Ørsta-linjer med store forgreiningar

Nokre gongar kjem ein over såkalla clusters. Samlingar av testar som har treff med kvarandre før dei skriftlege kjeldene, og som kan gje oss ein indikasjon om større slekter som slo seg ned på fleire gardar i området. Dette er ein slik cluster.

Gammal norsk grein

Illustrasjon av David Widerberg Howden (2022)

Ein flott illustrasjon av David Widerberg Howden (2022). Sidan då har treet blitt større og tidsrammene endra seg noko.

Det er litt vanskeleg å seie heilt sikkert kor lenge denne linja har vore i Noreg. Men det er ikkje utruleg om den har vore her i minst 2300 år. Haplogruppe I1 er ei vanleg norsk haplogruppe, og særskild på Austlandet – og desse kom gjerne i ulike bølger frå Sverige. Denne må nok ha kome ganske tidleg til Noreg. Vi byrjar i sagaen kring 126 e.kr. då ein gut vart fødd med mutasjonen I-Y17610, og som alle hans søner og deira søner arva heilt til i dag. Truleg var han norsk, og i so fall var han frå Austlandet ein stad – sannsynlegvis innlandet. Vi kallar han Yngve. Han fekk ei stor ettergrein etter seg som sprer seg til heile landet, dei britiske øyene og Grønland!

Til Sunnmøre i to bølger

Der er to greiner på Sunnmøre etter Yngve. Men desse har truleg kome i to ulike bølger, og ikkje visst om kvarandre. Den eine greina har ein mutasjon som har oppstått like etter Yngve – kanskje til og med ved sonen hans, og denne heiter I-Y17397, og vi kallar denne guten for Olav. Om dette var sonen til Yngve, må Olav også hatt ein bror sidan den andre greina ikkje har Olavs mutasjon, så denne broren kallar me Ivar.

Annonse

Ivars grein

Vi byrjar med Ivar si grein. Ikkje eit tilfeldig namn, sidan dette faktisk er sjølvaste Ivar Aasen si farslinje. Og det er ei spennande grein med mykje sunnmørshistorie. Før dette kan det verke som den har kome frå innlandet ein stad, kanskje Vågå, sidan ein del av treffa ser ut til å vere derfrå. Denne greina har truleg kome til Sunnmøre etter år 600, ei tid med mykje reising og oppsving i Noreg. Ein av testarane har sin eldste ane gjennom Gjelsten, og dermed ei skriftleg ætteliste til sjølvaste Synnes-ætta.

Ivar Aasen sin eldste ane på papiret er Ole Ingebrigtsson Ose (c1590-1658). Y-DNA-testing viser at han truleg var sonen til Ingebrigt på Sætre (1500-talet) i Ørsta. Dei delar nemleg ein felles mutasjon som har oppstått kring 1565. Det kan stemme særs godt med Ingebrigt. Ingebrigt si linje har nok kome frå kysten, sidan hans næraste treff er ein eldste ane frå Haramsøyene, og deira felles punkt er frå kring 1350. Dette viser at denne ørstalinja si tilknytning til Synnesætta nok kjem frå tidlegare enn Jon Bårdsson Synnes, som igjen kan vise oss at Synnes-linja mest truleg har vore lenger på Sunnmøre.

Olavs grein

Olav si grein har nok også kome til Vestlandet ein gong mellom 200 og 700 e.kr. Der er få mutasjonar per i dag som kan hjelpe oss med akkurat dette, men mykje tyder på at den først kom til Sogn og Fjordane. Kanskje så langt sør som Gaular, sidan fleire av treffa kjem herfrå. Kring 1408 oppstod mutasjonen I-Y22010 hos ein gut i anten Nordfjord eller Sunnfjord. Dette er greina til ein av dei eldste testbare linjene i Ørsta, greina til Olav (Ole) Eriksson Myklebust (c1520) i Follestaddalen. Og kring hans fødsel, og dermed kanskje hos han, oppstod mutasjonen I-Y22014. Denne mutasjonen er det fleire eldste anar i Volda/Ørsta som har. Om (og det er eit om) mutasjonen oppstod hos Olav Eriksson, er alle dei andre etterkommar av Olav. Desse er Ole Jonsson Skylstad (c1570) og Simon på Eidseflot (c1550?). Simon får ein son han kallar Erik, så namnet kan støtte dette. Om dette er slik kan vi setje opp følgande hypotese:

Desse resultata var moglege å få til ved at folk testa seg. Kven veit kva historie som ligg og ventar gjennom ditt DNA – kanskje du også er etterkommar av Yngve?