Genetiske anetre for Kristoffer Ellingsson Øvsteberget

Genetiske anetre for KRISTOFFER ELLINGSSON ØVSTEBERGET (fødd kring 1640, Austefjorden, Volda)

Den djupaste testen ein kan nytte i Family Tree DNA, der prosjekta våre har databasen, er testen Big-Y. Denne kan nyttast for å lage eit stort anetre – ikkje beståande av namn, men av såkalla SNP-mutasjonar. DET høyrest ikkje så veldig spanande ut. Eg veit. Men kvar mutasjon representerar faktisk ein historisk person som har levd. Ein gut vart fødd med denne mutasjonen, heilt uvitande om den heilt usynlege og ufarlege mutasjonen. Og når denne guten vaks opp og fekk eigne søner, arva desse gutane den samme mutasjonen, som førte det til sine søner – og slik er vi i dag berarar av desse.

Annonse

Det store anetreet eg snakka om over kan lagast MYKJE større og meir detaljert enn det eg har laga til dykk. Men det viser noko om Kristoffer Ellingsson Øvsteberget sine anar og også noko om den felles historia vi har. Treet viser tydeleg spor etter vikingtida – kanskje den krigerske vikingen, kanskje vanlege handelsfolk, kanskje bønder som flytte til nytt land? Akkurat det veit vi ikkje. Men dei britiske øyene er sterkt representerte i denne historia, og har mange levande etterkommarar den dag i dag. Men vi veit at anene til Kristoffer kom frå Sverige tidleg i vikingtida, og vi veit at farslinja før desse igjen var av dei som levde som jegerar og sankarar og hadde spesialisert seg på livet ved iskanten etterkvart som den trakk seg nordover. Ikkje rart det er så mange etterkommarar av akkurat denne gruppa i Noreg og Sverige.

Ofte får ein mange fleire nære treff enn akkurat denne testen. T.d. er her få lokale treff, noko som anten kan tyde på at den ikkje har vore lenge før Kristoffer på Sunnmøre, eller at det ikkje har vore så mange direkte mannlege etterkommarar av denne linja fram til i dag. Kanskje får me svar på dette etterkvart som fleire let seg teste. Om du vurderar det, er det berre å sende ei melding, så kan eg fortelje om linja di allereie er testa, eller om den er interessant å teste! 🙂