G2a – handelsmennene som vart sunnmøringar?

Det er tre store Y-DNA-haplogrupper i Noreg; I1, R1a og R1b. Utover dette er der eit tal med mindre haplogrupper som stort sett er jamt fordelt utover landet. Men så har vi denne haplogruppa som skil seg ut; G2a. For den finn du i all hovudsak langs kysten og i fjordarmane på Sunnmøre! Korleis vart det slik?

Handelsmennene Julian og August, som vi vert betre kjende med i teksten, slår seg ned på Sunnmøre. (Bilete: AI)

Frå Alpane til Sunnmørsalpane

G2a er ikkje uvanleg sør i Europa. Testar du ein mann frå Balkan, Italia eller Sveits er sjansen kring 10% for at han havnar i haplogruppe G2a. I Noreg totalt er det 1%. På Sunnmøre er det 6%, altså meir enn i t.d. Tyskland og Østerrike. Kva er så grunnen til denne opphopninga av G2a på Sunnmøre? Vi tek det frå “starten”.

G2a har til liks med andre haplogrupper teke reisa ut av Afrika og inn i dagens Midtausten og Kaukasus. Her vart denne linja forma, og framleis er mange tyrkarar og armenarar etterkommarar av desse. Herfrå spreidde dei seg gradvis til Europa. Mellom 10 000 og 5 000 f.Kr. auka utbreiinga betydeleg i Europa, truleg som ein del av folkevandringar knytte til jordbruksrevolusjonen. Gruppa kan ha vore assosiert med neolitiske migrasjonar og bidrege til genetisk mangfald i Europa i denne perioden. Vi veit at mange av middelhavsøyene vart små genetiske basseng, som t.d. Sardinia, og dei første bøndene på desse øyene var truleg G2a-bønder, og den dag i dag er kring 22% av sardinske menn direkte agnatiske etterkommarar av desse. 

Når vi likevel nemner Alpane er dette fordi desse sunnmørske greinene av G2a mest truleg har hatt sitt opphav herfrå. Ein arkeologisk kjendis som Ötzi, den kring 45 år gamle mannen som vart funnen i frosen tilstand i Alpane, var også G2a – dog ikkje ein nær slektning av oss.

Vi går tilbake til år 2400 f.kr. Då vart ein gut fødd i eller rundt Alpane med mutasjonen CTS2230 – vi kallar denne guten Gustav. Gustav har MANGE etterkommarar spreidd kring store delar av Europa, men i all hovudsak sentralt og syd i Europa. På denne tida var det ein blømande bronsealderkultur i sentral-Europa og Italia. Folk dreiv med jordbruk og busetnad ved elvar, innsjøar og kysten. Og her var det ei gryande handelsverksemd. Gustav fekk søner og fleire århundrer går…

To sunnmørske greiner

Vi har snakka om Gustav som vart fødd kring 2400 f.kr., og det er nok ikkje mange generasjonar etter han at desse to sunnmørske greinene vi snart skal snakke om går kvar sin veg. Den eine greina blei særs stor og har mutasjonen G43, som oppstod hjå ein gut fødd kring 2160 f.kr. Vi kallar han og greina hans vidare for August. Denne finn ein att frå Portugal i vest til Tyrkia i aust, og skildrar godt den store mobiliteten på denne tida gjennom handel og etterkvart den romerske ekspansjonen.

Den andre greina har ikkje blitt like stor. Det er vanskeleg å med sikkerheit vite kvifor – det kan ha vore få søner og dermed mindre overlevelsesgrad for linja. Den første mutasjonen på denne greina per i dag kom hos ein gut som vart fødd kring 1622 f.kr., og truleg er vi i samme området. Vi kallar denne guten og linja hans for Julian.

Det skal likevel gå over 1500 år før August og Julian sine linjer kom til Sunnmøre. Eg har hatt nokre samtalar med ein av administratorane i G-prosjektet, norskamerikanaren dr. Rolf Langland, og vi er einige om at linjene mest truleg har kome hit i etterkant av vikingtida, kanskje kring år 12-1300. Kanskje så seint som rett etter svartedauden. Kvar kom dei frå og kvifor kom dei? Sjølv om der er nokre engelske treff, kan August og Julian ha kome båtvegen direkte frå Europa. Eg tvilar på at det var klimaet som lokka dei sydfrå til sunnmørsfjordane. Det er nærliggande å tru at det som lokka var den rike og gryande handelen av anten torsk, tømmer eller andre varer vi kunne eksportere frå Sunnmøre. Det vert jo kun spekulering per no, men ein kan jo tenkje seg at dei allereie hadde handla ein del her, kanskje forelska seg i ei sunnmørstaus eller fått skapt seg ein handelsstad. Dei har uansett trivst så godt at sønene deira vart mange og at desse har kome i posisjon nok til å ta over fleire bruk. For noko kan vi ikkje sjå bort frå – spreiinga av denne linja har skjedd raskt, og den beste måten å gjere det på er å ha høg sosial status.

Vi veit ikkje om Julian og August kom samstundes. Vi veit ikkje om dei ein gong kjende kvarandre. Dei visste heilt sikkert ikkje at dei begge var etterkommarar av Gustav som var fødd 2400 f.kr. ein stad kring Alpane.

Annonse

August og Julian sine etterkommarar

August sine etterkommarar verkar å vere flest av på indre Sunnmøre (sjå Tidslinje 2 lenger ned og kart). Alle desse eldste anene Norddal, Stranda, Sunnylven, Vatne, Innvik (SFJ) og sågar Tolga og Røros, har ein felles stamfar (Z39504) som var fødd kring 1342 e.kr., altså rett før Svartedauden.

Julian sine etterkommarar er noko meir vest på Sunnmøre (sjå Tidslinje 1 lenger ned og kart). Tre eldste aner frå Hjørundfjorden, ein frå Sunnylven, Haram og Vanylven. Dei to siste (Haram og Vanylven) er rykande ferske resultat frå skuleprosjektet Mitt Afrikanske DNA ved Volda VGS.

Punkta viser kvar dei eldste anene til testarane kom frå med vanleg slektsgransking. Desse eldste anene er etterkommarar av Julian og August. Julian sine etterkommarar har markørar i lilla og August sine er i raudt.

Vegen vidare – vi vil vite meir!

Kva er så vegen vidare – korleis kan me finne ut meir om Julian og August og deira bakgrunn? Vi må enkelt og greit teste djupare. Slik sett er vi heldige i denne samanhengen, for mange av desse linjene – særskild på August si side – er allereie testa med BigY. Men på Julian si side trengs det fleire. FjordDNA har allereie bestilt BigY på Saurdals-testen frå Vanylven med nokre sponsorkroner frå Sparebank1 SMN – tusen takk! G-prosjektet via Rolf Langland har sagt seg villig til å donere mesteparten av Rogne-testen, men her trengs det meir. I tillegg ønskjer vi å oppgradere Standal til BigY. Og i framtida reknar vi med at det vil kome endå fleire nye G2a-resultat som vi kan oppgradere.

Vi ber deg, firmaet ditt eller andre interesseorgan om å vere med på det lokalhistoriske spleiselaget for å lære meir om Julian og August og korleis dei kom hit til Sunnmøre. Firma som sponsar vil få profileringsplass på den aktuelle linja si profilside. Det er fleire måtar å gjere dette på, men bruk gjerne informasjonen du finn på denne sida, og merk donasjonen med “G2a”: https://www.fjorddna.com/doner-til-fjorddna/.

Tidslinje 1: Tidslinje som viser Julian si grein av Gustavs etterkommarar. Dette er kun dei av etterkommarane som har testa seg med den djupaste testen, BigY.
Tidslinje 2: Tidslinje som viser August si grein. Dette er kun dei av etterkommarane som har testa seg med den djupaste testen, BigY. Som de ser er denne greina mykje meir testa enn Julian si.

Kjelder

https://www.familytreedna.com/groups/g-ydna/about

https://en.wikipedia.org/wiki/Y-DNA_haplogroups_in_populations_of_Europe (26.1.2024)

Ulike tabellar laga av Rolf Langland og Bruno Catelli: https://www.familytreedna.com/groups/g-ydna/links