Kari Olsdotter Svor, c1635). Eit spesielt spennande treff er med ein testar som har Brite Arnesdotter Mo (c1640) frå Ørsta som eldste ane. Hennar dotter kom til Vadstein som er nabogard til Hjorthaugreite der Anne budde. Kanskje er det nær slekt?

Elev 9 (BP58449)

Eldste ane: Siri Pedersdotter Riksheim, fødd kring 1680, Sykkylven

Denne eleven var sponsa av Møretrapp AS, som held til like ved Riksheim der Siri budde. Sykkylven er eit lite testa område med potensielt mange spennande resultat. Er sambandet hovudsakleg mot områda sør eller nord om Storfjorden?

Haplogruppe: J1c4-a12a – Siste del av greina oppstod kring 14-1500-talet, og har etterkommarar i Ørsta (Ingeborg Pedersdotter Brautaset, c1696), Norddal og Troms. Mest truleg har den vore her på Vestlandet minst sidan svartedauden. For 4000 år sidan var den omlag i Tyskland, og har vore i Europa i fleire årtusen. Den kom før dette frå Kaukasus-området. Har skrive ein artikkel om denne linja tidlegare.

Haplogruppe L

Dette er på ikkje ei haplogruppe vi assosierer med Noreg eller Skandinavia. Likevel hadde vi før årets prosjekt eit resultat som stammar frå Nord-Afrika, og som kom til Bjørkedalen ein gong mellom vikingtida og 14-1500-talet (artikkel om Guri Helset).

Elev 10 (MI75722)

Eldste ane: Eli Rasmusdotter Sætre, fødd kring 1685, Volda

Ei av dei få Volda-linjene som kom inn, og denne vart sponsa av FjordDNA. Og heldigvis for det!

Haplogruppe: L3e5a – Dette er eit lokalt fenomen som eg har skrive artikkel om tidlegare, men som eg ikkje visste fleire bar. Elevens linje går tilbake til Dalsfjorden, men før dette har den kome frå Nord-Afrika – kanskje var det ein trell under vikingtida, eller kanskje ein handelsallianse – uansett; denne dama vart busett her i området og fekk etterkommarar som framleis ber eit DNA-spor etter ho – som vår elev. Eit ekstremt spennande resultat!

Elev 11 (BP70534)

Eldste ane frå Sudan

Spennande område å teste, for det er særs få som er testa i dette området – ein naturleg kandidat i vårt prosjekt.

Haplogruppe: L2b3c – Denne fekk ingen treff på noko nivå! Sjeldan haplogruppe – kanskje mest fordi denne er frå eit området der folk ikkje testar seg, og at den ikkje har reist mykje omkring. Eleven si linje har nok vore i Sudan i minst 10000 år og har høyrt til Nubia, området nord i Sudan og syd i Egypt langs Nilsen, som har ei lang og fantastisk historie. Før dette kom den sørfrå opp til Nord-Afrika, og vidare aust mot Nubia.

Andre haplogrupper (K, U og T)

Elev 12 (BP70529)

Eldste ane: Clara Feldmann, 1800-talet, Romania

Denne eleven har ein ane som var i eit jødisk samfunn i Romania, og har blitt sponsa av Jødisk Museum i Oslo. Noko av det spennande med denne er om linja har vore jødisk lenge, og kvar den kom frå. 

Haplogruppe: K1a1b1a – Og den kjem frå dei austeuropeiske jødane, truleg Ashkenazi, sidan det er mykje treff frå desse – Polen, Ukraina, Russland, Tyskland, Litauen og Østerrike. Denne har nok vore blant europeiske jødar i lang tid sidan eg nesten ikkje får andre treff, og har nok ikkje vore i Israel og Midtausten på mange tusen år.

Elev 13 (MI75723)

Eldste ane: Gullaug Torsdotter Heggen, fødd kring 1660, Norddal

Denne eleven vart sponsa av ein privatperson i Norgesprosjektet DNA som hadde Gullaug i treet sitt. Valldal er eit spennande område med samband både til Sunnmøre og Romsdalen.

Haplogruppe: U3a1a – Eit litt uvanleg resultat på Vestlandet, men ikkje så uvanleg i Skandinavia. Mest vanleg i Sverige og Finland. Har dermed kome derfrå ein gong dei siste 1500 åra. Har eitt lokalt treff – også frå Valldal der Gullaug kom frå, så den har nok vore der minst nokre generasjonar før Gullaug.

Elev 14 (BP70521)

Eldste ane: Mette Steffensdotter Bjørkedal, fødd kring 1640, Volda

Bjørkedalen i Volda er eit spennande område som vi har fått overraskande resultat frå før.

Haplogruppe: T2b23-a2 – Denne haplogruppa oppstod kring 3500 år sidan og er truleg austeuropeisk og har kome til Europa med jordbruket i neolittisk tid eller seinare. Ganske utbreidd i delar av Russland, Polen og Kroatia, men ikkje så vanleg her i Skandinavia og har nok kome hit ganske seint – kanskje så seint som mellom 1100 og 1500 e.kr. Ingen andre skandinaviske treff enn tre lokale – alle tre tilhøyrande Volda VGS-elevar med eldste aner frå Dalsfjorden (Gjertrud Jonsdotter Åmelfot, c1680) og Bjørkedalen (Gjertrud Bjørkedal, c1610)! Dette viser at denne linja nok har vore i området i allefall i 700 år. Har skrive ein artikkel om desse tidlegare.

Her ser vi heile enden av reisa for årets kvinnelege elevar. (Gunnar Sigve Aurdal)

Y-DNA – 12 mannlege elevar

Dei 12 mannlege elevane har desse eldste anene:

Rasmus Jonsson Steinsvik (c1620), Volda, Møre og Romsdal

Mons Slettedal (c1570), Hjørundfjorden, Møre og Romsdal

Elling H. Kvistad (c1540), Hjørundfjorden, Møre og Romsdal

Paul Larsson Saurdal (c1646), Vanylven, Møre og Romsdal

Abraham Byrgesson Kjellstadli (c1607), Sunnylven, Møre og Romsdal

Erik Ottesson Dale? (c1624), Norddal, Møre og Romsdal

Ingebrigt på Rogne (c1490), Haram, Møre og Romsdal

Anders Hansson Fjørtoft (c1616), Haram, Møre og Romsdal

Helje Andersson Moldrheim (c1570), Utvik, Sogn og Fjordane

Ole Høie (c1520), Sandnes, Rogaland

Rolf Olufsen Darre (1500-talet), Oslo

Ukjend frå Sanza, Campania, Italia

Her ser vi Y-DNA-resultata til årets elevar. Klikk for å forstørre.

Vi delar også her opp i haplogrupper:

Haplogruppe R1a

Haplogruppe R1a er ei Y-DNA-haplogruppe som er vanleg i Noreg og resten av Skandinavia. Denne haplogruppa er særleg assosiert med dei indoeuropeiske migrasjonane, og ho har ei utbreiing som strekk seg frå Europa til Sør-Asia. I Noreg er R1a funnen i ein betydeleg del av den mannlige befolkninga, og ho er ofte knytt til den germanske og vikingtida si befolkning. Haplogruppa R1a har fleire undergrupper. Meir om R1a hos Norgesprosjektet DNA.

Elev 15 (BP70518)

Eldste ane: Elling H. Kvistad, fødd kring 1540, Hjørundfjorden

Hjørundfjorden er eit spennande lokalt område og vart plukka ut av den grunn.

Haplogruppe: R1a – undergruppe YP4963 – Dette er ei gammal norsk/skandinavisk grein som har vore her i minst 2000 år, og kanskje lenger. Mange gamle sunnmørske treff tyder på at den nok har vore her i området i minst 1000 år og har kome frå Sogn og Fjordane før dette. Desse treffa er med t.d. Arne Andersson Flø (c1725) (nærast), og litt fjernare treff i Steinar Olsson Aklestad Stenes (c1585) og Anders Fransson Selvik (1678).

Elev 16 (BP70525)

Eldste ane: Anders Hansson Fjørtoft, fødd kring 1616, Haram

Denne eleven vart sponsa av Northern Islands Technology, som sponsa alle elevane med eldste ane frå Haram! Det er eit lite testa område, så vi veit ikkje heilt kva vi kan vente og det gjer det spennande å sjå kva retning dette går.

Haplogruppe: R1a – undergruppe YP704 – R1a og undergruppe YP704, som også er ei gammal skandinavisk grein. Interessant å sjå kor vidt denne brer seg – frå Russland til dei britiske øyene, så litt vanskeleg å seie noko sikkert om kvar denne kom frå – men djupast sett Skandinavia, og truleg har handelsreisande og vikingar spreidd linja vide omkring. Hadde hatt godt av ei oppgradering for tydelegare bilete.

Elev 17 (BP58451)

Eldste ane: Abraham Byrgesson Kjellstadli, fødd kring 1607, Sunnylven

Denne eleven vart sponsa av ein privatperson i Norgesprosjektet DNA som ville vite meir om Abraham-linja på Kjellstadli. Sunnylven ligg geografisk til med kontakt både mot Nordfjord og mot indre og søre Sunnmøre.

Haplogruppe: R1a – undergruppe YP405 – R1a og undergruppe YP405, og kanskje også YP1196. Denne er ei gammal skandinavisk grein, kanskje kring 3-4000 år, men har nok kome til Noreg frå Sverige dei siste 800 åra, altså ikkje så lenge før Abraham Byrgesson. Hadde vore interessant å oppgradere og sjå dette biletet klarare!

Haplogruppe R1b

Haplogruppe R1b er ei Y-DNA-haplogruppe som er svært vanleg på Vestlandet og i Vest-Europa generelt. Denne haplogruppa er knytt til dei indoeuropeiske migrasjonane og har ei stor utbreiing i Europa, særleg blant folk av vest-europeisk avstamming. I Noreg er R1b dominerande haplogruppe blant menn på Vestlandet og er ofte assosiert med folkegrupper frå bronsealderen og framover, inkludert dei som var involverte i den tidlege germanske kulturen og vikingtida, og vi ser at mange har kome frå Storbritannia og Irland. R1b har mange undergrupper. Meir om haplogruppe R1b på Norgesprosjektet DNA sine sider.

Elev 18 (BP70515)

Eldste ane: Rasmus Jonsson Steinsvik, fødd kring 1620, Volda

Den einaste påmelde farslinja frå Volda som ikkje var testa tidlegare. Volda er eit godt testa område, så det vert spennande å sjå kvar denne legg seg.

Haplogruppe: R1b – undergruppe Y9091 – Høyrer til ein lokal cluster beståande av mange linjer frå heile Sunnmøre, her også tidlegare testa elevar. Det er spennande at denne linja har spreidd seg sopass. Den kom originalt via ein mann frå Irland og mest truleg rett til Sunnmøre under eller rett før vikingtida, og kva som gjorde at denne personen har blitt utgangspunkt for ei så stor grein er spennande å fundere på. Denne artikkelen omhandlar denne clusteren.

Elev 19 (BP70527)

Eldste ane: Mons Slettedal, fødd kring 1570, Hjørundfjorden

Denne eleven vart sponsa av Turbofiber. Hjørundfjorden er som sagt eit spennande område å teste, og vi er glade for at vi fekk moglegheita til å få testa denne.

Haplogruppe: R1b – undergruppe FGC11134 – Denne fekk ikkje så mange treff, berre eitt på 37 markørar – og det er britisk. Denne linja har kome frå dei britiske øyene og er vanleg i Irland. Truleg har den kome til Noreg og Sunnmøre ein gong etter vikingtida, men det veit vi ikkje meir om utan nærare treff og djupare testing. Det er ei moglegheit at den tilhøyrer samme cluster av sunnmørske R1b-aner som Steinsvik-linja over, men for å vite dette må ein oppgradere til Big-Y.

Elev 20 (BP70528)

Eldste ane: Ole Høie, fødd kring 1520, Sandnes, Rogaland

Denne eleven vart sponsa av ein privatperson i Norgesprosjektet DNA. Rogaland er historisk sett eit spennande område, så denne vert interessant å sjå nærare på.

Haplogruppe: R1b – undergruppe M222 – Dette er heilt klart ei keltisk linje og Ole Høie var etterkommar av ein keltisk mann fødd kring år 75 f.kr. og som er forfar til mange britar, islendingar og færøyværingar. Og nokre nordmenn. Spennande å sjå DNA-prov på all reiseaktiviteten til og frå Rogaland.

Elev 21 (BP70519)

Eldste ane frå Sanza, Campania, Italia

Sør-Italia er eit spennande område som har hatt kontakt mange vegar grunna lokasjonen midt i Middelhavet. Umogleg å seie noko før testing – for italienarar har ikkje testa seg så mykje.

Haplogruppe: R1b – Dette er også ein R1b, men då av litt meir eksotisk karakter, og som har hoppa av før dei andre R1b-anene over kom inn og etablerte seg vest i Europa. Denne har nok kome austfrå til Italia, truleg frå Tyrkia. Her var det ingen treff på 37 markørar, og berre 32 personar han fekk treff med på 12 markørar – frå Iran, Spania, Italia, Tyskland, Ungarn – og eitt einaste frå Noreg. Og det var med vår kjære rektor på Volda VGS! Kva er oddsa?

Her ser vi eit utdrag frå presentasjonen elevane fekk som viser kvar Y-linjene til årets elevar var kring år 4500 f.kr. (Gunnar Sigve Aurdal)

Haplogruppe I1

Haplogruppe I1 er ei Y-DNA-haplogruppe som er spesielt vanleg i Skandinavia, inkludert Noreg. Denne haplogruppa har sitt opphav i Europa og er særleg knytt til den nordgermanske befolkninga. I Noreg har kring 35% av norske menn denne. Haplogruppa I1 er ofte assosiert med den norrøne kulturen og vikingane, og ho har fleire undergrupper. Meir om I1 hos Norgesprosjektet DNA.

Elev 22 (BP70517)

Eldste ane: Helje Andersson Moldrheim, fødd kring 1570, Utvik

Eit spennande område i Nordfjord, og vi håpar å kunne sjå samband med andre linjer her.

Haplogruppe: I1 – undergruppe S6440 – Sjølv om denne anen ligg i Nordfjord, og vi hadde forventa å sjå treff herfrå, har den altså mest truleg kome frå Sunnmøre. Dette er ei gammal skandinavisk grein, med både svenske og norske forgreiningar. Har nok vore her nordvest siste 1000 åra. Treff nært med elev 23.

Elev 23 (BP70533)

Eldste ane: Erik Ottesson Dale?, fødd kring 1624, Norddal

Denne eleven vart sponsa av privatperson i Norgesprosjektet DNA som har Erik i treet sitt. Alt av testar på Sunnmøre er spennande å teste, så vi var glade for å sjå at denne også vart plukka ut.

Haplogruppe: I1 – undergruppe S6440 – Fekk altså nært treff med Helje Moldrheim-linja over. Litt vanskeleg å seie kvar splitten mellom desse ligg, men truleg ein gong dei siste 700 åra, og den har truleg vore på Sunnmøre. Dette er ei gammal skandinavisk grein, med både svenske og norske forgreiningar. Har nok vore her nordvest siste 1000 åra.

Elev 24 (BP58453)

Eldste ane: Rolf Olufsen Darre, 1500-talet, Oslo

Denne vart sponsa av privatperson i Norgesprosjektet DNA som har Rolf i treet sitt. Ei gammal borgarætt frå sjølvaste Oslo, og det vert spennande å sjå om denne har vore norsk lenge, eller om den har kome frå Europa elles.

Haplogruppe: I1 – undergruppe Z2541 – Ei anglosaksisk grein som truleg har kome seint inn til Noreg, kanskje med geistlege eller borgarar. Det næraste treffet var ein norsk-amerikanar som høyrer til Schjelderup-linja som kjem seinare på denne Darre-greina, og denne splitten går tilbake til 1690-talet så linjene stemmer i alle fall dit! Truleg har den kome frå England – og nokre av treffa heiter Drew – namnelikskapen med Darre er jo påfallande.

Haplogruppe G2a

Haplogruppe G2a er ei Y-DNA-haplogruppe som er mindre vanleg i Noreg. Denne haplogruppa har sitt opphav i Vest-Asia og Kaukasus-regionen og spreidde seg til Europa under den neolittiske revolusjonen med dei første jordbrukarane. I Noreg finn ein G2a i ein mindre del av befolkninga samanlikna med R1a, R1b og I1. Haplogruppa G2a har fleire undergrupper, men det særskilde med denne i Noreg er at der er ein konsentrasjon av denne gruppa på Sunnmøre. Eg har skrive ein artikkel om denne tidlegare – og elevane under høyrer til Julian i denne.

Elev 25 (BP70516)

Eldste ane: Ingebrigt på Rogne, fødd kring 1490, Haram

Denne eleven vart sponsa av Northern Islands Technology, som sponsa alle elevane med eldste ane frå Haramsøyene! Ekstra spennande å teste slike gamle linjer tilbake til 1400-talet, for dei er det ikkje mange av. I tillegg kan ein koble eksisterande linjer til denne om vi får nære nok treff.

Haplogruppe: G2a – Sjå under elev 26.

Elev 26 (BP70526)

Eldste ane: Paul Larsson Saurdal, fødd kring 1646, Syvde

Denne har vi plukka ut grunna at Vanylven ikkje er like mykje testa som dei andre områda på søre Sunnmøre.

Haplogruppe: G2a – Ei spesiell og sjeldan gruppe i norsk samanheng, men har blitt ei gruppe her på Sunnmøre. Desse to vart oppgradert til Big Y-700 av G2a-prosjektet og FjordDNA grunna det spesielle resultatet lokalt sett, så desse elevane var ekstra heldige! Denne greina kom nok frå Alpane og kan ha vore frå handelsfarande som slo seg ned her på Sunnmøre. Mathias og Ronnie delar ein lik stamfar som er fødd kring 1413, men står aleine etter dette. Dvs. at trea deira splittast ein gong mellom 1440 og 1530. Mathias har i tillegg ein mutasjon frå ein gut som vart fødd kring 1543. Denne delar han med to andre personar som har eldste aner frå 1600-talet i Hjørundfjorden; Jakob Knutsson Trandal (c1635) og Ole Pedersson Viddal (15-1600-talet). Desse to stammar dermed nok også frå Ingebrigt på Haram, sidan han er fødd kring 1490. Det er ny lokalkunnskap!

Her ser vi enden av reisa til årets mannlege elevar ved Volda VGS.

Neste år

Tusen takk til sponsorar og elevar som har gjort dette mogleg! Vi ser fram til neste år, og håpar at fleire skular vil vere med på å starte eit prosjekt hos seg. Eg stiller som prosjektleiar – dette kostar i utgangspunktet 40.000,- og har med alt som trengs; 10 DNA-testar, to foredrag, tolking og leiing/opplæring av lærarar. Vil di bedrift sponse ein vidaregåande skule, eller vil din skule betale for dette unike prosjektet sjølv? Ta kontakt med oss her!