Knut Pedersson Bjørkedal, Søre (1713)

Knut Pedersson søre Bjørkedal (c1713-1780) burde i grunnen ikkje ha ein eigen profil, for på papiret veit vi kven faren hans er, og at Knut skulle vere eit ledd i Sakse-linja. Og kanskje stemmer det at han hadde den faren som er oppført. Men ein stad i farslinja kring Knut har der vore ein ukjend far inne i biletet. Knut var den yngste sonen til Peder Kristensson Bjørkedal (c1656-1720) og hans andre kone Synneve Knutsdotter (1665-1755). Mora var dermed 48 år då han vart fødd. Knut flytte til Kile og vart brukar der. Når vi snakkar om ukjend far er det grunna at ein av etterkommarane hans i rein agnatisk linje fekk resultatet N, som er langt unna det Sakse-linja er (R1b). Ved deduksjon har ein funne at det er Knut si linje som ikkje stemmer, og vi veit framleis ikkje kvar denne kom frå, då det ikkje er noko lokalt resultat.

TESTA RESULTAT

NamnGardFøddOmrådeSplitKit noHaplogruppeSiste SNPMarkørar
Knut PederssonBjørkedal, Søre1713Volda-559569NN-Y434137

Testen er heilt eller delvis finansiert av

Kartet under viser kvar denne personen budde eller vart fødd. Grøn markør grøn markør viser at linja til personen ikkje er testa enno, men kan testast. Blå markør blå markør viser at den er testa. Ved å zoome ut kartet ser du om der er andre linjer i nærleiken.

RELATERTE ARTIKLAR

  • Sakse-linja i Bjørkedalen – og det presten ikkje visste

    Det er to ting eg ofte møter når folk snakkar med meg om slektsgransking. Det eine er om eg har funne spor etter spanske og portugisiske skipbrotne (“vi har mykje brune auger i familien”), og det andre er om eg har funne spor etter utruskap; dei klassiske bileta om ein passerande postmann, eller det å…

    Les meir