Jetmund Danielsson Helset (1632)

Jetmund Danielsson Løset (c1632-1697) var brukar på Pergarden på Helset i Bjørkedalen. Voldasoga meiner han kan vere frå nabogarden Løset, og kan dermed sjåast på med interesse opp mot Løset-linjene. Jetmund skal ha vore gift med Sissel (Cecilie) Olsdotter, men heller ikkje ho veit me kvar kom frå. Dei fekk minst fire born saman; Daniel (c1665), Ole (c1671), Halvor og Siri. Han var i 1666 nemnd som husmann på garden og brukte Pergarden seinare saman med den førre brukaren, Halvor. Jetmund døydde 1697. (Busetnadssoga for Volda 2: 444)

TESTA RESULTAT

NamnGardFøddOmrådeSplitKit noHaplogruppeSiste SNPMarkørar
Jetmund DanielssonHelset1632Volda-IN14941R1bR-Z5237

Testen er heilt eller delvis finansiert av

Kartet under viser kvar denne personen budde eller vart fødd. Grøn markør grøn markør viser at linja til personen ikkje er testa enno, men kan testast. Blå markør blå markør viser at den er testa. Ved å zoome ut kartet ser du om der er andre linjer i nærleiken.

RELATERTE ARTIKLAR

  • Frå Afrika til Møre

    Denne artikkelen er sponsa av avisa Møre, og vart først trykt i julenummeret til Møre 2023. Sivert Knutsson Aarflot (1759-1817) var ein kjend og viktig person i Volda-historia. Lærar, lensmann, forleggar, redaktør og folkeopplysningsmann. Ein ur-volding, eller ur-ørsting ville vel nokre naboar seie. Eller var han det? Moderne DNA-teknologi kan svare oss på det. Sidan…

    Les meir