Sakse-linja i Bjørkedalen – og det presten ikkje visste

Det er to ting eg ofte møter når folk snakkar med meg om slektsgransking. Det eine er om eg har funne spor etter spanske og portugisiske skipbrotne (“vi har mykje brune auger i familien”), og det andre er om eg har funne spor etter utruskap; dei klassiske bileta om ein passerande postmann, eller det å hoppe over gjerdet til nabogarden. Utruskap finn vi i kjeldene, i alle fall dei som enda med graviditet – og presten vart ofte rapportert om dette. Ein må forstå at dette var ei tid der ein var redde for evig pinsel etter livet på jorda, og såg det rettast å underrette presten for å unngå dette om ein bar på eit barn. Utanom dette ser eg lite av spanjolar og umeldt utruskap. Kanskje vil vidare testing av nye linjer avsløre nye ting. Men det har skjedd at eg har funne noko presten ikkje hadde fått greie på. Og det er sjølvsagt spennande.

I denne artikkelen skal eg både snakke om korleis systematisk testing tilfeldigvis kan avsløre slikt, samt sjå på kvar Sakse-linja kom frå.

Brødresplitt

Sakse Ottarsson (c1534-c1620) på Søre Bjørkedal er stamfar til særs mange, og mange er også etterkommar i rein farslinje og kan dermed teste sitt y-dna som då skal gå tilbake til Sakse – om kjeldene snakkar sant. Sakse-linja var allereie testa då eg ville gjere ein såkalla brødresplittest. På fyrste biletet ser vi korleis ein går fram frå Sakse og leitar etter linjer som går til i dag, for å finne den eldste brødresplitten. Den eldste splitten som går fram til i dag var mellom brørne Arne og Knut Pederssøner Bjørkedal, begge fødde tidleg på 1700-talet. Arne-linja var allereie testa og høyrde til haplogruppe R1b. Ein test av brødresplitt vil kunne stadfeste at kjeldene stemmer og at begge linjene er søner av samme far (Peder). Resultatet av Knut-linja var dermed noko overraskande – den høyrer til haplogruppe N1c – ei heilt anna gruppe som er mest utbreidd hos finnar. Det betyr at vi har to testar med ulikt resultat, og at vi ikkje veit kven av desse som høyrer til Sakse. Dermed måtte eg teste vidare. Sidan der ikkje er andre y-greiner å teste på Knut-linja, fekk eg testa ein annan etterkommar på Arne-linja (brødresplitt 2 på biletet). Den fekk treff med R1b, og dermed er dette den offisielle Sakse-linja.

Annonse

Ein stad mellom Knut Pedersson og i dag har der altså vore ein annan far inne i biletet. For å utelukke at det har vore “noko tull” siste generasjonane tok testaren ein ekstra autosomaltest som viste at dette ligg ein stad på 17-1800-talet. Det vil seie at alle som er etterkommarar av Knut Pedersson Bjørkedal kan ha ein ukjend mann i treet sitt. Kan vi finne ut kven det er? Kanskje – men då må det testast autosomaltestar av mange etterkommarar, og eit møysommeleg etterarbeid… Eller så kan vi vere heldige å kome over eit y-treff som matchar med Knut-linja.

Samband med Viddal og keltarane

Men kvar kom Sakse-linja frå? Fyrst må vi sjå på dei næraste treffa, og Sakse-linja får eit nært treff med ein testar som har Steffen Sjursson Viddal (fødd kring 1570) som eldste ane. På det andre biletet ser vi at Steffen og Sakse hadde ein felles stamfar fødd kring 1400 (BY77160). Dermed har me etablert ei sikker linje tilbake til 1400. Men så vert det stille i nesten 2000 år. Ingen treff frå år 1400 e.kr. til 500 f.kr. Det er vanskeleg å seie noko om kvifor det er slik. Anten er der få etterkommarar i dag frå dette tidsrommet, eller så er dei ikkje testa. Dermed får me ikkje vite enno kor tid linja kom til Noreg. Vi ser på treffa som splittast kring år 500 f.kr. at desse høyrer keltarane til. Keltarane kom til Storbritannia kring 1000 f.kr., men med tanke på at vi ikkje berre har britiske treff, men også franske, italienske og svenske treff kan denne splitten ha skjedd på fastlands-Europa. Eventuelt kan splitten ha skjedd i Storbritannia, men at linja har reist tilbake via Europa. Her trengs det fleire resultat mellom 500 f.kr. og 1400 e.kr. for å svare sikkert på dette.

Kva så med den ukjende faren og N1c?

Denne vert testa vidare, og vi ventar på svar – men enno ser vi berre treff frå aust; hovudsakleg Finland. Kor gamle desse treffa er må testast djupare, men utfrå det som har blitt testa er den finske linken veldig gammal, og eg håpar og trur på å finne noko norsk – om berre fleire testar seg, og vi har litt flaks.