Kristoffer Ellingsson Øvsteberget (1640)

Kristoffer Ellingsson (c1640-?) kom til Øvsteberget på 1660-talet og gifte seg der med Anne Knutsdotter som var enke etter førre brukar, Anders Steinarsson. Øvsteberget vert også kalla Øygarden og er altså ein gard som truleg har vore forlatt etter svartedauden og vart teke oppatt etter 1600. Voldasoga 3 (s. 158) meiner Kristoffer kom frå garden Kile, men det nemner ikkje den nye Busetnadssoga. Det er heller ikkje mogleg å bevise med y-DNA ettersom det ikkje er agnatiske etterkommarar frå denne greina på Kile. Kristoffer og Anne fekk tre born; Elling (c1665), Steinar (c1671 - var krøpling) og Knut (c1689). Voldasoga meiner dei også hadde dottera Synneve. (Busetnadsoga for Volda 3: 68)

TESTA RESULTAT

NamnGardFøddOmrådeSplitKit noHaplogruppeSiste SNPMarkørar
Kristoffer EllingssonØvsteberget1640Volda-225738I1I-Y90941500
Denne profilen er testa med Big Y. Trykk på Family Tree DNA-logoen for Family Tree DNA sitt interaktive Time Tree for akkurat denne linja.

Kartet under viser kvar denne personen budde eller vart fødd. Grøn markør grøn markør viser at linja til personen ikkje er testa enno, men kan testast. Blå markør blå markør viser at den er testa. Ved å zoome ut kartet ser du om der er andre linjer i nærleiken.

RELATERTE ARTIKLAR

  • Genetiske anetre for Kristoffer Ellingsson Øvsteberget

    Genetiske anetre for KRISTOFFER ELLINGSSON ØVSTEBERGET (fødd kring 1640, Austefjorden, Volda) Den djupaste testen ein kan nytte i Family Tree DNA, der prosjekta våre har databasen, er testen Big-Y. Denne kan nyttast for å lage eit stort anetre – ikkje beståande av namn, men av såkalla SNP-mutasjonar. DET høyrest ikkje så veldig spanande ut. Eg…

    Les meir