Torbjørn Mortensson Bjørkedal, Søre (1500-talet)

Torbjørn Mortensson Bjørkedal var nok fødd i fyrste halvdel av 1500-talet og var i følge Voldasoga 3 (s. 307) åttande ledd i rein agnatisk linje på garden, som visstnok skulle gå tilbake til ein Håvard i Bjørkedal som levde på 1200-talet. Det er vanskeleg å både prove det og forkaste det, så det er verd å nemne. Torbjørn budde på Moritsgarden på søre Bjørkedal og vi veit han fekk minst to søner; Paul/Pål som tok over bruket og Steffen som kom til Jogarden på Bjørkedal. Bjørkedalen er ein gammal busetnad og sagnomsust. (Busetnadssoga 2: 400)

TESTA RESULTAT

NamnGardFøddOmrådeSplitKit noHaplogruppeSiste SNPMarkørar
Torbjørn MortenssonBjørkedal, Søre1500-taletVolda-MI68297R1bR-Z52111

Kartet under viser kvar denne personen budde eller vart fødd. Grøn markør grøn markør viser at linja til personen ikkje er testa enno, men kan testast. Blå markør blå markør viser at den er testa. Ved å zoome ut kartet ser du om der er andre linjer i nærleiken.

RELATERTE ARTIKLAR

  • Frå Afrika til Møre

    Denne artikkelen er sponsa av avisa Møre, og vart først trykt i julenummeret til Møre 2023. Sivert Knutsson Aarflot (1759-1817) var ein kjend og viktig person i Volda-historia. Lærar, lensmann, forleggar, redaktør og folkeopplysningsmann. Ein ur-volding, eller ur-ørsting ville vel nokre naboar seie. Eller var han det? Moderne DNA-teknologi kan svare oss på det. Sidan…

    Les meir