Frå Afrika til Møre

Denne artikkelen er sponsa av avisa Møre, og vart først trykt i julenummeret til Møre 2023.

Sivert Knutsson Aarflot (1759-1817) var ein kjend og viktig person i Volda-historia. Lærar, lensmann, forleggar, redaktør og folkeopplysningsmann. Ein ur-volding, eller ur-ørsting ville vel nokre naboar seie. Eller var han det? Moderne DNA-teknologi kan svare oss på det.

Ingen tilfeldig testperson

Sidan Sivert ikkje lever lenger og eg ikkje får testa han treng eg ein annan berar av hans Y-DNA. Sønene til Sivert arva dette og gav det vidare til sine søner, og slik endar held det fram til i dag. Og det er vel ikkje heilt tilfeldig at eg spurte dagens redaktør i Møre, Tore Aarflot, om han ville la seg teste sidan han er etterkommar av Sivert Aarflot i rein mannslinje. Og det ville han.

Alle menn med kjend opphav kan spore linja si bakover med tradisjonell slektsgransking eller bygdebøker om ein er heldige å ha slike i området sitt, slik vi er. I DNA-slektsgransking er det viktig å finne fram til kven som er testpersonen sin eldste ane i rein farslinje. Tore og Sivert Aarflot sine linjer endar i Follestaddalen med Lars Jonsson Årsæter, som må ha vore fødd kring midten av 1500-talet.

Norgesprosjektet DNA har prosjektet sitt gjennom testfirmaet Family Tree DNA. Dette er det firmaet som har størst database på Y-DNA og mtDNA, noko som er viktig for tolking av testar. Vi bestilte den djupaste Y-testen til Tore, då denne gjev oss det mest nyanserte og riktige biletet. Denne bestilte vi i mai frå USA, og midt i juli kom svaret på testen.

Lokal forankring

Det første ein ser etter i nye resultat er kva haplogruppe testpersonen havnar i. Ei haplogruppe er enkelt forklart ei hovudgrein i mennesketreet som dannar nye mindre greiner. Hovudgreina til Aarflot-linja heiter R1b og er vanlegare på Vestlandet enn elles i landet. Kvar denne kom frå kjem eg tilbake til. Det neste ein ser på er dei næraste treffa ein får med andre som har testa seg. Desse treffa kan vere på ulike nivå, alt etter kor djupt ein person har testa seg. Allereie på lavaste testnivå dukkar det opp spennande ting. Mange treff med andre menn med lokale anar. Ikkje så overraskande, men mange lokale anar det er spennande å dukke djupare ned i. På lavaste nivå får Aarflot-linja treff med fire andre frittståande lokale eldste anar; to frå Bjørkedalen – Jetmund Danielsson Helset (c1632), Torbjørn Mortensson Bjørkedal (1500-talet), og to frå Hjørundfjorden – Henrik Knutsson Sæbø (1500-talet) og Steffen Sjursson Viddal (c1570). Dei to frå Hjørundfjorden verkar å vere nærare i slekt med Aarflot enn Bjørkedal. Berre Viddal-linja har testa på djupaste nivå, så dei andre skal vi legge litt til side ei stund. For no skal me sjå på djupaste nivå.

Annonse

Ny middelalderhistorie

Den djupaste testen heiter Big Y og sjølv om den kostar litt er det den som kan gje oss dei beste og mest nøyaktige svara. Ein er sjølvsagt avhengig av treff med andre for å få mest nyanserte svar, og Aarflot-linja får nokre nære treff som kastar lys på historie som ikkje er skriven før no. DNA-gransking handlar mykje om matematikk og algoritmar, så dei gjev oss ikkje namn på personar som levde før dei skriftlege kjeldene. Men dei gjev oss mutasjonar, og desse einskilde mutasjonane har oppstått hos eit gutebarn ei tid vi kan rekne oss bak til. Så sjølv om der ikkje er namn, veit vi at her var ein gut med denne mutasjonen som danna ei ny grein i treet. Desse mutasjonane har eigne namn som er veldig tekniske, som t.d. R-FT375581. Og akkurat denne mutasjonen dukka opp som den næraste felles mutasjonen Aarflot-linja har med andre – og ikkje overraskande dukkar Sjur Steffensson Viddal (c1570) opp som næraste Big Y-treff. Det spennande er at den næraste felles stamfar dei har må ha vore fødd omlag 1494, berre 75-80 år før Steffen. Og vi hugsar at den eldste anen i Aarflot-linja var Lars Jonsson Årsæter (c1560). Dermed kan denne felles stamfaren frå 1494 i teorien vere farfaren deira, og Lars og Sjur kan dermed ha vore syskenborn. Ein får ikkje målt dette med stor nøyaktigheit utan fleire testar, men vi kan i det minste seie at dei var i nær slekt med kvarandre. Dette er ny historie. Men det stoppar ikkje der.

Steppefolk og ut av Afrika

No har me kome til kring 4000 f.kr., og no delar Aarflot-linja felles stamfar med veldig mange andre nordmenn. Vi er no på steppene nord for Svartehavet og Kaukasus, eit område dei hadde spesialisert seg i dei siste 10-15.000 åra. Som de ser av kartet har forfedrelinja før dette igjen vore i området kring Mongolia i tidsrommet 26.000-34.000 f.kr. og frå søraustlege Asia før dette igjen (42.000 f.kr.). I tidsrommet 46.000-63.000 f.kr. var linja, og stort sett heile den vestlege verda i midtausten og den arabiske halvøya, der vi også traff på Neanderthalerane. Turen ut av Afrika skjedde altså kring 63.000 f.kr. og før dette var heile menneskeheita i Afrika – heilt tilbake til heile klodens felles stamfar omlag 230.000 f.kr. Også forfedrene til Sivert. Og dine – men di eiga linje fram til i dag kan du få teikne sjølv.

/