Ole Eriksson Myklebust (1520)

Ole Eriksson Myklebust (ca. 1520-?) var truleg brukar på Lauritsgarden på Myklebust i Follestaddalen. Myklebust er ein gammal og viktig gard i Ørsta. Det er ikkje mykje kjent om Ole, men han blei nemnd i eit brev om noko Follestadgods som Nils Jyde hadde fått tilbake til Follestad-ætta. Konas mann ønska å ta del i fedrane sine gods, og fekk til slutt halvparten. Oluf Eriksøn på Myklebostad var vitne saman med Syuor (Sjur) Knutsson på Follestad og Ingeborg Olufsdotter. Dei stadfesta at dei i 1574 ved Sanct Mikaels tid hadde høyrt korleis syskena hadde omtalt kvarandre og deira felles jordegods. Dette vitnesbyrdet vert også stadfesta av vitner 17. august 1578. Ein kjenner berre til sonen Erik, som overtok garden. (Kjelder: Myklebust: Ørsta s. 226-227 og Dale: Ørstingar I: 346-347)

TESTA RESULTAT

NamnGardFøddOmrådeSplitKit noHaplogruppeSiste SNPMarkørar
Ole ErikssonMyklebust1520ØrstaNils Pedersson Sørheim (1720)275994I1I-Y22014700
Ole ErikssonMyklebust1520ØrstaJon Pedersson Sørheim (1728)N179617I1I-Y22014700
Ole ErikssonMyklebust1520ØrstaNils Pedersson Sørheim (1720)510299I1I-Y22014111
Denne profilen er testa med Big Y. Trykk på Family Tree DNA-logoen for Family Tree DNA sitt interaktive Time Tree for akkurat denne linja.

Kartet under viser kvar denne personen budde eller vart fødd. Grøn markør grøn markør viser at linja til personen ikkje er testa enno, men kan testast. Blå markør blå markør viser at den er testa. Ved å zoome ut kartet ser du om der er andre linjer i nærleiken.

RELATERTE ARTIKLAR

  • Ørsta-linjer med store forgreiningar

    Nokre gongar kjem ein over såkalla clusters. Samlingar av testar som har treff med kvarandre før dei skriftlege kjeldene, og som kan gje oss ein indikasjon om større slekter som slo seg ned på fleire gardar i området. Dette er ein slik cluster. Ein flott illustrasjon av David Widerberg Howden (2022). Sidan då har treet…

    Les meir