Sakse Ottarsson Balle Bjørkedal, Søre (15-1600)

Sakse Ottarsson Balle var fødd godt inne på 1500-talet og skal visstnok ha vore ein sterk mann og skal ha vore den første båtbyggaren på Bjørkedalen. Sagbruk hadde han også. Han dreiv heile det øvre bruket, men delte dette opp til to av sønene sine. Vi veit om tre av sønene hans; Baltser, Iver og Lars, som alle vart gardbrukarar i Bjørkedalen. Sakse fekk ei stor etterslekt.

TESTA RESULTAT

NamnGardFøddOmrådeSplitKit noHaplogruppeSiste SNPMarkørar
Sakse Ottarsson BalleBjørkedal, Søre15-1600VoldaJon Pedersson Søre Bjørkedal (1763)273531R1bR-Y58354500
Sakse Ottarsson BalleBjørkedal, Søre15-1600VoldaPeder Pedersson Søre Bjørkedal (1757)630111R1bR-Y5835412
Denne profilen er testa med Big Y. Trykk på Family Tree DNA-logoen for Family Tree DNA sitt interaktive Time Tree for akkurat denne linja.

Kartet under viser kvar denne personen budde eller vart fødd. Grøn markør grøn markør viser at linja til personen ikkje er testa enno, men kan testast. Blå markør blå markør viser at den er testa. Ved å zoome ut kartet ser du om der er andre linjer i nærleiken.

RELATERTE ARTIKLAR

  • Frå Afrika til Møre

    Denne artikkelen er sponsa av avisa Møre, og vart først trykt i julenummeret til Møre 2023. Sivert Knutsson Aarflot (1759-1817) var ein kjend og viktig person i Volda-historia. Lærar, lensmann, forleggar, redaktør og folkeopplysningsmann. Ein ur-volding, eller ur-ørsting ville vel nokre naboar seie. Eller var han det? Moderne DNA-teknologi kan svare oss på det. Sidan…

    Les meir

  • Sakse-linja i Bjørkedalen – og det presten ikkje visste

    Det er to ting eg ofte møter når folk snakkar med meg om slektsgransking. Det eine er om eg har funne spor etter spanske og portugisiske skipbrotne (“vi har mykje brune auger i familien”), og det andre er om eg har funne spor etter utruskap; dei klassiske bileta om ein passerande postmann, eller det å…

    Les meir